Streikeopptrapping råkar studentar og pasientar

Streiken held fram på Universitetet i Oslo for medlemar av Unio. Når streiken blir trappa opp på torsdag, vil det gå hardt ut over odontologistudentar som skal opp til eksamen.

STREIKEN HELD FRAM:  Unio vil trappa opp streiken på Universitetet i Oslo frå torsdag 7. juni. Då vil operasjonssjukepleiarar og anestesisjukepleiarar ved klinikken ved OD-fakultetet bli tatt ut. Biletet er frå det store streikemøtet på Blindern onsdag 29. mai.

NTL og Parat blei i helga einige med staten om ein ny  lønnsavtale, så alle deira medlemar på Universitetet i Oslo har vendt tilbake til arbeidet. Unio, som organiserer Forskarforbundet og Utdanningsforbundet på UiO, har derimot varsla opptrapping av streiken frå torsdag 7. juni.

Operasjonar blir avlyste på OD

Då vil både operasjonssjukepleiarar og anestesisjukepleiarar på klinikkane ved Det odontologiske fakultetet bli tatt ut.

– Det fører til at me ikkje kan ta andre operasjonar enn dei me må ta på grunn av fare for liv og helse, seier instituttleiar Pål Barkvoll ved Institutt for klinisk odontologi.   Og når streiken blir utvida, vil det for alvor gå utover studentane.

– Ja, nokre av dei masterstudentane som etter planen skal ha praktisk/klinisk eksamen 7. juni får ikkje tatt denne eksamenen. Ein stor del av studentane i 9. semester får heller ikkje tatt eksamen i praksis munnleg 12., 13. og 14. juni om streiken held fram. Dessutan er ein av eksaminatorane på skriftleg avgangseksamen ute i streik. Derfor blir det ingen sensur med det første, opplyser Pål Barkvoll. 

Det odontologiske fakultetet har informasjonsmøte om konsekvensane av streiken kvar dag klokka 12.00.

– Det største auditoriet vårt er alltid smekkfullt då, så alle er interesserte i å vera mest mogleg oppdatert, konstaterer Barkvoll. Dei planlagde eksamenane for masterstudentane i morgon og på onsdag vil derimot bli haldne heilt etter planen.

Redusert service på UB

Dei 34 tilsette i Universitetetbiblioteket som er i streik, arbeider i hovudsak i HumSam-biblioteket i Georg Sverdrups hus og i Realfagsbiblioteket.  I sentrum er det også tatt ut eit par bibliotekarar som driv einmannsbibliotek. Difor er både Etnografisk bibliotek og biblioteket ved Institutt for rettsinformatikk stengde.  

– Det blir tatt ut to nye bibliotekarar i streik frå HumSam-biblioteket under den moglege opptrappinga på torsdag, opplyser assisterande bibliotekdirektør Randi Rønningen til Uniforum. 

– Den største konsekvensen er redusert service fordi mange av skrankane blir stengde. I hovudsak vil alle biblioteka vera opne for studentar som skal lesa og førebu seg til eksamen, fortel ho. 

Sensuren er forseinka

Ein annan stad som har mange tilsette i streik er Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Førebels er ikkje konsekvensane svært merkbare.

– Sensuren av eksamenane blir forseinka. Elles vil skuleeksamenane går som planlagt, seier seksjonssjef Line Sletten i  Fakultetsadministrasjonen. Ho fortel også at ti studentar førebels har fått avlyst munnleg eksamen, men den blir berre utsett til seinare.

– Opptaket til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er forseinka, og det kan også opptaket til masterstudia bli, om streiken varer lenge, opplyser Sletten til Uniforum. 

Ved Universitetets senter for informasjonsteknologi er mange av dei Unio-organiserte framleis i streik.  Det har ikkje lykkast for  Uniforum å få ein kommentar frå USIT-direktør Lars Oftedal om moglege konsekvensar av streiken.

– Aukar eiga bemanning

Vektarstreiken har altså ført til at 14 av dei vektarane som er tilsett i vaktselskapet G4S er i streik.  Det har dei vore sidan fredag 1. juni kl. 20.00. – Det taklar me fint ved å auka vår eiga bemanning på dei stadene der streiken råkar hardast, det vil seia ved dei to avdelingane til Kulturhistorisk museum, Historisk museum i sentrum og  Vikingskipshuset på Bygdøy, seier avdelingsleiar Stig Rune Backsæther til Uniforum.  

Naturhistorisk museum på Tøyen brukar eigne vektarar. Derfor er ingen vektarar i streik der.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2012 15:36 - Sist endra 5. juni 2012 09:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere