Streiken stansar operasjonar på odontologi

Opptrappinga av streiken til Unio fører til stans i alle operasjonar på dei odontologiske klinikkane ved UiO.  I morgon vil fire varsla operasjonar bli avlyste.

MÅ AVLYSA OPERASJONAR: Unio-streiken fører til at instituttleiar Pål Barkvoll må avlysa operasjonar på klinikkane ved Institutt for klinisk odontologi. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Det er mellom andre operasjonssjukepleiarane og anestesisjukepleiarane ved Det odontologiske fakultetet som no er tatt ut i streik. Pasientar får dermed kansellert operasjonar dei skulle hatt på ein av dei odontologiske klinikkane. I tillegg til at Norsk sjukepleiarforbund har tatt ut nøkkelpersonell i streik, har Forskarforbundet også utvida streiken til å gjelda vitskaplege tilsette og tekniske/administrative tilsette i høgare stillingar. 

– No er rundt 240 av medlemane på UiO i streik, seier tillitsvald Torill M. Rolfsen til Uniforum. Ved Det odontologiske fakultetet er mellom andre den tidlegare leiaren av Forskarforbundet,  og noverande prodekan for forsking og forskarutdanning, Bjørn Øgaard mellom dei som no er tatt ut i streik.

Tre studentar fekk ikkje tatt avgangseksamen

Pål Barkvoll leier Institutt for klinisk odontologi, som truleg er den arbeidsplassen på UiO som merkar mest til streiken.

– Det har vore ein hektisk dag. Tre studentar fekk ikkje tatt avgangseksamenen sin i dag fordi eksaminatoren deira var tatt ut i streik. I morgon er det kandidatball for dei som er ferdige med den fem år lange tannlegeutdanninga, så difor er det ekstra surt for dei tre at dei ikkje fekk tatt  avgangseksamenen sin  i dag. Me oppfordrar dei likevel til å delta på kandidatballet, fortel han.

– Når vil dei kunna ta ny eksamen?

– Så fort streiken er over, skal me klara å få organisera ein ny eksamen for desse tre, lovar Barkvoll.

Pasientar får avlyst behandling

Når det gjeld pasientbehandlinga var det få operasjonar som stod på programmet i dag.

– Det blir langt større konsekvensar i morgon. Då har me avlyst fire operasjonar, 16 polikliniske vaksne pasientar har fått avlyst timen sin, medan 40 barn har fått avlyst timen sin på barneklinikken, opplyser Barkvoll til Uniforum. 

Instituttleiaren seier seg lei for at nokre av dei streikande har hatt dårlege opplevingar i dag.

– Nokre av dei blei skjelte ut av studentar, men då måtte me gi studentane ei lynopplæring i samfunnsfag. No trur me at dei forstår dei streikande sin situasjon betre, seier Barkvoll.

 

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. juni 2012 15:54 - Sist endret 7. juni 2012 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere