Bjørvika skrinlagt som tomt for Kulturhistorisk museum

Bjørvika er ikkje lenger noko aktuelt alternativ som tomt for eit nytt Kulturhistorisk museum. Det er klart etter at styret for museet i dag tilrådde at museet i framtida bør delast i  to mellom museumsanlegga på Bygdøy og Tullinløkka.

DELT MUSEUM: UiO-rektor Ole Petter Ottersen, styreleiar Eilif Holthe ved Kulturhistorisk museum, kunnskapsminister Kristin Halvorsen og museumsdirektør Rane Willerslev på veg inn i Vikingskipshuset 3. mai for å fortelja at vikingskipa blir verande på Bygdøy, medan resten av museet blir i sentrum. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Kulturhistorisk museum satsar på ei framtid med ei delt løysing for samlingane. Dermed blir det eit vikingtidsmuseum på Bygdøy medan hovuddelen av  dagens samlingar blir verande  i Historisk museum på Tullinløkka. Det er tilrådinga styret for Kulturhistorisk museum no sender vidare til Universitetsstyret som gjer endeleg vedtak i saka tysdag 19. juni.

Bjørvika ute av biletet

Dersom denne innstillinga blir fylgd av Universitetsstyret, vil Bjørvika vera heilt ute av biletet som ein framtidig lokaliseringsstad for eit nytt  kulturhistorisk museum.  - Ja, det er heilt klart. Jernbanen vil ta for mykje av den tomta til at det blir aktuelt å plassera eit kulturhistorisk museum der, stadfestar museumsdirektør Rane Willerslev overfor Uniforum.

Styret for Kulturhistorisk museum foreslår også at det blir etablert  ei utstillings- og formidlingsbru mellom eit vikingtidsmuseum og Norsk folkemuseum med si stavkyrkje- og mellokmaldersamling. Det skal også greiast ut vidare om det skal bli felles inngangsparti og publikumsservice  mellom dei to musea.

Ber om pengar straks

Museumsstyret understrekar samtidig kor viktig det er at det straks blir løyvd pengar til å ta vare på utsette funn frå vikingtida og til å utvida vikingskipshuset til eit tidsmessig vikingstidsmuseum. Styret ber også om at det blir løyvd pengar til lokale for mellomaldersamlinga som altså  kan vera eit bindeledd mellom vikingtid og samlingane til Norsk folkemuseum. I ettermiddag blei dei tilsette kalla inn til eit allmøte for å bli  orienterte om tilrådinga frå styret.

Glad museumsdirektør

Museumsdirektør Rane Willerslev er i kveld svært nøgd med tilrådinga frå styret for Kulturhistorisk museum.

- Ja, denne tilrådinga er eg svært glad for. Det er ein milestolpe i utviklinga av museet. Samtidig er eg også nøgd med at me tør å ta opp tanken om eit mogleg samarbeid med Norsk folkemuseum.

- Kva fylgjer får dette for dei tilsette ved Kulturhistorisk museum? 

- Om tilrådinga blir fylgd opp av Universitetsstyret, får det ingen direkte konsekvensar for dei tilsette. Eg veit at debatten rundt lokaliseringa av Kulturhistorisk museum vekkjer emosjonar hos dei tilsette, men på allmøtet i dag følte eg at styret har oppbakking frå dei tilsette for den løysinga det har valt.

- Når håpar de byggjearbeidet kan ta til?

- Så fort som mogleg. Og den internasjonale rapporten slo fast at det verste som kunne skje for lagnaden til vikingskipa og Osebergsamlinga var at ingenting blir gjort. I løpet av fem år trur eg me har kome svært langt i arbeidet med å realisera desse planane, seier Rane Willerslev til Uniforum. 

Det endelege vedtaktet blir altså gjort av Universitetsstyret ved Universitetet i Oslo tysdag 19. juni.

 

Emneord: Vikingskipshuset, Museene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2012 14:12 - Sist endra 15. juni 2012 23:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere