Biologi og molekylær biovitskap fusjonerer

Biologisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap blir truleg slått saman. Dermed kjem eit omstridd skilsmål for ni år sidan  til å enda med eit nytt samliv frå 1. januar 2013.

I 2003 kulminerte ein bitter strid med at molekylærbiologane på Biologisk institutt saman med molekylærbiologane ved det gamle Biokjemisk institutt  etter kvart blei samla i det nye Institutt for molekylær biovitskap. Det endelege vedtaket blei gjort med seks mot fem stemmer i Universitetsstyret 10. juni 2003.

I tida før var det underskriftskampanjar mot forslaget om å dela instituttet, mellom underskrivarane var biologiprofessorane Nils Christian Stenseth og Reidun Sirevåg. Også professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen uttalte seg den gongen sterkt imot ei deling av instituttet.

Tilrådd av MN-fakultetet

No er striden over, og molekylærbiologane og dei tradisjonelle biologane vil på nytt gå saman i eit felles institutt, altså Biologisk institutt. Samanslåinga er tilrådd av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, og Universitetsstyret kjem truleg til å vedta framlegget om å slå saman Biologisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap når styret får det på sitt bord tysdag 19. juni.  

Etterlyste konsekvensutgreiing

Universitetsstyret hadde også forslaget om samanslåing til handsaming i møtet den 24. april. Då blei saka utsett fordi styret etterlyste ei utgreiing om konsekvensane av ein fusjon. Den er no på plass, og Universitetsstyret kjem difor truleg til å vedta at Biologisk institutt og Institutt for molekylær biovitskap skal bli eitt felles institutt frå nyttår. Det skal også tilsetjast ein instituttleiar for det som då truleg blir det aller største instituttet på Universitetet i Oslo.

Les sakspapira til møtet i Universitetsstyret 19. juni.

Emneord: Realfag, Biologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. juni 2012 10:45 - Sist endra 13. juni 2012 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere