Rasande på Akademikarane

– Det er svært provoserande for dei streikande at Akademikarane held fram og meklar med staten 36 timar på overtid. Me fryktar at organisasjonen vil torpedera heile det solidariske lønnssystemet i offentleg sektor, seier NTL-leiar Ellen Dalen, Parat-leiar Ole Martin Nodenes og leiar for Forskarforbundet, Eivind Balsvik.

STØTTAR STREIKEN I STATEN: Utanfor Det utdanningsvitskaplege fakultetet får dei streikande støtte frå dei tilitsvalde frå NTL, Forskarforbundet og Parat: Frå venstre: Heidi Hoksnes Sørli, Ellen Dalen, Tom Thorsen, Eivind Balsvik, Espen Uleberg, Torill M. Rolfsen, Ole Martin Nodenes og Nils Petter Bergesen.

Utanfor Det utdanningsvitskaplege fakultetet på Blindern står streikevaktene og dei streikande i solsteiken. Alle er entusiastiske tilhengjarar av grunnlaget for streiken. Samtidig er dei arge på Akademikarane som enno ikkje har brote meklinga med staten, men driv og forhandlar på overtid på andre døgnet.

– Me er viss på at dei ynskjer å endra lønnssystemet i staten, slik at dei blir endå meir rom for lokale lønnsforhandlingar, og mindre blir bestemt for alle grupper i dei sentrale lønnsforhandlingane. Dei syner ingen solidaritetstanke, meiner Parat-leiar Ole Martin Nodenes.

 – Øydelegg solidaritetskjensla

Og NTL-leiar Ellen Dalen nikkar og kastar endå meir ved på bålet.

– Heile formålet med å vera medlem i ein fagforeining er at ein står langt sterkare kollektivt, enn heilt åleine. Akademikarane øydelegg all solidaritetskjensle og alle dei kollektive løysingane fagforeiningane har kjempa fram i offentleg sektor gjennom hundre år med haldninga si, meiner ho.

Alle dei tre fagforeiningsleiarane oppmodar alle dei streikande- og ikkjestreikande medlemane til å støtta kampen deira for ein betre lønnspolitikk i staten.

Slår ring om hovudtariffavtalen

– For oss er det aller viktigaste å slå ring om hovudtariffavtalen og halda fast på dei tre hovudpunkta i lønnsforhandlingane: Generelle tillegg, lokale lønnsforhandlingar og justeringsforhandlingar, understrekar dei tre fagforeiningsleiarane ved Universitetet i Oslo.

Ingen har opplevd negative reaksjonar frå dei som er blitt tatt ut i streik.

– Nei, alle er einige i streikegrunnlaget vårt som er at me skal ha same lønnsutvikling som dei tilsette i privat sektor. Dessutan skal me ha kompensasjon for det ettersleppet me har opplevd dei siste åra. Staten vil ikkje ein gong gi oss det same tilbodet som dei tilsette i privat sektor fekk, konstaterer Eivind Balsvik og Ole Martin Nodenes.

Skuffa over den raudgrøne regjeringa

NTL-leiar Ellen Dalen er svært skuffa over den raud-grøne regjeringa si haldning til krava til dei tilsette i offentleg sektor.

– Ja, det er eg, for eg hadde venta meg ei heilt anna haldning frå dei til arbeidstakarane sine. Det er faktisk heilt uforståeleg. På den andre sida viser jo dette at LO ikkje berre gjer som Arbeidarpartiet seier, men tenkjer mest på medlemane sine. Det er difor god grunn til å streika i staten for første gong på 28 år, slår ho fast.

– For lokale, kollektive lønnsforhandlingar

Nestleiar Per Egeness i Akademikarane stat let seg ikkje provosera av påstandane til dei lokale leiarane for NTL, Parat og Forskarforbundet ved UiO. Men han forklarar gjerne grunnhaldninga til organisasjonen i synet på lønnsforhandlingar.

– Me er for lokale forhandlingar, men dei skal vera kollektive. I staten er det fleire partar med forskjellige ordningar, og alt blir baka saman i ein avtale. Det leier til ein lang og kronglete avtale, fordi alle skal vera med i alt. I privat sektor forhandlar alle organisasjonane nokonlunde parallelt, men dei held seg til sine hovudsaker og avtalane vert kortare og jamt over enklare å handsama. Det går fint.  I staten vert det altså eit svært sentralisert forhandlingssystem, synest  han. 

Egeness meiner det kan bli vanskeleg når det til dømes er så mange  forskjellige oppgåver og samansetjingar av arbeidsstokken frå den eine statlege arbeidsplassen til den andre, slik at det sentrale systemet med stillingskodar og lønnssystem jamt over vert tungrodd og nær ubrukeleg lokalt.

– Ikkje den sterkaste sin rett som gjeld

– Ingeniørkodar til dømes, blir brukte forskjellig frå stad til stad. Nokre stader passar dei godt, andre stader gjer dei det ikkje. Me vil at lønnstillegg for alle grupper skal forhandlast lokalt og kollektivt, altså med den aktuelle fagforeininga som part. Eit døme på kravsom kan gjerast betre lokalt, er naudsynte lønnsopprykk for kvinner. Lokale, kollektive forhandlingar er det me går inn for. For oss er det slett ikkje den sterkaste rett som gjeld. Me vil bruka dei lokale organisasjonane på kvar arbeidsplass.

– Kva synest du om påstanden  frå NTL, Parat og Forskarforbundet om at Akademikarane er ute etter å sabotera det solidariske lønnssystemet i  offentleg sektor?

– Me er ikkje ute på noka sabotasjeferd. Eg veit ikkje kva dei meiner med å sabotera. Alle vil gjerne ha eit lønnssystem som passar medlemane deira best. Me skal ikkje tvinga vårt system på dei andre, og dei treng heller ikkje tvinga sitt på oss. Fleire system i same sektor og på same arbeidsplass går fint. Her kan me visa til  både kommunesektoren og privat sektor. Etter vår meining skal like tilfelle behandlast likt og ulike tilfelle skal behandlast ulikt, og då må systema opna for slikt òg, seier nestleiar i Akademikarane stat, Per Egeness til Uniforum.

Streikemøte på Frederikkeplassen

Akademikarane held også i dag fram med meklinga med staten. Dei andre hovudorganisasjonane i staten har varsla opptrapping av streiken frå onsdag etter pinsehelga. Den onsdagen blir det også eit stort møte for alle dei streikande og ikkje-streikande UiO-tilsette på Frederikke-plassen på Blindern. Møtet begynner klokka 11:00.

– Me håpar så mange som mogleg av dei fagorganiserte ved UiO vil ta turen dit for å høyra meir om krava våre og visa solidaritet med dei streikande, seier dei tre lokale fagforeiningstoppane Eivind Balsvik, Ellen Dalen og Ole Martin Nodenes.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalpolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. mai 2012 12:33 - Sist endra 28. mai 2012 13:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere