Kavliprisane til USA og Tyskland

Kavliprisane i astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap for 2012 gjekk til seks amerikanske og ein tysk forskar. Heile fire av prisvinnarane er kvinner.  – Gledeleg, synest kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

EI AV FIRE KVINNER: Jane X.  Luu, frå Massachusetts Institute of Technology deler Kavliprisen i astronomi. Ho er ei av dei fire kvinnelege Kavliprisvinnarane.

Foto: Vitskapsakademiet/Kavliprisane

Kavliprisen i astrofysikk er delt i tre mellom dei amerikanske forskarane David Jewitt  ved University of California i Los Angeles,  Jane X.  Luu,  Massachusetts Institute of Technology, og Michael E. Brown frå California Institute of Technology.  Dei får prisen for å ha oppdaga og skildra Kuiperbeltet og dei største delane av dette beltet, som ligg utanfor Neptuns bane i solsystemet vårt.  Dei er sett saman av is og kometane kjem derifrå. Denne forskinga har ført til store framsteg i forståinga vår av historia til planetsystemet vårt.

Nanoskalaer

Kavliprisen i nanovitskap,  går til Mildred S. Dresselhaus,  Massachusetts Instute of Technology, USA. Ho får prisen for skilnadene  i materialeigenskapar mellom nanoskala og større skalaer

Hjernen og sansane

Kavliprisen i nevrovitskap, er delt i tre mellom Cornelia Isabella Bargmann ved Rockefeller University i USA,  Windfried Denk,  Max Plank-instituttet i Tyskland, og Ann  M. Graybel ved Massachusetts Institute of Technology i USA.  Dei får prisen for å finna grunnleggjande svar på korleis hjernen mottar og reagerer på sanseoppfatningar som syn, lyd og berøring.

Namna på prisvinnarane blei kunngjort samtidig i Vitskapsakademiet i Oslo og på opninga av Verdas vitskapsfestival i New York i dag.

 – Inspirasjon for unge kvinnelege forskarar

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen gratulerer i ei pressemelding alle vinnarane med prisane, og ho synest det er flott at det er så mange kvinner mellom dei.  

– I eit akademia som framleis er dominert av menn, er det gledeleg å finna heile fire kvinner blant årets Kavliprisvinnarar. Eg håpar at dette vil vera til inspirasjon for unge kvinnelege forskarar, seier statsråd Kristin Halvorsen.

Alle prisane blir delte ut av kong Harald i Oslo konserthus den 4. september.

Les meir her: http://www.dnva.no/

Emneord: Realfag, Priser, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 31. mai 2012 15:44 - Sist endra 31. mai 2012 16:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere