Kan bli streik i vaktselskap

Frå fredag morgon kan vaktselskapet G4S, som også driv vakthald på UiO, bli tatt ut i streik. – Det er berre nokre få av dei som til dagleg arbeider ved UiO som vil streika, opplyser avdelingsleiar Stig Rune Backsæther i Vaktsentralen til Uniforum.

YS KAN UTVIDA STREIKEN: YS-organisasjonen Parat kan i morgon utvida streiken til også å gjelda  dei tilsette i vaktselskapet G4S, som har vakthaldet på UiO.Det er det same selskapet som driv med sikringskontrollen på Gardermoen.  Biletet syner dei streikande på fellesmøtet på Blindern i går.

Foto: Ola Sæther

Vaktselskapet G4S har over 60 personar på jobb ved UiO. Svært få av dei blir tatt ut i ein mogleg streik frå fredag morgon.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe vil passa på at ein eventuell streik hos vaktselskapet G4S ikkje får alvorlege konsekvensar for UiO.

- Me fylgjer også med på den varsla streiken i vaktselskapet vårt frå fredag. Det er viktig at me sikrar bygningane og eigendelane våre, seier ho i ein kommentar.

Går utover pasientar og studentar

Etter opptrappinga av konflikten i går, er 440 UiO-tilsette no i streik.

Det er Det odontologiske fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, USIT og Universitetsbiblioteket som er hardast råka av streiken ved Universitetet i Oslo.

Nye pasientar blir heller ikkje tatt inn til behandling ved klinikkane på odontologi. Tredjeårsstudentane fekk også avlyst praktisk-klinisk eksamen før pinsehelga. Om streiken trekkjer ut, vil også dei planlagde eksamenane til odontologistudentane i neste veke bli kansellerte, opplyste leiar for Institutt for klinisk odontologi, Pål Barkvoll til Uniforum rett etter at streiken tok til.

Daglege møte med dei streikande

På Universitetet i Oslo har universitetsleiinga god kontakt med dei som er i konflikt.

- Me har daglege møte med dei streikande. Der tar me opp konsekvensar av streiken og løyser praktiske utfordringar. Me drøftar også dispensasjonssøknader etter kvart som dei kjem inn. Til no har det ikkje vore mange søknader. Ved slike søknader vurderer me primært omsyn til liv og helse. Me er også opptatt av lønnsutbetalingar, IKT-system og sikring, opplyser universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 31. mai 2012 13:47 - Sist endra 31. mai 2012 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere