UiO la ut vurderingar av søkjarar på nett

I seks dagar låg dei konfidensielle vurderingane av alle dei 16 søkjarane til stillinga som ny teknisk direktør ope tilgjengelege på nettsidene til Universitetet i Oslo. Då det blei oppdaga i går formiddag, vart heile sakslista til møtet i Universitetsstyret fjerna frå nettet.

RUTINESVIKT: Rutinesvikt gjorde at vurderingane av søkjarane til stillinga som ny teknisk direktør blei gjort ope tilgjengelege på nettet. Biletet viser den første sida av vurderinga av søkjarane. (Foto: Ola Sæther)

Søkjarlista og vurderingane av dei 16 søkjarane til stillinga som ny teknisk direktør ved UiO, låg under ei heilt anna sak enn den som bar tittelen «Tilsetting av ny teknisk direktør». Den låg nemleg under saka «Sammenslåing av Biologisk institutt og Institutt for molekylær biovitenskap». Der var derimot alle papira som handla om søkjarane til stillinga som teknisk direktør tilgjengelege for Gud og kvarmann. Der kunne alle som var interesserte lesa intervjugruppa si vurdering av kvar einskild søkjar, før dei trekte den endelege konklusjonen om kven som burde tilsetjast i stillinga.

Dette er opplysningar som er unnateke frå Offentleglova fordi det er personopplysningar. Namna på søkjarane er derimot offentlege, så sant ingen av søkjarane ber om at namnet deira ikkje blir offentleggjort.  

– Prinsipielt uheldig

Uniforum har vore i kontakt med ein av dei søkjarane som ikkje fekk jobben.

– Eg er ikkje særleg glad for at vurderingane av meg som søkjar har vore tilgjengelege på nettet. Reint prinsipielt er det ikkje særleg heldig at det skjer. For andre som ikkje vil at arbeidsgjevar skal vita at dei har søkt andre jobbar, kan dette ikkje ha vore særleg greitt, seier søkjaren, som ikkje vil stå fram med namn.

– Rutinesvikt

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe seier seg lei for at dette skjedde.

– Dette er ei svikt i  rutinane våre, og det seier me oss leie for. Me jobbar kontinuerleg med å betra rutinane våre, slik at slike saker kan unngåast, seier universitesdirektør Bjørneboe.

Per E. Syvertsen er tilsett i den ledige stillinga som teknisk direktør ved UiO. Det avgjorde Universitetsstyret i går. Syvertsen har vore prosjektleiar for Lørenbanen i Kollektivtransport AS i Oslo.

 

 

 

 

Emneord: Personalpolitikk, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 25. apr. 2012 00:04 - Sist endra 25. apr. 2012 00:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere