Dermed er den første delen av målet til Universitetsstyret nådd. Tidlegare har prosjektet Internt handlingsrom (IHR) hatt som ambisjon å frigjera 50 millionar kroner frå drifta til Sentraladministrasjonen til kjerneaktivitetar som forsking og undervisning. Det har også Universitetsstyret slutta seg til. Dei 50 millionar kronene utgjer i dag 10 prosent av driftsbudsjettet til Sentraladministrasjonen.
MN-fakultetet får mest
Førebels er berre fordelinga for 2012 bestemt. Den viser at mesteparten av pengane går til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Det får om lag 2,5 millionar kroner, medan Det medisinske fakultetet får rundt 1,7 millionar og Det humanistiske fakultetet 1,565 millionar kroner. Dessutan er også Det samfunnsvitskaplege fakultetet mellom dei einingane som får overført over 1 million kroner frå denne potten.
Satsar meir på studentoppfylging
Pengane blir løyvde på vilkår av at dei brukar den ekstra potten til tiltak for auka studentoppfylging, både gjennom auka undervisningsintensitet eller ved bruk av rettleiararar. Universitetsstyret ber dei også om å setja i verk tiltak som kan gi styrkte inntekter gjennom eksternt finansierte prosjekt.
Andre tiltak skal gå til styrking av Småforsk og til å finansiera stillingar for å gi større fleksibilitet og høve til å framskunda ei utlysing av vitskaplege stillingar der den som har stillinga går av med pensjon. Reint konkret vil det seia at stillingar kan utlysast, sjølv om stillinga først blir ledig seinare.
Universitetsstyret gav universitetsdirektøren fullmakt til å setja i verk dette tiltaket.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere