NTNU best i Norden

NTNU i Trondheim har gått forbi UiO og blitt Nordens beste universitet på januarrangeringa til spanske Webometrics. Det gir NTNU ein 16. plass i Europa, 16 plassar over UiO.

SLÅR UIO: NTNU-rektor Torbjørn Digernes kan gleda seg over at NTNU slår UiO og er best i Norden på den siste rangeringa til Webometrics.

UiO er nummer tre i Norden og nummer 32 i Europa på den siste målinga frå Webometrics, som to gonger i året blir publisert av det spanske forskingsrådet. Rangeringa måler kor synleg eit universitet er på nettet og kor mange forskingsartiklar og anna relevant forsking som er tilgjengeleg på nettet.

NTNU slår både Universitetet i Helsingfors og Universitetet i Oslo denne gongen, medan det låg 59 plassar bak UiO i julimålinga. På lista over verdas beste universitet kjem Trondheimsuniversitetet på 80. plass medan UiO hamnar på 130. plass.  

Universitetet i Bergen kjem på 70. plass i Europa og på 208. plass i verda. NTNU gjer det likevel ikkje like godt som UiO gjorde det på førre måling. Då hamna UiO på 54. plass i verda og på sjetteplass i Europa, medan NTNU kom på 113. plass på verdsstatistikken.

Sveitsisk universitet best i Europa

Denne gongen hamnar Swiss Federal Institute of Tecnology, Zürich på førsteplass i Europa, tett fylgd av University of Cambridge og University of Oxford. På lista over verdas beste universitet kjem det sveitsiske universitetet på 24. plass, og det blir heller ikkje  beste ikkje-amerikanske universitet.  Den tittelen går til University of Toronto i Canada med Sao Paolo-universitetet i Brasil hakk i hæl.  Dei kjem på høvesvis 17. og 20. plass.

Harvard verdas beste

Ingen blir sikkert overraska over at førsteplassen blir halden av Harvard University, med MiT og Stanford på dei to andre medaljeplassane. Dei amerikanske universiteta tar alle plassane frå nummer 1 til og med 16.

Webometrics

* Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
* Å vera synleg på nettet reknar gruppa som ein indikator på forskings- formidlings- og undervisningskvalitet.

Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning.
Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister. Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling.

Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengelege på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskarkonferansar.

Denne gongen har Webometrics endra ein del av metodologien i høve til tidlegare. Det kan vera grunnen til dei store endringane i plasseringa til dei norske og dei andre nordiske universiteta denne gongen. 

 

 

 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2012 17:19 - Sist endra 7. feb. 2012 00:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere