God jul og godt nyttår
Uniforum vil ta juleferie frå og med fredag 23. desember og fram til 2. januar. Redaksjonen ynskjer alle lesarane våre ei god jul og eit godt nytt år.

TRADISJON: Juletreet på Universitetsplassen er tradisjonen tru på plass.
I 2012 vil Uniforum også koma ut med ti papirutgåver. Den første avisa vil koma ut 19. januar.
Me ber alle som vil ha inn stoff, debattinnlegg, kunngjeringar om doktorgrader og arrangementsmeldingar om å senda over informasjon på e-post så tidleg som mogleg.
E-postadressa vår er framleis uniforum@admin.uio.no
Og me ber dykk også om å halda fram med å senda oss tips om store og små ting som går føre seg på Universitetet i Oslo. Dei som ikkje er tilsette ved UiO, kan få gratis abonnement på Uniforum ved å senda namn og adresse til uniforum@admin.uio.no
JULESTEMNING: No er også julelysa tende på treet framfor Helga Engs hus.I bakgrunnen Georg Sverdrups hus og eit lite glimt av Farmasibygningen. (Foto:Ola Sæther)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere