– Eg er ikkje noko ombod

– UiO tar likestilling mellom kjønna på alvor. Eg skal føra vidare arbeidet med likestilling mellom kjønna, men eg skal òg sjå på situasjonen til etniske minoritetar og funksjonshemma. Eg er likevel ikkje noko ombod, seier nytilsett likestillingsrådgjevar Ella Ghosh.

SKAL TILRETTELEGGJA: Likestillingsrådgjevar Ella Ghosh skal arbeida både for likestilling mellom kjønna og tilrettelegging av arbeidssituasjonen for etniske minoritetar og funksjonshemma ved UiO.

Foto: Martin Toft

På slutten av 1980-talet arbeidde Ella Ghosh for Forskarforbundet ved UiO. Seinare har ho jobba hos Likestillings- og diskrimineringsombodet og hos Kirkens Bymisjon. No har ho vendt tilbake til institusjonen der ho også blei uteksaminert med ein hovudfagseksamen i statsvitskap.I oktober tok ho til som ny likestillingsrådgjevar for Universitetet i Oslo.

– Eg har arbeidd mykje med å få betre lovvern for utsette grupper i samfunnet, og å gi informasjon om rettar til brukarane. Det nyttar ikkje med gode lover, om dei ikkje blir fylgde opp lokalt. Denne jobben gir meg høve til å sjå korleis rettane blir praktiserte i ein stor organisasjon. Og når eg først skiftar jobb i min alder, så er det fint å jobba på eit felt der eg er spesialist, men samtidig får nye utfordringar. Difor søkte eg denne jobben, seier Ghosh til Uniforum. For henne har dette vore eit lykketreff, innser ho.

– På mange måtar kjem eg til duk og dekka bord sidan universitetet allereie har vedtatt ein handlingsplan for likestilling. Den er veldig konkret i kva tiltak som bør setjast i verk for å få endå meir likestilling både i vitskaplege og i teknisk-administrative stillingar på institusjonen. Dessutan er den forankra hos universitetsleiinga, noko som viser at universitetet meiner alvor når det har bestemt seg for å arbeida for endå meir likestilling, fortel Ella Ghosh.

Får evaluering av mentorprogrammet

I løpet av fire veker får ho på bordet ein førebels rapport som ho ser fram til å lesa.

– Då skal me ha klar første utkast til evalueringa av mentorprogrammet. Det har vore fire mentorprogram dei siste ni åra, og me trur dei har fungert godt, seier Ghosh.

Mentorprogrammet går ut på å lata ein kvinneleg postdoktor få ein røynd vitskapleg tilsett som mentor. Målet var å gi kvinnelege forskarar rettleiing og hjelp med å utvikla karrieren sin. No er nesten 25 prosent av alle professorane og 42,2 prosent av alle førsteamanuensar, kvinner.

– Talet på kvinner i vitskaplege stillingar går oppover, men samtidig er over halvparten av alle ferdige doktorar, kvinner. Mange institutt og einingar har gjort gode og grundige analysar av kvifor mange kvinner hoppar av forskarkarrieren etter doktorgraden. Utfordringane til kvinnene ligg i for få publikasjonar, for mykje obligatorisk undervisningstid og administrasjon. Dessutan blir det også ein del utsetjingar på grunn av fødslar eller omsorgsoppgåver, seier Ella Ghosh.

– Vil hindra kjønnssegregering

Ho ser også likestilling som meir enn berre å få kvinner inn i stillingar som tidlegare var mannsdominerte.

 – Likestilling er også å hindra kjønnssegregering, det vil seia at det blir så mange kvinner eller menn som dominerer på ein arbeidsplass at dei få av det andre kjønnet rømmer unna. Når det er eit svært stort fleirtal av eitt kjønn på ein arbeidsplass eller i eit fagmiljø, blir det vanskeleg å rekruttera folk frå det andre kjønnet. Universitetet har lenge arbeidd for å få ein betre kjønnsbalanse mellom studentar og tilsette på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, men dette er også eit aktuelt spørsmål på fag der kvinnene er i fleirtal.

Skal kartleggja situasjonen til minoritetar

Ella Ghosh skal ikkje berre jobba med likestilling mellom kjønna, men også sjå på arbeidssituasjonen til etniske minoritetar og funksjonshemma på universitetet. Ho har registrert at det er eit stort etnisk mangfald på UiO.

– Dei tilsette på Universitetet i Oslo er i høgste grad opne overfor folk med bakgrunn frå utanlandske universitet og andre kulturar. Oppgåva mi blir å sjå til at dei får gode arbeidsforhold og at dei ikkje blir sette på sidelinja berre fordi dei skil seg ut. Det finst eigentleg ikkje eit godt nok oversyn over korleis det står til med dei og korleis det går med dei på dei ulike arbeidsplassane på universitetet, så ei av oppgåvene mine bli å kartleggja dette.

– Det er ikkje tillate å registrera folk på grunnlag av etnisk opphav, så difor må eg finna andre måtar å kartleggja dette på. Eg vil sjå til at personalpolitikken vår ikkje diskriminerer folk på grunn av den religiøse bakgrunnen deira, seier ho.

– Funksjonshemma må få tilrettelegging

Ghosh veit om fleire funksjonshemma med høg universitetsutdanning som ikkje får jobb etter avslutta studium.

– Det er synd både for dei og samfunnet at dei ikkje blir rekrutterte inn i dei stillingane dei er kvalifiserte for. Oppgåva mi blir å sjå til at UiO som arbeidsgjevar legg til rette for at folk som har ei funksjonshemming, får tilgang til dei hjelpemidla som vil få dei til å fungera godt på ein arbeidsplass. Og folk som etter kvart ser eller høyrer dårlegare, må våga å seia at eg er funksjonshemma, og difor treng eg tilrettelegging, understrekar ho.

Den nye likestillingsrådgjevaren har dessutan irritert seg over ein annan uvane hos mange førelesarar og foredragshaldarar.

– Ofte spør ein foredragshaldar publikum om det er greitt om dei let vera å bruka mikrofonen. Som regel svarar dei fleste ja, utan å ta omsyn til at det mellom dei truleg sit ein eller to personar med ei høyrselshemming. Dess større forsamlingar, dess meir truleg er det at det finst fleire av dei. Difor bør det vera obligatorisk for alle å bruka mikrofon når dei held foredrag, meiner Ghosh.

– Ikkje noko ombod

Sjølv om oppgåva hennar er å arbeida med likestilling både mellom kjønn, etniske grupper og folk med funksjonshemmingar, så slår ho fast at ho er ein del av arbeidsgjevarsida ved Universitetet i Oslo.

– Eg er altså ikkje i ei uavhengig ombodsstilling, som kan handsama klager på brot på lovene om likestilling og lovene som skal hindra diskriminering. Jobben min er å vera rådgjevar for universitetsleiinga i desse spørsmåla, men eg kan sjølvsagt setja folk som klagar i kontakt med dei som kan behandla klaga deira, understrekar ho.

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Likestilling, Personalbehandling/politikk, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2011 13:02 - Sist endra 31. okt. 2011 13:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere