Debatterer fundamentet for vitskapen

Ikkje noko mindre enn legitimiteten til vitskapen er tema for den to dagar lange konferansen som opna i Aulaen onsdag. – For å kunne lite på vitskapen må ein lære om vitskap, konkluderte ordstyrar Erik Tunstad då første dag var omme.

VITSKAP INTERESSERER: Aulaen var nest fullpakka då det i går blei invitert til debatt om legitimiteten til vitskapen.

Foto: Ola Sæther

Konferansetittelen “Kan vi stole på vitenskap?” er fundamentalt for alle aktørar i eit samfunn som vårt. Korleis kan vi vurdere forskingsresultat opp mot kvarandre, og kor mykje kunnskap er tilstrekkeleg for å handle? Forskingsminister Tora Aasland valde å nytte eit døme frå psykiatrihistoria då ho innleia konferansen. Lobotomi har gått frå å vere ei drastisk, men standardisert og vitskapleg basert behandlingsform, til å hamne i total miskreditt som eit overgrep mot uskuldige.

– Det seier noko om vitskapens eigenart, og om kor vanskeleg det er å vurdere kva som er det rette å gjere, sa ho, og la til at vitskap representerer ei stor utfordring fordi han er kjenneteikna av spørsmål og tvil, samstundes som han gjer krav på fullstendig autoritet når semje først er oppnådd.

Elevar frå Elvebakken, Nadderud, Persbråten og Lambertseter vidaregåande skular var inviterte til å stille spørsmål til forskingsministeren og til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Dei gjekk grundig til verks og forlangte svar på spørsmål om kva plass vitskapen eigentleg har i politikken, og korleis ein kan unngå misbruk av vitskapen.

Medan første dag av konferansen handla om vitskapen sin plass i politikk og i media, er torsdagen vigd til sjølve den vitskaplege prosessen, fagfellevurdering, og eigenskapar ved forskarsamfunnet som kan få konsekvensar for vitskapen som blir produsert. Konferansen, som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet, UiO og Vitskapsakademiet, blir sendt direkte via nett-TV på departementet sine nettsider.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 9. nov. 2011 23:42 - Sist endra 9. nov. 2011 23:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere