Vil ikkje øyremerkja driftsmidlar til aktive forskarar

UiO støttar ikkje ei kanalisering av driftsmidlar til dei mest aktive forskarane på universiteta og høgskulane. Derimot synest universitetet at framlegget om ein open forskingsarena bør vurderast å utvikla vidare. Det går fram av høyringsteksten frå UiO til Fagerbergsutvalet si utgreiing om framtidas forskingsfinansiering.

KONTROVERSIELT: Framlegget frå fleirtalet i Fagerbergutvalet om å øyremerkja driftsmidlar til aktive forskarar, får motbør frå UiO. Her tar forskingsminister Tora Aasland imot rapporten ”Et åpnere forskningssystem” frå utvalsleiar Jan Fagerberg 2. mai i år.

 

Foto: Ola Sæther

Det var 2. mai i år Fagerbergutvalet la fram rapporten sin ”Et åpnere forskningssystem”. Eit av dei mest kontroversielle forslaga var at fleirtalet i utvalet meinte at dei forskarane som publiserer lite eller ingenting i løpet av ein fireårsperiode, bør får redusert den delen av arbeidstida som er øyremerkt forsking.

Samtidig ville det same fleirtalet i utvalet at dei mest aktive forskarane bør få naudsynte midlar til forskinga si direkte frå universiteta og høgskulane. Den gongen grunngav utvalsleiar, økonomiprofessor Jan Fagerberg forslaget med at mellom 10 og 20 prosent av forskarane produserer rundt halvparten av alle publikasjonspoenga.

Avviser Forskarfunn

Universitetet i Oslo avviser kontant forslaget om å oppretta eit slikt Forskarfunn, som ordninga blir kalla, fordi det meiner at det grip inn i sjølvstendet til institusjonen og dessutan fordi det vil vera teknisk vanskeleg å gjennomføra på en ubyråkratisk og treffsikker måte.

I høyringsteksten går det fram at UiO meiner at i staden for å bruka ei løyving på 140 millionar kroner til Forskarfunn, bør pengane heller kanaliserast til posten for frie prosjekt (FRIPRO) eller til potten for resultatbasert omfordeling (RBO).

Meir open konkurransearena

I høyringsteksten omfamnar UiO derimot forslaget om å etablera ein open konkurransearena for forskingsprosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til. Men det peikar på at den ikkje berre bør avgrensast til grunnforsking, men også inkludera prosjekt som kombinerer grunnforsking og bruksretta forsking.

Universitetet i Oslo ynskjer også at prinsippet om meir opne utlysingar bør brukast også innanfor dei tematiske og strategiske satsingane. Avgrensingane i dei eksisterande programma er i dag ofte for stramme, meiner UiO, og konstaterer at dette hindrar fleire forskarar i å søkja.

Tendensiøs framstilling

Forslaget om at helseføretaka må dela forskingsbudsjetta sine med universiteta og høgskulane, får det glatte lag frå UiO. Det meiner at finansieringa av forsking i helsesektoren blir gitt ei tendensiøs framstilling i rapporten frå Fagerbergutvalet fordi den ikkje godtar helseføretaka som verksemder som er heilt avhengige av eigne investeringar i forsking og utvikling (FoU) for å kunna løysa kjerneoppgåvene sine på ein god måte.

Det blir spesielt trekt fram den rolla forsking har for kvalitetssikring av pasientbehandling, utdanning av helsepersonell og pasientopplæring.

Støttar forskingsbarometer

Forslaget om å oppretta eit eige forskingsbarometer får støtte frå UiO, men universitetet understrekar at det bør konsoliderast med Kunnskapsdepartementet sitt eige forskingsbarometer og indikatorrapporten. Eit nasjonalt forskingsbarometer bør dessutan leggja til rette for internasjonal samanlikning, går det fram av høyringsteksten.

UiO rår også til at det blir brukt eksisterande data frå publiseringsdatabasen CRISTIN som eit alternativ til framlegget som blir presentert i rapporten til Fagerbergutvalet.

Nye postdoktorstillingar best for rekrutteringa

Til liks med Fagerbergutvalet ynskjer også UiO ein langsiktig auke i talet på doktorgradar, men det meiner ikkje behovet er så akutt som utvalet framstiller det som. Universitetsleiinga med rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i brodden, meiner at talet på kandidatar bør aukast, men at det bør skje innanfor ein langsiktig strategi.

Universitetsleiinga understrekar dessutan behovet for å utvikla ein betre balanse mellom talet på doktorgradsstudentar, mellombelse forskarstillingar og fast vitskaplege tilsette. For at det skal kunna gjerast, må institusjonane ha høve til å rekruttera og halda fast på dei beste forskarrekruttane. Det beste måten å gjera det på, er å auka talet på postdoktorstillingar, slår UiO fast.

Meir pengar til resultatbasert omfordeling

Fagerbergutvalet foreslår å auka ramma for resultatbasert omfordeling (RBO). Dette forslaget er i samsvar med tidlegare innspel frå Universitets- og høgskulerådet, og får full støtte frå UiO. I dag fører produktivitetsauken på universiteta og høgskulane kombinert med ei ramme som ikkje har endra seg, til at det skjer ei ganske stor devaluering av utteljinga for dei fire indikatorane som blir målte.

Det svekkjer gulroteffekten i ordninga og skaper stor frustrasjon i forskingsmiljøa. Legitimiteten til ordninga med resultatbasert omfordeling (RBO) er difor avhengig av eit løft, slår UiO fast i høyringsteksten til rapporten frå Fagerbergutvalet.

Etter at alle høyringstekstane no er komne inn, skal forskingsminister Tora Aasland gå gjennom innspela, og bruka dei som ein del av grunnlaget for den forskingsmeldinga som skal liggja på bordet hennar i 2013.

 

 

Emneord: Økonomi, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2011 15:33 - Sist endra 24. okt. 2011 15:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere