Noreg skal vera verdsleiande i havforsking

Regjeringa lanserer Hav21, ein strategi for at Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvalting, melder Fiskeri- og kystdepartementet.

SKATTEKISTE: - Havområda våre er ei skattekiste. Forsking er nøkkelen til å få opp potensialet som ligg der, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho lanserte strategien Hav21 i går. Biletet er frå Reine i Lofoten.

Foto: Martin Toft

- Noreg er eit havland, og vi er gode på marin forsking. Men vi skal bli endå betre. Difor startar vi Hav21, ein strategi for at Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvaltning.

Det sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho tysdag lanserte starten av arbeidet med strategien under Havdagen i Oslo.

- Havet vårt har et enormt potensial og spelar ei nøkkelrolle for alt frå framtidig tilgang til trygg og sunn mat, fornybar energi, helse og velferd og endringar i miljøet nasjonalt og internasjonalt. Samtidig er det uutforska moglegheiter i havet som kan bli særs viktige gjennom blant anna marin bioprospektering, sa Berg-Hansen.

Berekraft og verdiskaping

Men havområda våre omfattar også unike område som er viktige å verne, og som blir utsette for press. Berekrafta til hav- og kystområda blir utfordra. Miljø- og klimaendringar og auka utnytting av hav- og kystområda forsterkar behovet for kunnskap.

- Havområda våre er ei skattekiste. Forsking er nøkkelen til å få opp potensialet som ligg der. Strategien Hav21 skal teikne opp korleis Noreg bør innrette den samla marine forskingsinnsatsen for å fremje både berekraft og framtidig verdiskaping med utgangspunkt i ressursane i havet, sa fiskeri- og kystministeren.

Styringsgruppe

Hav21 vil få ei ekstern styringsgruppe der representantar frå næring, forvaltning og kunnskapsmiljø skal delta.Styringsgruppa får i oppgåve å utarbeide ein rapport med tilrådingar til departementa. Gruppa vil bli leia av Liv Monica Stubholt.

Forskingsrådet skal vere sekretariat for arbeidet.

Emneord: Forskningspolitikk, Internasjonalisering
Publisert 12. okt. 2011 16:05 - Sist endra 12. okt. 2011 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere