Vann Oslo by sin arkitekturpris

Lund Hagem Arkitekter er tildelt Oslo by sin arkitekturpris for Ole-Johan Dahls hus, altså den nye informatikkbygningen til UiO i Gaustadbekkdalen. 

ARKITEKTURPRIS: Lund Hagem Arkitekter får Oslo by sin arkitekturpris for Ole-Johan Dahls hus, den nye informatikkbygningen i Gaustadbekkdalen.

Foto: Ola Sæther

Tekniske data om Ole-Johan Dahls hus:

Byggherre: Statsbygg for Kunnskapsdepartementet/UiO

Tatt i bruk av Institutt for informatikk i januar 2011

Arkitekt: Lund Hagem Arkitekter.

Interiørarkitekt: ZINC AS

Areal: 28 250 kvadratmeter

Byggjesum: 1 milliard kroner

Byggjestart: grunnarbeida starta i 2006

Inneheld 300 kontorplassar og 2400 studentplassar totalt.

Offisiell opning: UiOs 200-årsdag, 2. september 2011

Ole-Johan Dahl: Informatikkprofessor ved UiO, som saman med kollegaen Kristen Nygaard blei tildelt Turingprisen for 2001. Fekk prisen for utviklinga av det objektorienterte programmeringsspråket Simula. Den gamle informatikkbygningen heiter no Kristen Nygaards hus.

 

 

– Det var kjempehyggeleg at me vann, seier Helga Sagsveen som er konstituert teknisk direktør ved Universitetet i Oslo. Etter nyttår blei Ole-Johan Dahls hus tatt i bruk av Institutt for informatikk ved UiO. 

I grunngjevinga til juryen heiter det at den nye Informatikkbygningen er eit svært godt svar på ei kompleks oppgåve, der både byplangrep, arkitektur og uteanlegg  blir tatt vare på slik at det gir eit prosjekt med høg integritet og klart særpreg, går det fram av nettsidene til Oslo kommune..

Den 2. september blei bygningen offisielt opna av forskingsminister Tora Aasland..Då la ho ikkje skjul på at ho var imponert over det nye informatikktempelet i Gaustadbekkdalen.

– Ole-Johan Dahls hus opnar store framtidsutsikter for både studentar og forskarar. Det ligg sentralt plassert mellom Kristen Nygaards hus og SINTEF MinLab. For meg er det fint å sjå resultatet av den endelege avgjerda frå 2005 om å setja i gang bygging av Ole Johan Dahls hus, slo Aasland fast.

 

Emneord: Priser, Informatikk, Kultur Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2011 12:25 - Sist endra 19. okt. 2011 13:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere