Universitetslektorar får ikkje søkja om forskingstermin

Dei som er tilsette i universitetslektorstillingar ved Det humanistiske fakultetet, får ikkje rett til å søkja om forskingstermin. Det vedtok fakultetsstyret for kort tid sidan. Leiar for Forskarforbundet ved UiO, Eivind Balsvik er lei seg over vedtaket.

FOR DÅRLEG DOKUMENTASJON: Leiar for Forskarforbundet ved UiO, Eivind Balsvik tykkjer at dokumentasjonen for at retten til å søkja om forskingstermin blei tatt frå universitetslektorane i 2005, er altfor dårleg.

Foto: Ola Sæther

Filosofiprofessorane Øyvind Rabbås og Tove Pettersen gjekk i Uniforum i førre månad hardt ut mot framlegget frå fakultetsleiinga ved HF om å ta retten til å søkja om forskingstermin frå alle dei som opphavleg blei tilsette som universitetslektorar. Skilnaden mellom dei og dei som er tilsette i førstestillingar er i hovudsak at universitetslektorane har ei undervisningsplikt på 75 prosent av arbeidstida, medan dei som er tilsette i førstestillingar, berre treng undervisa i 47 prosent av arbeidstida si.

Vekte raseri

Forslaget vekte raseri hos filosofiprofessorane Tove Pettersen og Øyvind Rabbås.

– Dette viser at me sit i pariastillingar, og det vil bli totalt øydeleggjande for heile arbeidsmiljøet om me får eit A- og B-lag av forskarar, der berre A-laget får rett til å søkja om forskingstermin. Å skjerpa kravet om forskingsresultat i fagfellevurderte publikasjonar er me einige i, men det bør då gjelda for begge grupper, ikkje berre dei som først blei tilsette som universitetslektorar, meinte Rabbås og Pettersen. I den same artikkelen stod derimot dekan Trine Syvertsen på sitt og forsvarte forslaget.

– Tilsette i lektorstillingar har som sagt ikkje forskingsplikt, og det er difor vanskeleg å snakka om A- og B-lag. Me har ei relativt stor lektorgruppe på HF, og tilset fleire for å redusera bruken av tidsavgrensa jobbar i undervisningsstillingar. Eg er klar over at enkelte lektorar har fått godkjent forskingstermin, men dette er altså ikkje ein rett som står i regelverket, sa Syvertsen til Uniforum.

Skal greia ut den faglege utviklinga

I det endelege vedtaket frå fakultetsstyret fekk altså fakultetsleiinga medhald, men i siste delen av vedtaket opnar dei for at noko må gjerast med situasjonen til universitetslektorane. Der står det at fakultetsstyret bed fakultetsleiinga koma tilbake med ei sak om korleis høvet lektorane har til fagleg utvikling, skal takast vare på.

Skuffande

– Avgjerda var svært skuffande for alle oss som blei tilsette i universitetslektorstilling. Fakultetsleiinga klarer heller ikkje å gi meg nokon rasjonell grunn for kvifor den stillingskategorien du blei tilsett i, åleine skal avgjera om du får rett til å søkja om forskingstermin eller ikkje, uavhengig av om du seinare forskar eller ikkje, seier Øyvind Rabbås til Uniforum. Han er ein av dei åtte som sit i lektorstilling ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK).

Leiar for Forskarforbundet ved UiO, Eivind Balsvik er lei seg over vedtaket. Han synest det er ei mager trøyst at det også blei vedtatt å greia ut nærmare korleis den faglege utviklinga til universitetslektorane best skal takast vare på.

– Den utgreiinga burde ha lege på bordet før dei skulle avgjera endeleg om universitetslektorane skulle mista retten til å søkja om forskingstermin, meiner han. Balsvik tykkjer dessutan at dokumentasjonen for at denne retten til å søkja blei tatt frå universitetslektorane i 2005, er altfor dårleg. – Derimot finst det solid dokumentasjon for at dei fekk rett til å søkja om forskingstermin i eit fakultetsstyrevedtak frå 1993. Uansett kva som blei vedtatt i 2005, blei det i alle fall ikkje kunngjort godt nok til dei tilsette ved fakultetet, tykkjer Balsvik.

Måndag 17. oktober vil Forskarforbundet, NTL, Parat og Akademikarane ha eit møte med fakultetsleiinga på HF der dei ber om svar på nokre av spørsmåla dei stiller seg etter vedtaket i fakultetsstyret.

– Då håpar me at me får klare svar på dei uklare sidene ved dette vedtaket, seier Balsvik.

– Viktig med klart regelverk

HF-dekan Trine Syvertsen forsvarar vedtaket og forklarar gjerne kvifor fakultetet insisterer på at universitetslektorar ikkje skal få søkja om forskingstermin, medan dei som er tilsette i førstestillingar kan gjera det.

– Forklaringa er at dei er tilsette i ulike typar stillingar. Nokre er tilsette i kombinerte stillingar med undervisnings- og forskingsplikt, medan dei som er tilsette i lektorstillingar, ikkje har forskingsplikt. Dei har i staden ein større del undervisning i sine stillingar, svarar Syvertsen i ein e-post til Uniforum.

Universitetslektor = tilsett som universitetslektor med 75 prosent undervisning 15 prosent fagleg utvikling og 10 prosent administrasjon

Førstestilling =  tilsett som førsteamanuensis eller professor med 47 prosent undervisning og 53 prosent forsking

Dette er saka:

Alle som er tilsette i førstestillingar ved HF får rett til å søkja om forskingstermin, medan dei som er tilsette som universitetslektorar ikkje får ha den retten. Blei stadfesta av fakultetsstyret ved HF fredag 30. september.

Kjelde: HF

 

– Kva var den viktigaste grunnen til at det var naudsynt å presisera at lektorane ikkje har rett til å søkja om forskingstermin?

– Det er viktig at regelverket er klart og tydeleg. Tilsette i lektorstillingar har heller ikkje tidlegare hatt ein formell rett til å søkja om forskingstermin, men fleire har meint at regelverket ikkje var tydeleg nok på dette punktet.

– Fakultetet vil no greia ut på kva måte det skal ta vare på sjansane lektorane har til fagleg utvikling. Når skal det skje og på kva måte meiner du det kan skje?

– Me har behov for innovasjon på undervisningssida. Her er me allereie i gang med å planleggja eit tilbod til nytilsette i lektorstillingar. Samtidig er det viktig å anerkjenna at tilsette i lektorstillingar har ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver. Me må ha ein dialog med institutta om dette. Me vurderer også å setja ned ei arbeidsgruppe som kan sjå meir heilskapleg på lektorane sine høve til fagleg utvikling.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 11. okt. 2011 14:37 - Sist endra 12. okt. 2011 00:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere