Rekordhøg deltaking på Fagleg-pedagogisk dag

Over 1700 lærarar frå heile Austlandet deltok på Fagleg-pedagogisk dag på Universitetet i Oslo i dag. – Det er ny rekord i høve til dei siste åra, så det er me kjempenøgde med, seier Anders Lundell i arrangørstaben for Fagleg-pedaggogisk dag.

PÅ SKULEBENKEN: Lærarar frå heile Austlandet var på skulebenken igjen på Fagleg-pedagogisk dag på Universitetet i Oslo.

Foto: Martin Toft

I 25 år har Universitetet i Oslo arrangert Fagleg-pedagogisk dag. Det er sjeldan at så mange som 1700 lærarar finn vegen til Blindern. Det er første gong arrangementet er om hausten, og det er første gong det er lagt til same dag som Operasjon Dagsverk. Dermed har skuleelevane fri, og lærarane er frie til å dra på Fagleg-pedagogisk dag.

Mange av forelesingane var fulle for fleire dagar sidan mellom dei foredraget til Jonas Bakken om elevforedraget og retorikken. Då me stakk innom førsteamanuensis i psykologi, Nora Sveaas sin forelesing om menneskerettar på timeplanen, måtte fleire av dei frammøtte stå. Ho avslutta med ei oppmoding om at den beste utgangen for diktatorar er å bli arresterte og dømde i ein straffedomstol, i staden for at dei blir brutalt avretta, som Saadam Hussein i Irak, eller drepen rett etter pågripinga, som Muammar Gadaffi i Libya.  

Feiltolking av meiningsmålingar

Auditoriet blei overtatt av professor i statsvitskap, Ottar Hellevik like etterpå, og lokalet blei fort fylt opp. Det var mange som ville høyra om korleis meiningsmålingar blir feiltolka i media. Han viste blant anna korleis ein risiko på under ein promille for å få hudkreft om du tar solarium, var blitt til 55 prosent auka risiko då det blei eit stort oppslag i Aftenposten om det. Eit anna døme frå same avis var nyhendet om at ein av fire av elevane på toppidrettsgymnasa hadde vektproblem, altså at dei blei for tynne. Det avisa ikkje tok med, var at to av fire elevar frå vanlege gymnas hadde det same problemet. Altså var det mindre fare for å få anorexia om du gjekk på eit toppidrettsgymnas, enn på eit vanleg gymnas.

Finanskrise og jordskjelv i Japan

Dei som hadde vore så lure å melda seg på på førehand, kunne gå rett frå dette foredraget over til den hyperaktuelle og fullteikna forelesinga til økonomiprofessor Steinar Holden: ”Fra finanskrise til gjeldskrise”. Andre aktuelle tema var ei orientering om kva som eigentleg skjedde under jordskjelvet i Japan i mars i år. For dei som er opptatt av religiøse spørsmål var det mogleg å høyra universitetslektor John Mc Nicholl fortelja om kristninga av Norden. Norsklærarar kunne høyra Jon Haarberg sitt foredrag om Petter Dass.

Menneske og datamaskiner

Ein handfull naturfaglærarar tok turen til Ole-Johan Dahls hus for å høyra førsteamanuensis Jo Herstad gi ei oppdatering og ein demonstrasjon av den aller nyaste teknologien som prøver å skapa eit samspel mellom menneske og datamaskiner. Han viste først fram utviklinga av notatblokka.

MAGISK PENN: Jo Herstad demonstrerer pennen og skriveblokka som samtidig tar opp lyd.

– Her har eg ei journalistblokk og ein penn. Så kan eg skriva velkommen og laga ei teikning. Alt blir verande på blokka. No tar eg denne skriveblokka og denne pennen, og gjer det same. Eg skriv velkommen og lagar ei teikning av eit menneske, seier han. Deretter slår han pennen i blokka på ny, og då kjem det eit lydopptak av det han nettopp gjorde.

– Dette er med og forandrar kvardagen vår, konstaterer han, og viser eit kort videoklipp med ei lita jente som febrilsk prøver å få vekebladsidene til å bevega seg, gjennom å føra handa over førstesida. Ingenting skjer. – Truleg er ho van med Ipaden til foreldra sine, trur Herstad.  

Etterpå overtar masterstudentane Stian Kilaas og Moquan Chen podiet. Dei vil visa korleis dei skal motivera ungdommar til å røra på kroppen gjennom å styra dataspel med kroppsrørsler. Så svingar Stian Kilaas armane i veret og sparkar ut i lufta. Den same rørsla skjer på den store skjermen.

MOTIVASJON FOR RØRSLE: Masterstudentane Moquan Chen og Stian Kilaas demonstrerer korleis dei vil motivera ungdommar til å røra seg gjennom å visa dei korleis dei kan styra eit dataspel gjennom kroppsrørsler.

Heilt til slutt demonstrerer Jo Herset korleis eit selskap i USA har utvikla eit berøringskamera som gjer det mogleg å få tastaturet til ein mobiltelefon til å syna direkte på handflata eller armen.  Så kan du med fingeren din trykka på tastane og få mobiltelefonen eller datamaskina til å gjera det du vil.  I framtida kan du altså kanskje bli di eiga datamaskin.

 

 

 

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Faglig-pedagogisk dag Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 27. okt. 2011 17:01 - Sist endra 28. okt. 2011 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere