Ingen pengar til nytt veksthus på statsbudsjettet

Heller ikkje i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2012 er det sett av pengar til bygging av nytt veksthus på Tøyen. - Me har stort håp om at det vil koma ei løyving til nytt veksthus i revidert budsjett til våren, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

INGEN PENGEGÅVER: Det var ingen store pengegåver frå regjeringa til UiO i framlegget til statsbudsjett for 2012. Det kunne både rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Inga Bostad konstatera i Stortinget i formiddag.

Foto: Ola Sæther

Dei 80 milliardar kronene som no står i Forskingsfondet skal no førast rett tilbake til statskassen. I staden skal eg som statsråd gjera det eg kan for at forskinga skal få auka dei årlege løvyingane sine, og dei skal også vera lønns- og prisjusterte, seier forskingsminister Tora Aasland. Ho trur ikkje det er nokon fare for at ei eventuell blå regjering i framtida vil våga å fjerna ein slik budsjettpost.

- Etter dei kritiske kommentarane me har høyrt frå stortingsrepresentantane Jan Tore Sanner og Trine Skei Grande då det blei kjent at Forskingsfondet skulle leggjast ned, er det svært lite sannsynleg at dei vil gjera noko som fører til mindre pengar til forsking, trur ho.

Avkastninga frå Forskingsfondet blir bestemt av rentenivået. Avkastninga av innskot som får ny rente i 2012, vil med dagens rente gå ned med over 650 millionar kroner. - Me kan ikkje lata rentenivået bestemma kor mykje me skal investera i forskaing, seier statsråd Tora Aasland i ei pressemelding.

 - Sårbar for politiske konjunkturar

Det er likevel framlegget frå regjeringa om å leggja ned Forskingsfondet UiO-rektor Ole Petter Ottersen først grip tak i når han kommenterer budsjettframlegget.

- Ved å leggja ned Forskingsfondet blir forskingsfinansieringa sårbar for politiske konjunkturar. No treng me tverrpolitisk semje om kva veg norsk forsking skal gå. Me må få ein forpliktande opptrappingsplan som kan erstatta det langsiktige perspektivet som Forskingsfondet representerer, meiner Ottersen.

- Må få opp augo

I ei pressemelding peikar han på at Noreg langt på veg har gått klar av den internasjonale økonomiske krisa og står i ei særstilling internasjonalt.
- Politikarane våre må få augo opp for det unike tidsvindauget som no er ope for oss. Noreg må ta ansvar for å bidra til den globale kunnskapsallmenningen når andre land står på bremsepedalen, seier UiO-rektoren.

Prorektor Inga Bostad fylgjer opp overfor Uniforum då me treffer henne i Stortingets vandrehall.
- Me  er også skuffa over at potten til resultatbasert omfordeling ikkje er blitt auka. Det vil seia at sjølv om alle institusjonane gjer det betre, vil dei halda fram med å kjempa om pengar frå den same potten. Dessutan er me leie oss for at det heller ikkje denne gongen er løyvd pengar til nytt veksthus i Botanisk hage på Tøyen, og heller ikkje mellombygg og naudsynt rehabilitering av musea på Tøyen, seier Bostad.

Håpar på revidert budsjett

- Difor har me stort håp om at det vil koma ei løyving både til nytt veksthus på Tøyen og til rehabilitering og vedlikehald av dagens bygningar ved Naturhistorisk museum i revidert budsjett til våren. Budsjettforslaget for 2012 bidrar ikkje til å retta opp det vedlikehaldsslepet, seier Ottersen. Begge ser likevel nokre lyspunkt i forslaget til statsbudsjett for 2012. Forslaget om å løyva 100 millionar ekstra til prosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til, er eit fint svar på utspelet frå universitetsrektorane om at me samla ville løyva 100 millionar til slike prosjekt, om regjeringa gjorde det same. Dermed blir det 200 millionar til desse prosjekta i 2012, og det er svært positivt, synest UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

71,1 milliardar kroner

Budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir totalt sett på 71,9 milliard kroner, ein auke på 1,5 milliardar kroner i 2012. 

– Me er glade for at regjeringa innanfor eit stramt budsjett har valt å prioritera fleire viktige satsingar innanfor kunnskapssektoren, seier statsrådane Kristin Halvorsen og Tora Aasland.

Begge statsrådane legg vekt på at dei har vore opptekne av å få gjennomført dei aktivitetane som allereie er sette i gang  og som har vore varsla.

– Dette har me fått gjennomslag for. Kunnskap er avgjerande for utviklinga av velferdssamfunnet og Noregs konkurranseevne, understrekar Aasland og Halvorsen.

INN FOR Å AVSLØRA INNHALDET: Finansminister SIgjbjørn Johnsen skal presentera framlegget til statsbudsjett for 2012. (Foto: Ola Sæther)

Ein del av pengane skal brukast til bygging av 1000 nye studentbustader i heile landet. Det einaste byggjeprosjektet som får ei startløyving er det nye teknologibygget ved Universitetet i Tromsø. Universiteta og høgskulane får auka løyvingane sine med 219 millionar kroner som ei fylgje av at studentane har tatt fleire studiepoeng. Regjeringa set dessutan av 85 millionar kroner til ei strategisk satsing innanfor bioteknologi.

For å føra vidare og trappa opp med nye kull for dei studieplassane som blei  tildelte i 2009 og 2011, blir løyvingane auka med 240 millionar kroner. Dette gir om lag 2 600 fleire studieplassar i 2012. Regjeringa fasar inn 19 000 nye studieplassar i perioden 2006-2016.

Språkstudentar kan gleda seg over å få meir pengar i støtte frå staten, om dei melder seg på språkkurs i Brasil, Russland, India eller Kina, dei såkalla BRIC-landa. Forslaget går ut på at det blir løyvd 1,2 millionar kroner til ei forsøksordning med rett til utdaninngsstøtte til språkopplæring i dei fire nemnde landa. Det skal  stimulera til auka studentutveksling til desse landa. Støtta kan gjevast i inntil eitt år, sjølv om opplæringa ikkje er på nivå med høgare utdanning i Noreg.

Ut med gåveforsterkingsordninga

Uniforum får også stadfesta at gåveforsterkingsordninga vil falla bort. Den gjekk ut på at dersom ein gåvmild person gav ein viss sum til eit universitet eller høgskule, ville regjeringa fylgja opp med å gi ein liknande sum.

- Grunnen til det, er at det har vore for få gjevarar. Dermed blei ikkje alle dei pengane me hadde sett av til det på statsbudsjettet, utbetalte, er forklaringa frå statsråd Tora Aasland. 

 


 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2011 11:11 - Sist endra 6. okt. 2011 17:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere