Ikkje mellom dei beste universiteta i Norden

Universitetet i Oslo har gått opp frå 186. til 181. plass på universitetsrangeringa THE World University Rankings,  som blei offentleggjort  i går. Samtidig har Universitetet i Bergen falle  frå 135. plass i fjor til 191. plass. Universitet frå dei andre nordiske landa gjer det langt betre.

BEST I NOREG: UiO er det beste norske universitetet på verdsrankinga til THE World University Rankings. . (Arkivfoto: Ola Sæther)

Foto: Ola Sæther

Det tredje norske breiddeuniversitetet NTNU er førebels plassert i feltet 251-275. plass, medan det  kom på 273. plass i fjor, melder Universitetsavisa.

– Det er gledeleg at UiO går opp fem plassar frå i fjor og plasserer seg som det beste av dei norske universiteta, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– Som eit universitet med ambisjonar skulle me gjerne ha vore lenger oppe enn på 181. plass. UiO er eit breiddeuniversitet, medan det er dei universiteta som satsar på matematisk-naturvitskaplege og medisinske fag som gjer det best i denne rankinga. Det er viktig å hugsa på at det er Big Business som står bak rangeringa, minner han oss på.

Prestisjefylt rangering

THE World University Rankings blei etablert i 2010 av den britiske universitetsavisa Times Higher Education, og blir rekna som ei av dei mest prestisjefylte rangeringane i verda. Verdas beste universitet i år er, ifylgje denne rankinga California Institute of Technology (CALTECH), som detroniserte Harvard frå fjorårets ranking. Denne gongen kom eliteuniversitetet Harvard på andreplass, tett fylgt av Stanford, Oxford, Princeton, Cambridge og Massachusetts Institute of Technology på sjuandeplass.

Først på 15. plass kjem det første ikkje-engelskspråklege universitetet. Det er ETH Zürich - Swiss Federal Institute of Technology.  På verdsrangeringa ligg både to kinesiske og eitt brasiliansk universitet betre plasserte enn det beste norske universitetet, Universitetet i Oslo.  I Europa ligg UiO mellom dei 70 beste, altså langt unna målet om å tilhøyra den europeiske meisterligaen.

Av dei nordiske landa gjer Sverige det skarpast, med Karolinska Institutet på 32. plass, universitetet i Lund på 79. og universitetet i Uppsala på 87. plass – altså tre universitet inne blant verdas hundre beste, skriv Universitetsavisa. Det beste finske er Helsingfors universitet på 91. plass. Det slår det beste danske, som er universitetet i Århus på 125. plass. Københavns Universitet er på 135.plass. I Norden er UiO på 7. plass. 

– Skal ikkje bli påverka av rangeringane

– Vår idé om å satsa på eit breiddeuniversitet med både humaniora og samfunnsfag i tillegg til matematisk-naturvitskaplege og medisinske fag, skal ikkje bli påverka av dei plasseringane det gir oss på denne universitetsrankinga. Det er vanskeleg å måla ulike universitet opp mot kvarandre. Difor er me kritiske til desse rankingane, seier prorektor Inga Bostad. Ho meiner det er viktig å vera synleg på slike internasjonale rangeringar.
– Då blir ein lagt merke til som forskings-, utdannings- og formidlingsinstitusjon. Uansett så har rangeringane kome for å bli, trur ho.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo er delvis nøgd over årets plassering, melder På Høyden, sjølv om UiB fell frå 135.plass til 191.plass på rankinga.

– Eg konstaterer at me på denne rankinga gjer det litt dårlegare enn i fjor. Det er eit avvik frå hovudtrenden, der me har gått fram på alle rankingene dei seinare åra, seier rektor Sigmund Grønmo til Aktuelt.

Han minner om at UiB plasserte seg som nummer 121 på årets QS-ranking etter å ha stige 199 plassar frå 2005.

Metodeendringar

Grønmo peikar på at THE-rankinga har gjort nokre metodeendringar sidan i fjor.

– Tala frå i fjor til i år er ikkje heilt samanliknbare. Derfor skal me no sjå på og analysera kva som skuldast metodeendringar og kva som er reelle endringar, seier Grønmo til Aktuelt.

 

 
Emneord: Rangering, Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2011 16:26 - Sist endra 10. okt. 2011 10:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere