– Forskingsfondet var blitt ein møllestein rundt halsen

– Forskingsfondet fungerte tidlegare som venger som førte forskingsbudsjettet oppover. No var det blitt som ein møllestein rundt halsen, sa forskingsminister Tora Aasland då ho forsvarte nedlegginga av fondet på ein pressekonferanse i ettermiddag.

MØLLESTEIN: Forskingsminister Tora Aasland skildra Forskingsfondet som ein møllestein rundt halsen, då ho  i ettermiddag forsvarte avgjerda om å leggja det ned.

Foto: Ola Sæther

Statsråd Tora Aasland viste stort engasjement då ho forklarte avgjerda om å leggja ned Forskingsfondet frå og med 2012.

– Skulle avkastinga ha halde fram på same nivå som tidlegare, måtte regjeringa neste år ha tilført 29 milliardar kroner til fondet og plussa på dei 80 milliardane som var der frå før. Viss ikkje, ville avkastinga ha gått ned med 620 millionar kroner. Mot eit slikt scenario fann me det best å leggja desse pengane inn i to faste postar på statsbudsjettet. Ein til langsiktige forskingsprosjekt og ein til vitskapleg utstyr og infrastruktur, peika ho på. 

Dei regionale forskingsfonda består

Då ho fekk spørsmål om kvifor ho ikkje la ned dei regionale forskingsfonda i same slengen, svara ho: – Dei blei oppretta for så kort tid sidan og med så låg rente at dei enno ikkje har fått lang nok tid til å fungera, meinte ho. 

Aasland var også oppteken av å visa at regjeringa foreslår å løyva 240 millionar kroner meir til EUs rammeplan for forsking og 50 millionar kroner til felles samarbeid om administrasjon og kompetanse (SAK) mellom universiteta og høgskulane i Noreg.

– Til saman vil regjeringa løyva 25,5 milliardar kroner til forsking og høgare utdanning. Dette er ein nominell auke på 822 millionar kroner, og det er også ein liten realvekst, insisterte ho på.

Kritiske universitetsrektorar

Det er likevel langt mellom dei positive reaksjonane på budsjettframlegget frå Kunnskapsdepartementet utanfor regjeringsrekkjene.  

I ein tidlegare Uniforum-artikkel i dag har UiO-rektor Ole Petter Ottersen uttrykt stort vonbrot over regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for neste år. Rektor Sigmund Grønmo ved Universitetet i Bergen er ikkje mindre krass:

– Dette blir eit stramt budsjett for UiB. Då er det viktig at me får handlingsrom til å prioritera kvalitet innanfor dei budsjettrammene me får, seier Grønmo. Fungerande rektor Kari Melby ved NTNU meiner budsjettforslaget er på 2011-nivå.

– Dette representerer ikkje noko løft for Noreg som kunnskapsnasjon, konstaterer ho.

Etterlyser satsing på klimaforsking

Forskingsrådet er spesielt kritisk til at regjeringa ikkje vil satsa meir pengar på klimaforsking.

– Sjølv med eit stramt budsjett synest eg det er både alvorleg og skuffande at det ikkje blir gitt midlar til ei opptrapping av den klimarelaterte forskinga. Dei globale klimautfordringane er store, og krev auka forskingsinnsats. Me treng meir forsking både på klimaendringar og verknadene av desse, seier administrerande direktør Arvid Hallén.

– Regjeringa tok sjølv initiativet til utgreiinga «Klima 21» om vidare satsing og har seinast denne veka slått fast at Noreg skal vera ein leiande nasjon i klimakampen. Det er dokumentert store, akutte kunnskapsbehov, ikkje minst på tilpassing til endra klima, peikar Hallén på.

– Løftebrot

Heller ikkje studentane er nøgde med budsjettframlegget. Norsk studentorganisasjon (NSO) hevdar det vil gjera studentane fattigare.

– Heilt sidan 2005 har me rekna med at regjeringa skal oppfylla lovnadene sine. Dei har lova oss at det skal vera mogleg å studera på heiltid og at det skal bli lettare å ha barn medan ein er student. Ingen av desse lovnadene er haldne, seier leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Kim Kantardjiev.

Regjeringa får også pepar frå Forskarforbundet.

– Regjeringa er utan vilje til å satsa på forsking og kompetanse, seier Forskarforbundets leiar, Bjarne Hodne.

– Satsar på fortida

Mellom opposisjonspolitikarane er det Venstres Trine Skei Grande som bles høgast i trompeten.

– Venstre meiner regjeringa gjennom seks år har hatt ein pengebruk utan grep og prioriteringar. I staden for å satsa målretta på framtida er det blitt satsa dels på fortid og på å blåsa opp offentleg sektor, seier ho i ei kommentar på partiet sine nettsider.

– Ein satsar ikkje på framtida. Det har vore sju magre år for kunnskap, klima og dei fattigaste. Dessverre kan det bli åtte, men etter 2013 må det bli eit politisk skifte for ein vilje til å satsa på nettopp desse områda, seier Skei Grande.

Framstegspartiets Tord Lien ser derimot nokre positive trekk i budsjettforslaget.

– Det er bra med 100 millionar til grunnforsking. Eg er også glad for at barnevernsbarn får studiestøtte. Så nokre lyspunkt finst, men dei er få, er Tord Liens dom. Han har likevel problem med å forstå logikken bak å leggja ned Forskingsfondet.

– Eg meiner regjeringa kunne kompensert for rentenedgangen på kort sikt, og skote inn friske pengar i fondet for å kompensera på lengre sikt. Det ville ha vore ei mykje betre løysing, meiner FrP-representanten.

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft i Uniforum og Frida Holsten Gullestad og Tore Oksholen i Universitetsavisa og Fredrik Mandal i På Høyden
Publisert 6. okt. 2011 16:55 - Sist endra 6. okt. 2011 17:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere