Drøymer om å få vikingskipa til Gamlebyen

– Eg har ikkje slutta å drøyma om at eit nytt kulturhistorisk museum med vikingskipa etter kvart skal reisa seg her i Bjørvika, seier pensjonert museumsdirektør Egil Mikkelsen. For to veker sidan overlet han roret på Kulturhistorisk museum til Rane Willerslev.

MELLOM OPERAEN OG OSLO LADEGÅRD: – I dette området tett ved vasspegelen i Bjørvika skal eit nytt kulturhistorisk museum liggja, seier avgått museumsdirektør Egil Mikkelsen.

Foto: Ola Sæther

Egil Mikkelsen kjem spaserande på gangstigen langs vasspegelen på grensa mellom Sørenga og Bjørvika i Gamlebyen. Han stansar opp, myser mot sola, slår ut med armane og utbryt:

– Tenk dykk kor fantastisk flott det vil bli med vikingskipa i nær kontakt med vasspegelen i eit nytt kulturhistorisk museum her inst i Bjørvika. Vikingmusea i Roskilde og i Hedeby i Tyskland, som berre har nokre plankebitar av vikingskip, har klart det. Difor er det her museet bør liggja, og ikkje gøymt bort på den andre sida av Bispegata, slik Riksantikvaren har planar om. Nokre kulturlag frå mellomalderen bør ikkje hindra det. Dei vil likevel forvitra heilt bort, seier han engasjert.

Var motstandar av flytting

I snart to veker har han vore pensjonist, og han nyt å kunna seia det han meiner utan å ta omsyn til kva stilling han har. Alle trur at han alltid har vore for å flytta vikingskipa til Sørenga.

– Eg ser at etterfylgjaren min også er blitt fascinert og begeistra for Vikingskipshuset og arkitekturen til Arnstein Arneberg. For ti år sidan ville heller ikkje eg at vikingskipa skulle flyttast frå den praktbygningen, men andre viktige argument gjorde at eg skifta meining, og fekk meg til å kjempa for å få flytta vikingskipa inn i eit nytt kulturhistorisk museum i Gamlebyen.

– Universitetet i Oslo laga for nokre år sidan ein tenkt plan som viste kor mykje eit nytt bygg som tilsvarte 20 000 kvadratmeter, ville fylla tomta på Bygdøy. Den planen sa Oslo kommune blankt nei til. I dag har Kulturhistorisk museum behov for eit areal på 40 000 kvadratmeter. Det vil ikkje vera noko lettare å få godkjent ein slik plan på Bygdøy i dag, meiner Mikkelsen.

Etterlyser analyse av mogleg transport

Den avgåtte museumsdirektøren har ikkje noko imot alle utgreiingane som er tinga av Kunnskapsdepartementet og statsråd Tora Aasland, men han etterlyser likevel ein nærare analyse av det han meiner er det aller viktigaste.

– Det er ingen som enno har undersøkt om korleis det er mogleg å transportera slike skjøre ting som vikingskip og andre gjenstandar frå Bygdøy og hit til eit nytt museum. Derimot har mange firma som har lang røynsle med transport av skjøre og eldgamle gjenstandar både til lands og til sjøs, tatt kontakt med meg, og fortalt meg at det vil dei klara, argumenterer Mikkelsen.

Fleire gonger kjem elevgrupper bort til han for å spørja kvar dei kan finna ruinane etter Mariakirka og dei andre mellomalderkyrkjene i Gamlebyen. Dei anar ikkje at mannen dei spør, er arkeolog, pensjonert museumsdirektør og attpåtil oppvaksen i Gamlebyen.

– Den gongen hadde dei 3000 innbyggjarane heile fem kyrkjer i dette vesle området, fortel han elevane. Dei lyttar nøye og går vidare etter at Egil Mikkelsen har forklart dei kvar dei skal gå for å finna ruinane.

– Oppveksten i Gamlebyen gjorde meg til arkeolog

– Eg blei fødd og voks opp i heller kummerlege kår i Konows gate. Men det var heilt fantastisk for ein gutunge å kunna leika og gå rundt i alle desse mellomalderruinane. Frå klasserommet mitt kunne me sjå rett ned på ruinane av Korskirken. På klassebiletet vårt står me på ruinane av Hallvardskirken. Og oppe i Ekebergskrenten finst det helleristingar frå steinalderen. Ingen annan bydel i Oslo kan skilta med så mange minnesmerke frå byhistoria som Gamlebyen, slår han fast.

Egil Mikkelsen minnest spesielt ein episode frå Gamlebyen skole.

– Læraren hadde funne eit fossil som han ville at eg og ein annan gut frå klassen skulle ta med til musea på Tøyen for å få undersøkt. Då me kom dit, tok dei oss svært alvorleg og kunne fortelja oss at det var eit 400 millionar år gammalt blekksprutfossil. Me kom tilbake igjen med ei bok om Oslofeltet og måtte fortelja om funnet til klassen vår. Det har lært meg som museumsdirektør at det er viktig å ta barn på alvor, når dei vil ha svar på dei spørsmåla dei stiller. Eg trur den historia og den inspirerande historielæraren vår, var hovudårsakene til at eg seinare valde å studera arkeologi.

– Har du drive med utgravingar i Gamlebyen?

– Nei, men eg har publisert ein mindre artikkel derifrå. Doktoravhandlinga mi handla om det eldste jordbruket i Telemark, i steinalder og bronsealder. Eg har også skrive om villreinfangsten på Dovre i vikingtid og mellomalder.

Frå Gamlebyen til Frogner

– No bur du på Frogner. Lengtar du ikkje tilbake til Gamlebyen?

– Eg synest det er veldig mange kvalitetar ved Frogner. Det er hyggelege bumiljø, fine grøntområde og mange forskjellige typar butikkar. På mange måtar har Frogner framleis dei kvalitetane som Gamlebyen hadde då eg var barn, men som no har forsvunne frå bydelen.  Den gongen var det både mjølkebutikk, leiketøysforretning, skobutikkar og jernvareforretningar i nærmiljøet. Det er det ikkje lenger. No er alt blitt flytta til store butikksenter i sentrum. Men tenk for ei vitamininnsprøyting det vil bli for Gamlebyen, om eit nytt kulturhistorisk museum kom hit. Då ville turistane kunna ta ein spasertur frå cruiseskipa og hit opp og stikka innom kafear og andre etablissement i bydelen. Og med så kort veg til all kollektivtransport ville det ha spart Oslo for masse ekstra forureining og trafikk frå turistbussane.

– Har profesjonalisert forvaltingsansvaret

– Frå 1999 og til denne månaden var du direktør for Kulturhistorisk museum. Kva er du mest stolt over av det du har fått utretta i denne tida?

– Kvart år har me utgravingar for mellom 40 og 50 millionar kroner i samband med ein ny vegtrasé, jernbanetrasé eller ei anna utbygging. Eg synest me har klart å profesjonalisera dette forvaltingsansvaret, samtidig som me har klart å få mange viktige forskingsfunn ut av desse prosjekta, sjølv om dei ikkje er bestemte av oss. Dessutan er eg svært nøgd med at me har klart å få etablert landets mest moderne museumsmagasin på Økern. Det kjem folk frå mange stader for å observera det me har fått til der. Og så må eg ikkje gløyma å nemna dei fantastiske fotografane våre og Noregs største og beste konserveringsmiljø. I fellesskap har me klart å digitalisera både oldsaksamlinga og den etnografiske samlinga vår. Det blir bidraget vårt til Kunnskapsdepartementets ambisjonar om å skapa eit Nasjonalt digitalt universitetsmuseum.  

– Kva er det som har vore den tyngste delen av jobben?

– Å ha eit byggjeprosjekt hengjande over seg heile tida, er ikkje alltid like lett. Det fører til at me må utsetja viktige tiltak og planlagde utbetringar til me veit når eit nytt kulturhistorisk museum skal stå klart. For det mange gløymer eller ikkje er klar over, er at det også handlar om arbeidsmiljøet. Me har fjerna veldig mange ròte- og muggskader frå bygningane våre dei siste åra, for å verna helsa til dei tilsette. I eit samlokalisert, kulturhistorisk museum i Bjørvika vil alle delar av museet lettare vita om kvarandre og kunna samarbeida på tvers av seksjonar og avdelingar. Det har ikkje vore lett å fjernstyra Noregs best besøkte museum, altså Vikingskipshuset på Bygdøy, frå Oslo sentrum. Samtidig er eg svært nøgd med at nytt kulturhistorisk museum er på den politiske agendaen både nasjonalt og lokalt. Tora Aasland og eg kan vera ueinige om mykje, men me er i alle fall einige om at uansett kvar museet blir bygd, så må det samlokaliserast.

– Vikingskipshuset kan brukast til kyrkjekunst

– Kvifor vil du ikkje lata det bli verande på Bygdøy saman med folkemuseet og dei maritime museumsmiljøa?

– Vikingskipa handlar om meir enn skip, ja også om kulturen frå vikingtida. Dei andre gjenstandane frå vikingtida som sverd, hjelmar, smykke og klede er i Oldsaksamlinga i Historisk museum. I eit felles museum kunne me sett alt dette i samanheng. Dei som brukar argumentet om at me bør samarbeida med dei maritime musea på Bygdøy, kan ikkje ha tatt tak i realitetane. Først må dei få dei tre musea på Bygdøynes til å samarbeida med kvarandre. Det er ikkje lett, er røynsla mi frå den tida eg sat i styret for Kon Tiki-museet. Norsk folkemuseum kan få overta Vikingskipshuset og bruka Arnstein Arnebergs bygning til kyrkjekunsten sin. Med den sakrale utforminga bygningen har fått, ville det vera midt i blinken, synest Mikkelsen.

 

MINNESMERKE: – Ingen annan bydel i Oslo kan skilta med så mange minnesmerke frå byhistoria som Gamlebyen, slår Egil Mikkelsen fast. (Foto: Ola Sæther)

 

Som pensjonist skal han leggja stridsøksa litt til side, men ikkje grava den heilt ned.

– Eg insisterer på at eit nytt museum her vil bli eit fint bidrag til inkludering og integrering av dei nye generasjonane med nordmenn, som ofte har røter i andre land. Då vil den etnografiske samlinga saman med Oldsaksamlinga og vikingskipa visa fram både verdshistoria og norsk historie.

– Du fyller snart 66 år og har valt å gå av for aldersgrensa, medan mange av dine fagfellar held på til dei er 70 år. Kvifor?

– Jau, eg set stor pris på den fridomen dette gir meg til å leva og til å reisa kvar eg vil når eg vil, utan at eg har faste rammer som eg treng å ta omsyn til. Eg er i ferd med å gjera i stand eit heimekontor, slik at eg kan halda fram som arkeolog og skriva vitskaplege artiklar om forskinga mi. Så langt er eg i gang med å skriva ein vitskapleg artikkel frå vikingtida, men eg skal snart begynna å skriva om det buddhistiske klosteret eg grov ut på Maldivane på 1990-talet. I samband med det blir det nok turar til Sør-Asia. Det gler eg meg til.

Så vandrar Egil Mikkelsen vidare frå barndomstraktene i Gamlebyen, går over Akerselva og spaserer heim til Frogner. Ein pensjonert museumsdirektør har kryssa sitt spor.

 

 

 

 

   

Emneord: Vikingskipshuset, Arkeologi, Museene, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2011 13:36 - Sist endra 13. okt. 2011 15:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere