UiO får ti millionar til realfagsbygningar

Universitetet i Oslo får 10 millionar kroner frå regjeringa til å restaurera realfagsbygningane sine. Det kunngjorde forskingsminister Tora Aasland på Blindern i formiddag.

OPNA PENGESEKKEN: Statsråd Tora Aasland opna pengesekken og kunne trekkja ut ti millionar kroner til rehabilitering av realfagsbygningar ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Pengane er ein del av ein pott på 30 millionar kroner som regjeringa har øyremerkt til istandsetjing av bygningar i universitets- og høgskulesektoren i framlegget til statsbudsjett for 2012.  For statsråd Tora Aasland er løyvinga til Universitetet i Oslo også ein måte å visa at regjeringa meiner alvor når den seier at den vil satsa på realfaga.

– Det er viktig at studentar får god undervisning og god kontakt med forskinga. Men det er også naudsynt at dei fysiske forholda blir lagde til rette for studentane. Difor løyver me desse pengane som skal gå til opprusting av både det planlagde læringssenteret i Vilhelm Bjerknes' hus, men også til rehabilitering av 1. etasje i Niels Henrik Abels hus, sa Aasland, som gav ros til Universitetet i Oslo.

– UiO har vore flink til å ta vare på bygningsmassen sin. Og i motsetning til mange andre universitet og høgskular, eig jo de bygningane sjølve. Men eg kan ikkje lova at eg kjem for å dela ut pengar kvar gong eg kjem hit, la ho til.

– Naudsynt satsing

UiO-rektor Ole Petter Ottersen kvitterte:

– Det skader ikkje at du tar med pengar når du først kjem. Tusen takk for bidraget, svara han. Ottersen viste til korleis realfaga sakkar akterut når det gjeld å trekkja til seg studentar.

– Me er nøydde til å sjå nærare på kva me kan gjera for å få rekruttert fleire studentar til realfaga. Det er naudsynt for heile samfunnet. Dei studentane som kjem, skal også ha undervisning av høg kvalitet, slo han fast.

Blir freda

UiO-rektoren peika på at universitetet sjølv har løyvd 64 millionar til læringssenteret i realfag, medan stiftinga Fritt Ord har løyvd fire millionar kroner. Ifylgje fungerande teknisk direktør ved UiO, Helga Sagsveen skal det no brukast ti millionar kroner på å rehabilitera første etasje i Niels Henrik Abels hus. Det skal bli moderne seminar- og læringsrom, og kantina skal rustast opp, slik at me kan få til eit vrimleareal i foajeen, lova ho. Sagsveen kunne også koma med ei ny avsløring.

– Riksantikvaren vil koma til å freda dei tre mat.-nat.-bygningane, Niels Henrik Abels hus, Vilhelm Bjerknes' hus og Sophus Lies auditorium. Difor vil alt arbeidet me gjer, bli gjort i nært samarbeid og i forståing med Riksantikvaren, understreka ho.

 

 

 

Emneord: Realfag, Universitetspolitikk, Økonomi, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2011 14:35 - Sist endra 5. sep. 2011 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere