– Meir enn taxi, skjenkeløyve og sal av kraftselskap

– Det er berre diskusjon om taxiløyve, godkjenning av skjenkeløyve eller sal av offentleg eigde kraftselskap som får Oslo bystyre til å ha noko som liknar ein næringsdebatt. Denne kraftsalva kom Arbeidarpartiets Håkon Haugli med i ein debatt om nyskaping i Forskingsparken i formiddag.

DISKUTERTE NYSKAPING:  Oslo-politikarane diskuterte nyskaping i Forskingsparken i dag tidleg: F.v Håkon Haugli (A), Øystein Sjøveit (FrP), Odd-Einar Dørum  (V) og Kristin Vinje (H). Direktør for Forskingsparken A/S, Karl-C.Agerup (lengst til høgre) innleidde debatten.  

Foto: Ola Sæther

Det var Høgres finansbyråd, Kristin Vinje og Framstegspartiets byråd for nærings- og eigarskapspolitikk, Øystein Sjøtveit som måtte forsvara seg mot svingslaga frå Arbeidarpartiets Håkon Haugli. Venstres ordførarkandidat Odd Einar Dørum hamna midt imellom dei to fløyene i bystyret. Alle var likevel einige om at det var viktig med ein innovasjons- og nyskapingspolitikk, som også var til fordel for Oslo.  

Glupingar finst overalt

– Då vil heile landet tena på det, meinte Håkon Haugli og Odd-Einar Dørum. – Ja, eg har møtt glupingar både på Finnsnes i Troms og i Oslo. Det er viktig at me får dei fram i lyset uansett kvar i landet dei bur, meinte Dørum. 

Finansbyråd Kristin Vinje viste til at Oslo tar nyskaping alvorleg gjennom å vera medeigar i Forskingsparken A/S og å ha jamlege møte både med Universitetet i Oslo og næringslivet.

– Saman med Kommunesektoren sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon (KS) har me eit forskingsprosjekt der me ser på utvikling av storbyar. Me deler ut postdoktorstipend og stipend til dyktige studentar som vil gå vidare på Oxford eller Harvard,fortalde ho.  Vinje peika på at Høgre hadde lansert ein strategi for ”Kunnskapshovedstaden 2020”

.– Det er eit bevis på at me meiner alvor når me seier at kunnskap og innovasjon er viktig, slo Vinje fast.  

– Har plan for næringsutvikling

Byråd for nærings- og eigarskapspolitikk, Øystein Sjøtveit gjekk til åtak på Hauglis påstand om at det nesten aldri blei diskutert næringspolitikk i Oslo bystyre.

– Me har nettopp vedtatt ein plan for næringsutvikling i samarbeid med Akershus fylke. Det skal bli ei erstatning for Oslo Technopol , som av ulike grunnar ikkje fungerte, vedgjekk han. Dørum peika på Oslos klimafond.

– Oslo kommune har sett av masse pengar til energiøkonomiseringstiltak i eit eige klimafond. Der har Oslo kommune gode utsikter til å få realisert prosjekt i nært samarbeid med næringslivet, konstaterte han..

Og så la han til:

– Oslo kommune samarbeider no med Universitetet i Oslo om å byggja nye Berg videregående skole på Sogn som ein universitetsskule, med eit nært forhold mellom forskarar, elevar og lærarar. Modellen for dette er samarbeidet mellom Oslo Cancer Cluster, Ullern videregående skole og Radiumhospitalet. Det har vore ein suksess, konkluderte han med.

Misnøgde med Innovasjon Noreg

For både Vinje og Sjøveit var det viktig å få fram at dei ikkje var nøgde med måten Innovasjon Noreg fungerer på.

– I dag er den delt i tre: Innovasjon, distriktspengar og landbruksutvikling. Me ynskjer å ha alle pengane i den store innovasjonspotten og vil oppfordra regjeringa til å leggja ned dei regionale forskingsfonda, sa Vinje og Sjøtveit.

– Heller Oslo enn Bangalore

Håkon Haugli er Arbeidarpartiets mann både i bystyret og i Stortinget. Han ville gjerne dempa den skarpe ordbruken imot det fornuftige i å investera innovasjonspengar i resten av landet.

– Oslo kommune har ei eigeninteresse i mellom anna omsorgsteknologi. I Sverige vågar dei å seia ”Sverige tener på at Stockholm er best”. Innovasjonspolitikk handlar om nasjonale interesser, ikkje berre om Oslo sine interesser. Me bør difor ikkje frykta at Trondheim og Lærdal får innovasjonspengar, men heller vera opptatt av å konkurrera med København og Hamburg om å ha dei beste rammevilkåra for nyskaping. Så bør me leggja forholda så godt til rette at næringslivet heller vel Oslo enn Bangalore i India, meinte Haugli.

Nøgde med SFF og SFI

Finansbyråd Kristin Vinje viste til at 50 prosent av alle forskingsmidlane går til Oslo-regionen.

– Det er likevel ein langt mindre del av kommersialiseringsmidlane frå Innovasjon Noreg som går til Oslo-regionen, hadde ho notert seg.  

Både ho og Venstres Odd Einar Dørum såg føre seg gode framtidsutsikter gjennom opprettinga av sentra for framifrå forsking (SFF) og forskingsbasert innovasjon (SFI).

– Mellom 40 og 50 prosent av dei ligg i Oslo-regionen, og kan gi ringverknader innanfor nyskaping, trudde Dørum og Vinje.

Sistnemnde kom dessutan inn på at Trondheim lanserer seg sjølv som studentbyen.

 – Faktum er at Oslo har over 70 000 studentar, og dei kjem hit både for å studera, men også for å kunna gjera ein ordentleg karriere innanfor arbeidslivet i Oslo-regionen etter at studia er avslutta.

– Oslo er mykje meir enn studentby

Byrådskollega Øystein Sjøtveit slutta seg til det synspunktet, men ville gjerne presisera fylgjande.

– Trondheim er ein studentby, men ikkje noko meir. Oslo er både studentby, kulturhovudstad, forskingsby og utdanningsby, proklamerte Sjøtveit.  

Snikdrapsforsøk på innovasjon i Oslo

Odd Einar Dørum var overtydd om at Byrådet i Oslo ikkje måtte ropa etter statlege pengar til innovasjon heile tida.

– Den førre gongen det blei gjort, heldt staten på å utføra eit snikdrap på all innovasjon i Oslo ved å avgjera at all nyutvikla nyskaping skulle flyttast frå Gaustadbekkdalen og landa på IT-Fornebu. Det er derimot her i Gaustadbekkdalen nyskapinga har blomstra og framleis blomstrar, trekte han fram.  

Håkon Haugli svarte ikkje på den påstanden, men ville heller framheva at uavhengig av nyskapingspolitikken, så blir det stadig oppretta nye arbeidsplassar i Oslo.

– Frå 2005 og fram til i dag er det skapt 43 000 nye arbeidsplassar i Oslo. I Oslo er det samanlikna med resten av landet, langt færre som arbeider i offentleg sektor enn i privat sektor, sa Haugli.

Brukte Nydalen som vellukka døme

Kristin Vinje trekte fram Nydalen som eit område som hadde vakse fram til å bli noko heilt anna enn det var, takka vere ein vellykka næringspolitikk.

– I dag er det ei fin blanding av nystarta bedrifter, høgare utdanningsinstitusjonar og bustader i området. Det er langt fleire arbeidsplassar enn den gongen Christiania Spigerverk var den største arbeidsgjevaren i Nydalen, sa ho skråsikkert.  

Venstres ordførarkandidat Odd-Einar Dørum lova også ein milliard kroner ekstra til forsking.

– Desse pengane kan me ta frå nettolønnsgarantiordninga til norske sjøfolk.

Ynskjer 1 milliard til kommersialisering av forsking

Direktøren for Forskingsparken A/S, Karl-C. Agerup takka likevel nei til desse pengane.

– Det er langt viktigare for oss å få 1 milliard kroner til kommersialisering av dei oppfinningane forskarane har gjort og dei patenta dei har tatt, var ynsket hans.

 

 

Emneord: Kommersialisering, Næringsliv, Politikk, Birkeland Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2011 15:44 - Sist endra 8. sep. 2011 09:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere