Alle ville høyra Noam Chomsky

Mest 500 unge studentar og eldre akademikarar hadde ein felles møteplass i går ettermiddag. Møteplassen var Sophus Lies auditorium  på Universitetet i Oslo, og det felles målet var å høyra den akademiske superstjerna Noam Chomsky.

GLIMTA TIL: Superstjerna på akademikarhimmelen, Noam Chomsky glimta til då han fekk svara på spørsmål frå salen i Sophus Lies auditorium i går.

Foto: Ola Sæther

Folk sat på golvet, stod langs veggane og sat tett som sild i tønne på klappstolane i Sophus Lies auditorium  i går ettermiddag for å høyra verdas mest siterte akademikar og mannen som revolusjonerte språkvitskapen, Noam Chomsky

Den pensjonerte, men svært aktive 82 år gamle professoren frå Massachusetts Institute of Tecnology (MiT) deltok som hovudgjest på semestestarten til forskingssenteret Centre for the Study of Mind in Nature (CMSN). Foredraget hadde han kalla for “The Machine, The Ghost and the Limits of Understanding. Newton’s Contribution to the Study of the Human Mind”.

Enorm innverknad på språkvitskapen

Chomsky er kjend for å ha hatt ein enorm innverknad på utviklinga av språkvitskapen. Dessutan har teoriane hans hatt mykje å seia for forskinga både i filosofi, psykologi og i andre samfunnsfag. Ifylgje Wikipedia har teoriane hans også hatt mykje å seia både for informatikk og matematikk. Chomsky er i tillegg ein aktiv og svært radikal samfunnsdebattant.

Til vitskapsrevolusjonen

Noam Chomsky tok publikum på Blindern tilbake til vitskapsrevolusjonen på 1700-talet og Isaac Newtons gravitasjonsteori og gjorde også småvisittar innom filosofar som David Hume og Descartes.  Han sveipa dessutan innom sitt eige fagfelt, språkvitskapen og viste korleis vitskapen hadde funne ut at ufødde barn kunne skilja ut mora sitt språk frå andre kvinner sitt språk.

– USA vil gi opp leitinga etter Higgs' boson

Medan foredraget hans blei framført med lite engasjement og i ein heller monoton stil, glimta Noam Chomsky mykje meir til då han fekk spørsmål frå studentar og eldre akademikarar i salen. Han fekk mellom anna spørmål om kva han tykte om partikkelfysikarane si leiting etter Higgs’ boson. – Meininga er at den skal finnast, men dei kan ikkje vera heilt visse på det. Eg veit at dei brukar millionar av dollar på å finna det ut. Det gjer dei også i USA, men eg trur nok at USA snart vil gi opp, svarte Chomsky.

USAs fall som supermakt

.

Tysdag kveld skal Noam Chomsky delta på eit møte i regi av Studentersamfundet i Chateau Neuf.  Det blir eit politisk foredrag om USAs fall som supermakt. Det begynner klokka 19.00. Då er det den radikale samfunnsdebattanten publikum vil møta.

 

 FANKLUBB: Noam Chomsky møtte mange frå den akademiske "fanklubben" sin etter foredraget.

Emneord: Internasjonalisering, Filosofi, Lingvistikk Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 5. sep. 2011 23:16 - Sist endra 7. sep. 2011 11:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere