Universitetet i Oslo på 75. plass i verda

UiO kjem på 75.plass i verda på Shanghai-rangeringa over verdas beste universitet. I Europa ligg UiO på 24. plass medan det er det 5. beste i Norden. – Med dette resultatet plasserer UiO seg godt blant verdas éin prosent beste universitet, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

NUMMER FEM I NORDEN: I jubileumsåret 2011 plasserer Universitetet i Oslo seg som det femte beste universitetet i Norden på Shanghai-rangeringa.

Foto: Ola Sæther

 I Norden må UiO sjå seg slått av mellom andre Københavns Universitet og Karolinska institutet som ligg på 43. plass og 44. plass i verda. Uppsala universitet kjem på 67. plass, medan Helsingfors universitet ligg på 74. plass, ein tidel før UiO.

Det går fram av universitetsrangeringa Academic Ranking of World Universities (Shanghai-rangeringa) for 2011, som blei offentliggjort i dag. Harvard-universitetet er igjen best i verda, medan Cambridge og Oxford er dei  beste i Europa med høvesvis femte- og tiandeplass på verdsrangeringa. Utanom den engelskspråklege verda er det Tokyo-universitetet på 21.plass og Swiss Federal Institute of Technology, Zürich på 23. plass, som gjer det best.  

Godt nøgd

Rektor Ole Petter Ottersen er godt nøgd med 75.-plassen på topp 100 lista over verdas beste universitet.

– Med dette resultatet plasserer UiO seg godt blant verdas éin prosent beste universitet. Det er me godt nøgde med, sjølv om ambisjonen er å bli endå betre, understrekar han.  

– Det å hamna høgt på ei rangering, skal aldri bli eit mål i seg sjølv, men skal vera eit resultat av godt arbeid innanfor undervisning og forsking. Rangeringane tar berre omsyn til ein liten del av alt det eit universitet driv med. No ser me at me går fram på indikatorane for vitskapleg publisering internasjonalt. Dette er vi glade for, seier UiO-rektoren.  

Forskingsprestasjonar veg altså tungt i Shanghai-rangeringa. Mest positivt for UiO er ein auke i talet på internasjonalt publiserte artiklar frå 2400 til 2600 frå i fjor til i år.

Sjølv om Ole Petter Ottersen er glad for resultatet, er han opptatt av å visa til at metodane kan vera usikre.

– Universitetet som institusjon har ein så kompleks og mangfaldig struktur at det vanskeleg kan plasserast inn på ein lineær skala. Samtidig er det store metodeproblem ved slike rangeringar, slik me såg ved Times-rangeringa sist haust, slår han fast.

 – Som venta

Shanghai-rangeringa er basert på individuelle forskingsprestasjonar og mange meiner at den difor er den mest elitistiske av alle rangeringane over akademiske institusjonar.

 – Dette resultatet er meir eller mindre som venta, seier seniorrådgjevar Arve Aleksandersen i Forskingsadministrativ avdeling ved UiO.

– Resultatet er om lag det same som i fjor. UiO har gått tilbake nokre få desimalar på indikatorar som dei fleste andre også har gått tilbake på, men har samtidig gått fram når det gjeld talet på internasjonale publiseringar. Når me ser på andre nordiske institusjonar har dei alle gått ned ein plass, medan UiO tangerer plasseringa frå i fjor, peikar han på.

Nobelpris gav opptur

Som regel skjer det ikkje store revolusjonar på rangeringa frå eit år til eit anna.

– Vanlegvis er det små variasjonar frå år til år. Denne gongen er det likevel Århus Universitet som har gjort det største bykset av dei nordiske universiteta. Det har gått frå 98. plass til 86. plass, truleg fordi professor Dale Mortensen var ein av dei som vann Nobelprisen i økonomi i 2010, seier Aleksandersen.

Humaniora og samfunnsfag tel lite

Han peikar på at Shanghai-rangeringa ikkje legg stor særleg vekt på forskingsprestasjonar innanfor humaniora og samfunnsfag.

– Dette er altså ei rangering der matematisk-naturvitskaplege og helse- og medisinske fag veg tyngst. Høg aktivitet innanfor humaniora er lite synleg. UiO har mykje aktivitet me er stolte av, som ikkje tel med i rangeringar, konstaterer Aleksandersen.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim  (NTNU) og Universitetet i Bergen  plasserer seg mellom dei 201 og 300 beste universiteta i verda på Shanghai-rangeringa.

 I 2008 kom UiO på 64 .plass på Shanghai-rangeringa. Då var universitetet også nummer tre i Norden og på 17. plass i Europa. Året etter var UiO på 65.plass, medan det altså hamna på 75.plass i fjor, eit resultat som UiO tangerer i år.

 

Emneord: Strategisk plan, Internasjonalisering, Rangering Av Martin Toft
Publisert 15. aug. 2011 14:01 - Sist endra 15. aug. 2011 14:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere