Vil jobba meir, får ikkje lov

Reinhaldararane Edicia Lucay Ossandon (t.v.) og Juana Olguin Figureroa i Teknisk avdeling på Tøyen har søkt om å få jobba eitt år til før dei må gå av for aldersgrensa.  Begge har fått nei, og Juana Olguien Figueroa hadde sin siste arbeidsdag torsdag 16. juni. – Me gir sjeldan unntak frå særavtalen om pensjonsalder på 65 år for reinhaldarar, seier teknisk direktør Frode Meinich.

VIL JOBBA: Reinhaldararane Edicia Lucay Ossandon (65)  (t.v) og Juana Olguien Figueroa (66)  i Teknisk avdeling på Tøyen vil gjerne jobba meir etter at dei begge har passert pensjonsalderen på 65 år.  Etter at dei først fekk lov til å gjera det i ein avgrensa periode, har dei no fått blankt avslag på å halda fram med å arbeida enno ei stund til. (Foto: Ola Sæther) 

Reinhaldararane Edicia Lucay Ossandon (65) og Juana Olguien Figueroa (66)  i Teknisk avdeling på Tøyen har arbeidd i høvesvis 20 år og 17 år og ni månader ved Universitetet i Oslo.  Dei har allereie fått jobba lenger enn den vanlege aldersgrensa på 65 år for reinhaldarar. Dei trivst godt og vil gjerne halda fram med å jobba i alle fall eitt år til før dei pensjonerer seg. Men det får dei ikkje lov til.

Fekk nei til å jobba lenger

– Nei, me har begge fått eit brev om at Teknisk avdeling ikkje kan gjera fleire unntak frå særavtalen om pensjonsalder på 65 år for reinhaldarar.  Tidlegare har eg fått lov til å halda fram eitt år ekstra, men no vil eg gjerne arbeida minst eit halvt år til. Eg har fått blankt nei på den søknaden, seier Juana Olguien Figueroa, som hadde sin siste arbeidsdag på Tøyen 16. juni. No får ho seks veker ferie før ho går av for aldersgrensa den siste dagen i juli.  

– Eg vil gjerne halda fram eitt år ekstra etter at eg skal gå av for aldersgrensa. Det søkte eg om allereie i januar. Då eg fekk svar i april tre månader seinare, var svaret nei, fortel Lucay.

Begge synest det rimar dårleg med intensjonen i regjeringa sin eldrepolitikk som jo oppfordrar arbeidsgjevarar til å lata dei tilsette halda på med å arbeida også etter aldersgrensa om dei har lyst til det og føler at dei har god nok helse til det.

 – Personleg har eg berre vore vekke frå jobben i ein tre månader lang periode etter at eg blei påkjørt. Elles har eg vore på jobb kvar einaste dag i 17 år og ni månader, fortel Olguien Figueroa.  

– Sjølvstendig jobb

Dei er svært glade i arbeidsplassen sin.

– Jobben vår er svært sjølvstendig og me har sett pris på å få vera på Tøyen, understrekar dei.  Ingen av dei legg heller skjul på at dei vil tena økonomisk på det om dei står i jobben nokre månader eller eitt år til.

– Då ville me ha tent opp fleire pensjonspoeng i Statens pensjonskasse, konstaterer dei. 

Må kanskje klara seg med 4500 kroner i juli

Teknisk avdeling har vore effektive når det gjeld å gi beskjed til Lønningsseksjonen om at Juana Olguien Figueroa går av for aldersgrensa i juli, og dermed ikkje skal ha utbetalt julilønna.

 – Derimot veit eg enno ikkje om dei har sendt melding til Statens pensjonskasse om at eg skal pensjonerast. Om dei ikkje har gjort det, vil eg måtte klara meg med minstepensjonen frå NAV, før dei første utbetalingane frå Statens pensjonskasse kjem, fortel Olguien Figueroa.

Ho synest at det er lenge å venta tre månader på utbetaling av den tenestepensjonen ho har krav på frå Statens pensjonskasse, berre fordi Teknisk avdeling ikkje  tok ønsket hennar om at dei tidleg måtte ta kontakt med pensjonskassen, på alvor.  

– Dermed må eg klara meg på 4500,- kroner denne månaden. Det blir det ikkje nokon lang ferietur av, slår ho fast.  Dei understrekar også at dei to er dei eldste reinhaldarane på Tøyen.

– Alle dei andre er mykje yngre enn oss. Men me trivst alle godt saman, peikar dei på.

Ein særavtale om pensjonalder

Teknisk direktør Frode Meinich kjenner til at fleire reinhaldarar har søkt om å halda fram med å arbeida etter at dei har fylt 65 år.  

– På generelt grunnlag kan eg seia at me har ein særavtale om pensjonsalder på 65 år for reinhaldarar nettopp på grunn av at mange blir utslitne tidleg på grunn av dei spesielle børene dei har i ein slik jobb. Universitetsdirektøren har også understreka at me skal vera restriktive med å gi unntak frå den regelen. Difor skal me fylgja særavtalen i størst mogleg grad. Kvar sak blir likevel handsama individuelt, framhevar Meinich.  

NTL kritiserer behandlinga

Leiar for Norsk Tenestemannslag ved UiO, Ellen Dalen er ikkje einig med vurderinga til teknisk direktør.

– Me synest behandlinga av denne søknaden er under einkvar kritikk. Reinhaldarane har ein særavtale som gir dei rett til å gå av med pensjon når dei fyller 65 år. Dette er ein rett, men ikkje ei plikt. UiO har jo skrive under på avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) og der står det ikkje berre at alle som vil skal få lov til å arbeida, men at målet er å få folk til å stå lenger i arbeid. UiO har i tillegg ein politikk som seier at tilsette skal ha eit reelt val når det gjeld når dei vil gå ut av arbeidslivet som alderspensjonistar, seier Ellen Dalen.

NTL har jobba for ein av dei to reinhaldarane som gjerne vil halda fram med å jobba meir etter at dei har fylt 65 år.

– Ho fekk berre blankt avslag på søknaden sin utan grunngjeving. Då NTL skreiv brev om at me etterlyste ei grunngjeving i saka, rekna me med ein argumentasjon ut frå kriteriet om at ho skulle fylla dei krava som stillinga føreset, men me blei berre vist til ein UiO-politikk som gjeld dei med aldersgrense på 70 år. Det er noko heilt anna enn reinhaldsgruppa, som har ein lovmessig rett til å søkja om inntil fem år forlenging etter pensjonsalderen på 65 år. Det er uforståeleg at Teknisk avdeling ynskjer å laga ei sak ut av dette. Særaldersgrensa skal vera ein rett, ikkje eit grunnlag for diskriminering og utstøyting av arbeidslivet, meiner ho.  

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 26. juni 2011 23:41 - Sist endra 26. juni 2011 23:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere