Forskingsprisvinnar: – UiO må ha mange framandspråk

– Det er ikkje vanskeleg å forsvara behovet for språkvitskapen. Gjennom tverrfagleg forsking kan den fortelja oss endå meir om korleis og kvifor mennesket utviklar språk og korleis dei faktisk fungerer, seier årets vinnar av UiOs forskingspris, Cathrine Fabricius-Hansen til Uniforum.

TYSK OG LATIN: – Gjennom tysk og latin blei eg interessert i grammatikk, og slik kom eg inn i språkvitskapen, fortel årets forskingsprisvinnar Cathrine Fabricius-Hansen.  

Foto: Ola Sæther

Det var prorektor Inga Bostad som ringde og fortalde Cathrine Fabricius-Hansen at ho var årets vinnar av UiOs forskingspris på 250 000 kroner. Uniforum møter henne hos Senter for grunnforsking i Drammensveien 78, der ho leier forskingsprosjektet ”Meaning and Understanding across Languages”.

– Eg blei svært forbausa og har enno ikkje tatt det heilt innover meg, fordi eg har vore så engasjert i avslutninga av ein forskingskonferanse. No kan eg seia at eg er kolossalt takksam overfor Universitetet i Oslo som har bestemt at eg skal får forskingsprisen i 2011.

– Tysk er ikkje akkurat det mest trendy faget mellom studentane og i media for tida. Kva synest du om at prisjuryen har plukka ut ein professor i tysk språk som vinnar denne gongen?

– Eg tykkjer det er flott at språkvitskapen blir heidra på den måten. Det er kanskje tilfeldig at eg har kome inn i det frå stillinga som professor i tysk språk, i praksis er det i høg grad samanlikning mellom tysk og andre slektsnære språk eg har drive med. I det heile tatt har teoretisk språkvitskap blitt svært tverrfagleg og har forskarar frå mange forskjellige språk. Sjølv har eg gjennom heile karrieren min lagt vekt på å binda saman teori og empiri, og mellom anna sett masse på kva som kan skje med ein tekst når den blir omsett frå tysk til norsk eller engelsk. Av og til må ein tekst kallast for omskriving og ikkje for omsetjing, fordi den er blitt så forskjellig frå originalspråket, fortel ho.

Utvikla nyskapande metodologi

Priskomiteen forklarar avgjerda om å gi Cathrine Fabricius-Hansen forskingsprisen med den forskingsinnsatsen ho har vist gjennom først å leia Det humanistiske fakultetet si store forskingssatsing, Språk i kontrast (SPRIK) saman med avdøde Stig Johansson, som blei tildelt forskingsprisen i 2001.  Prosjektet utvikla mellom anna ein nyskapande metodologi basert på fleirspråklege parallellkorpus – tekstkorpus med originale og omsette tekstar i eit nettverk av språk med mange sjansar til å driva med systematiske samanlikningar.

Juryen slår fast at nettverket til Cathrine Fabricius-Hansen var ein føresetnad for den internasjonale profilen til prosjektet. I dag leier ho prosjektet ”Meaning and Understanding across Languages” ved Senter for grunnforsking (CAS). Prosjektet leitar etter kunnskap om korleis me konstruerer meining i og gjennom språk. I forskargruppa hennar er det 10 forskarar frå UiO og NTNU, USA, Tyskland og ei rekkje europeiske universitet.

– Må ha mange framandspråk

– Språk vil bli oversett, sa ein dansk språkforskar ein gong, og me er ikkje medvitne på kva språket har å seia før me misforstår kvarandre. Difor er samanhengen, konteksten og dei personane som brukar eit språk viktige element i korleis ei setning eller ein tekst blir tolka, understrekar Fabricius-Hansen.

– Difor er det viktig at UiO også har mange framandspråk, samtidig som det er viktig at forskarar frå så ulike disiplinar som språkvitskap, nevrolingvistikk, psykologi og sosiologi jobbar tverrfagleg med forskjellige sider ved språket. Det er det som skapar ekte grunnforsking om korleis me skal forstå språket. Det er grunn god nok til å forsvara at UiO og andre universitet satsar på språk og språkvitskap, seier ho engasjert.  

Ville studera nevrologi

Eigentleg kunne karrieren hennar ha tatt ei anna retning.

– Som ung var eg inne på tanken om å studera nevrologi, men på den tida var forskinga på samanhengen mellom språk og hjerne ikkje så langt framme. Dessutan hadde eg hatt for lite matematikk i skulen, berre til og med 9. klasse. Seinare har eg følt at det er ein mangel i utdanning mi. I teoretisk språkvitskap har eg hatt bruk for matematikk, så eg måtte lesa meg opp på området.

– Kvifor valde du å satsa på tysk som din hovuddisiplin?

– Det var litt tilfeldig. Då eg voks opp var engelsk det første framandpråket, deretter kom tysk og seinare latin og fransk for spesielt interesserte. Gjennom tysk og latin blei eg interessert i grammatikk. Slik kom eg inn i språkvitskapen, og seinare blei eg tilsett ved Københavns Universitet, før eg fylgde mannen min til Noreg i 1972. Eg er svært takksam overfor UiO at dei straks gav meg sjansen til å få ei forskarstilling og seinare eit professorat i tysk språk.

Rosar matematikkprofessor

– Du har ikkje angra på at du kom til UiO?

 – Nei, slett ikkje. Språkvitskapen held eit svært høgt internasjonalt nivå på UiO og det har opna dørene for nært samarbeid med kollegaer både i Tyskland, Frankrike og USA. Når det gjeld mi eiga utvikling som språkforskar har Jens Erik Fenstad, professor emeritus i matematikk og logikk, spelt ei viktig rolle. Det har vore heller lite samarbeid med Københavns Universitet. Men framleis har mannen min og eg eit husvære i København, som me sikkert kjem til å bruka endå meir når eg blir pensjonist neste år. Friluftstilboda i Oslo er heilt suverene, så dei set me ufatteleg stor pris på, understrekar ho.

Cathrine Fabricius-Hansen får tildelt UiOs forskingspris på årsfesten 2. september. Då blir også formidlingsprisen, prisen for godt læringsmiljø og innovasjonsprisen delte ut.

Dei andre prisane:

Formidlingsprisen går til Kjemisk institutt ved instittutleiar Svein Stølen for å ha lagt strategiar for satsing på formidling av kjemifaget saman med kollegaene sine. Målet er å få auka rekrutteringa til faget.

Prisen for godt læringsmiljøgår til ”Computers in Science Education (CSE-prosjektet). Det har lykkast med å leggja forholda godt til rette for studentane si læring gjennom ein medviten fagleg-sosial og pedagogisk innsats over fleire år. Det er blitt innarbeidd på fire ulike bachelorutdanningar ved MN-fakultetet.

Innovasjonsprisen går til professor Inger Sandli ved Institutt for molekylær biovitskap for i samarbeid med postdoktor Jan Terje Andersen og selskapet Novozymes  å ha bidratt til utviklinga av eit nytt produkt som vil ha store konsekvensar for utviklinga av nye legemiddel, og vil gi store endringar i medisinering av pasientar.

Alle prisvinnarane får ein sjekk på 250 000 kroner.

 

Emneord: Tysk, Lingvistikk, Internasjonalisering, Priser Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2011 09:55 - Sist endra 17. juni 2011 10:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere