Millionkrangel om prestisjebygning

Entreprenørselskapet Reinertsen AS krev at Statsbygg etterbetaler 66,8 millionar kroner for tilleggsarbeid under bygginga av Ole Johan Dahls hus for UiO. Statsbygg svarar med å krevja at Reinertsen A/S tilbakebetaler 18,2 millionar kroner for arbeid som ikkje er utførte etter avtalen. Saka kan bli avgjort i retten.

UEINIGE OM REKNINGA: Reinertsen AS meiner at Statsbygg må betala dei nesten 67 millionar for tilleggsarbeid på Ole Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det er Universitetet i Oslo sin nyaste og største bygning striden mellom Reinertsen AS og Statsbygg står om.  Prestisjebygningen Ole Johan Dahls hus er hypermoderne og er bygd  for Institutt for informatikk. Den blei tatt i bruk rett etter årsskiftet, men blir offisielt opna først på 200-årsdagen til UiO, 2. september. 

Då byggjekontrakten blei inngått mellom Reinertsen AS og Statsbygg i 2007 var partane einige om at utearbeidet skulle kosta 202 millionar kroner. Det omfatta både grunn-, betong- og stålarbeid, men også oppføring av tak og fasadar.

Selskapet fekk også kontrakten på bygningsarbeid innvendig. Summen blei sett til i underkant av 115 millionar kroner. Arbeidet omfatta snikkar-, mur-, puss- og flisarbeid. Dessutan fekk selskapet oppdraget med å setja opp dører, leggja golvbelegg, reisa himlingar og måla bygningen innvendig.

Arbeida blei forstyrra og forseinka 

I ei stemning som advokatfirmaet Schjødt på vegner av Reinertsen AS har levert inn til Oslo tingrett, går det fram at gjennomføringa av arbeida på begge kontraktane blei forstyrra og forseinka. Det har også ført til store tilleggs- og ekstraarbeid. 

Statsbygg og Reinertsen AS har heile tida vore ueinige om kven som må bera det økonomiske ansvaret for desse forholda.

Kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Rygh i Statsbygg vedgår overfor Uniforum at det dreier seg om mykje pengar, men ho vil ikkje overdramatisera pengekravet frå Reinertsen AS. – Dette er ein klassisk kontraktdiskusjon som heile tida oppstår i byggjebransjen. Det kan skje ting som det ikkje er semje om etter kontrakten. Det er ikkje uvanleg at byggherre og entreprenør er ueinige om sluttoppgjeret.

Tekniske data om Ole-Johan Dahls hus:

Byggherre: Statsbygg for Kunnskapsdepartementet/UiO

Tatt i bruk av Institutt for informatikk i januar 2011

Arkitekt: Lund Hagem Arkitekter.

Interiørarkitekt: ZINC AS

Areal: 28 250 kvadratmeter

Byggjesum: 1 milliard kroner

Byggjestart: grunnarbeida starta i 2006

Inneheld 300 kontorplassar og 2400 studentplassar totalt.

Offisiell opning: UiOs 200-årsdag, 2. september 2011

 

– Kva er grunnen til det?

– I byggjebransjen er det alltid vanskeleg å seia på førehand kva som vil skje. 

– Trur du at de  kan bli einige før det blir ei rettssak?

– Det er ikkje uvanleg at partane i slike saker blir einige, men eg vil ikkje spekulera i kva som blir resultatet av denne saka, seier ho.

Også heilt i starten av bygginga av den nye informatikkbygningen skaut  byggjekostnadene i veret. Difor måtte regjeringa inn med ei ekstraløyving på 55 millionar kroner i januar 2007. Til saman har Ole Johan Dahls hus kosta norske skattebetalarar rundt 1 milliard kroner. Men prisen kan bli nesten 67 millionar kroner høgare om Reinertsen AS vinn fram med kravet sitt.

Må gi tilsvar innan 30. juni

Oslo tingrett har gitt Statsbygg ved Fornyings-, administrasjons- og kyrkedepartementet frist til 30. juni med å  koma med eit tilsvar til stemninga frå Reinertsen AS. Departementet  har gitt Statsbygg melding om at Regjeringsadvokaten ikkje har kapasitet til å ta saka. Dei ber difor Statsbygg om å bruka ein ekstern prosessfullmektig. Om departementet på vegner av Statsbygg takkar nei til tilbodet om rettsmekling, vil saka i første omgang bli avgjort i Oslo tingrett. Reinertsen AS brukar advokat Nils Henrik Petterson hos advokatfirmaet Schjødt i denne saka.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Informatikk Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2011 15:55 - Sist endra 2. mai 2011 10:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere