Lovar Noregs beste klimafestival på Blindern

– UiO skal skapa Noregs beste klimafestival 21. mai. Den skal få ordentleg fart på klimadebatten igjen, lovar prosjektleiar Espen Røsbak i UiO:200.

HYDROGENSAMFUNNET: Slik forestiller vår tegner Hanne Utigard seg framtidens hydrogensamfunn. (Illustrasjon: Hanne Utigard)

Det blir avspark for den aller første idéfestivalen i regi av Universitetet i Oslo laurdag den 21. mai. Då ynskjer jubileumssekretariatet UiO:200 alle interesserte til Blindern der det skal vera over 50 ulike arrangement om klima frå klokka 12.00 -17.00. Dagen blir runda av med den første semifinalen i Forskar-Grand Prix i Chateau Neuf ,klokka 18.00.

– Vil skapa fart i klimadebatten

– På denne festivalen vil ikkje alle lika alt, men alle vil finna noko dei er interesserte i, trur prosjektleiar Espen Røsbak. Han er viss på at klimafestivalen vil skapa ny fart i miljø- og klimadebatten i Noreg. – Ja, det er eg heilt overtydd om. Denne dagen vil me prøva å diskutera ulike perspektiv på klimadebatten. Både politikk, økonomi og juridiske problemstillingar blir tatt opp.

– Diskusjonen om Noreg er godt nok førebudd å gjera naudsynte tiltak for å takla klimaendringar, vil me også ta opp. Det ser framleis ut som om mange ikkje oppfattar alvoret i det som skjer på klimaområdet, synest han.

Statoil møter oljehistorikar

Biologiprofessor Dag O. Hessen og professor i samfunnsgeografi Karen O’ Brien er dei to som skal dra den debatten i gang. Tidlegare UiO- rektor Arild Underdal og prorektor Inga Bostad skal diskutera korleis UiO kan bli eit berekraftig universitet. Oljehistorikar Helge Ryggvik møter Statoils Hege Marie Nordheim for å utveksla synspunkt om olja i framtida. Også biologiprofessor Nils Chr. Stenseth stiller opp for ha ein samtale om nye fiskar og nye folk.

– Barneuniversitet

– Dei som har barn må ta dei med, oppfordrar Røsbak.

– For i samarbeid med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus har me barneuniversitet. Barna må ha med seg ein vaksen, men dei skal ha aktivitetar for barn både ute og inne. Dei vaksne som har sterke synspunkt i klimaspørsmål kan ta ordet på ”Speaker’s Corner på Blindern. Også inne på foredraga vil folk få stilt spørsmål og få presentert ideane sine. Derfor kallar me det for ein idéfestival, seier Røsbak.

Den 18. juni går den andre idéfestivalen på lufta. Den skal handla om mangfald i alle tydingar av ordet. 17. september blir det digitalisering og framtida til internett som blir temaet, før den siste idéfestivalen rundar av den 15. oktober med ein debatt om menneskekroppen, sett i lys av utviklinga innanfor bioteknologi og genetikk. Alle idéfestivalane vil bli skipa til på Blindern.

– Me oppfordrar alle om å ta trikk, T-bane eller buss til Blindern desse laurdagane. Dei som bur for langt borte til å koma sjølve, kan også få det med seg ved å lytta på NRK P 2, seier Espen Røsbak.

Emneord: Miljøforskning, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 14. apr. 2011 11:35 - Sist endra 14. apr. 2011 11:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere