Universitetet i Oslo best i Norden

Universitetet i Oslo er best i Norden og på sjetteplass i Europa på den siste universitetsrankinga frå Webometrics ved det spanske forskingsrådet. NTNU er på femteplass i Norden og på 24. plass i Europa på denne målinga, som mellom anna viser kva universitet som er mest synlege på Internett.

TOPPRESULTAT: UiO er på førsteplass i Norden og på sjetteplass i Europa på Webometrics rankingliste over verdas beste universitet. UiO ligg på 54.plass på lista over alle dei beste universiteta i verda.

Foto: Ola Sæther

Det er Massachussets Institute of Technology (MiT) i USA som tar førsteplassen over verdas beste universitet på januarrankinga til Webometrics. På dei neste plassane fylgjer Harvard, Stanford og Berkeley, alle prestisjestunge amerikanske universitet.

Det beste ikkje-amerikanske universitetet er National Taiwan University på tolvteplass. Også University of Tokyo på 16. plass slår det beste europeiske universitetet, University of Cambridge som først dukkar opp som nummer 19. På denne lista kjem UiO på 54. plass, medan NTNU endar på 116. plass. Samanlikna med julimålinga har UiO ramla ned ein plass, medan NTNU har falle 54 plassar nedover på lista. Universitetet i Bergen finn me først som nummer 170 over verdas beste universitet.

Målinga frå Webometrics viser både kva universitet som godt synlege på Internett og som er dei flinkaste til å gjera forskingsresultat og andre aktivitetar tilgjengelege på verdsveven.

I meisterligaen i Europa

I Norden er altså UiO best, fylgd av Helsingfors universitet og Uppsala universitet. Københavns Universitet tar ein fjerdeplass, ein plass betre enn NTNU. Universitetet i Bergen er på ellevteplass.

I Europa tangerer University of Cambridge førsteplassen frå julimålinga i fjor. Deretter fylgjer dei tre andre britiske universiteta University College London, University of Southampton og University of Oxford, før det sveitsiske toppuniversitetet ETH Zürich på plass nummer fem. I dette gode selskapet ligg altså Universitetet i Oslo på sjetteplass.

 Byggjer på webindikatorar

Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning.
Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister. Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling.

Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengelege på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskarkonferansar.

På den siste rankinglista frå Times Higher Education kom Universitetet i Oslo på 180. plass på lista over verdas beste universitet. Då var det Universitetet i Bergen som gjorde det best av dei norske universiteta med ein solid 136. plass. UiO-rektor Ole Petter Ottersen gjekk den gongen sterkt ut og kalla målinga for upåliteleg,  medan UiB-rektor Sigmund Grønmo roste den opp i skyene.

– Hyggelege tal

Rektor Ole Petter Ottersen synest det er kjekkare å kommentera plasseringa til UiO på den siste målinga frå Webometrics:

– Dette er jo hyggelege tal, men som eg alltid seier uansett om det går opp eller ned på slike rangeringar: Det er alltid metodeproblem med slike målingar, og det er alltid slik at rangeringar av denne typen berre måler ein liten del av det eit universitet står for og skal levera på. Webometrics seier noko om kor synlege me er på nettet og korleis me kommuniserer aktivitetane våre og resultata våre til samfunnet rundt oss. Dette er sjølvsagt eit viktig aspekt av ansvaret til eit universitet, men langt frå det einaste.

– Kva trur du er grunnen til at UiO gjer det så bra på denne målinga?

– Me  har ein god tradisjon for å arbeida med nettet og nettsidene og mange av våre tilsette er svært profesjonelle på dette. Og det skal bli spennande  å sjå kva som skjer når dei  nye nettsidene våre slår ut på rangeringane for fullt. Her er det lagt ned masse flott arbeid som kanskje gjer at me får endå hyggelegare tall neste år.

– Stolar du meir på denne målinga enn målinga frå Times Higher Education i fjor der UiO kom på 186.plass?

– Som sagt, det er metodeproblem med alle slike rangeringar og uansett kvar me hamnar, så er eg skeptisk til ei eindimensjonal rangering av dei fleirdimensjonale institusjonane som universiteta er. Når først rangeringar er komne for å bli, ynskjer me oss ei fleirdimensjonal rangering og det blir  jobba med dette på europeisk nivå. Uansett rangering: det å komme høgt på ei rangering bør aldri bli eit mål i seg sjølv, men eit resultat av at me når dei faglege måla me set oss.

 – Korleis skal UiO klara å halda denne gode posisjonen på lista til Webometrics?

– Viss denne rangeringa er noko verd, vil det store arbeidet som er lagde ned  i dei nye nettsidene våre  sikra oss ein god posisjon også i tida som kjem.

 (Oppdatert kl. 14.44)

 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2011 11:28 - Sist endra 3. feb. 2011 14:47

Rangeringen med utgangspunkt i antall forskingspublikasjoner tilgjengelig på nettet, er ikke reell ettersom den måler ut fra en kvantitativ beregning uten kvalitativ vurdering av innholdet i artiklene.Rangeringen er matematisk avledet,(og gjøres definitiv og absolutt,) men viser ytterst lite. Vil ikke ikke en slik rangering nettopp relativisere den faglige virksomheten ved universitetene? 

Heidi Stakset

aubry@ntnu.no - 3. feb. 2011 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere