UiO-professor ny direktør for Språkrådet
Arnfinn Muruvik Vonen (50) er utnemnd til ny direktør for Språkrådet, melder NTB. Vonen er i dag professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han etterfylgjer Sylfest Lomheim som gjekk av som språkdirektør 1. september i fjor.

SPRÅKDIREKTØR: Professor Arnfinn Muruvik Vonen ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO er utnemnt til ny direktør for Språkrådet.
Arnfinn Muruvik Vonen har dei siste åra arbeidd mest med teiknspråk og dei forskingsutfordringane teiknspråka representerer når det gjeld språk som allment menneskeleg fenomen, går det fram av nettpresentasjonen hans på sidene til Institutt for spesialpedagogikk, UiO.
Vonen har hovudfag i lingvistikk frå Universitetet i Oslo i 1988. Han har også studert russisk og sosialøkonomi ved UiO. Han blei tilsett som ved Institutt for spesialpedagogikk i 1995 og blei professor der i 1997. Samtidig har han vore knytt til Forskings- og utviklingsavdelinga ved Skådalen kompetansesenter i Oslo frå 1994 til 2007.
Eitt år lang prosess
Vonen etterfylgjer dermed Sylfest Lomheim, som var direktør for Språkrådet fram til september i fjor. Ein annan UiO-professor, Kjell-Lars Berge, var først innstilt av det tidlegare styret for Språkrådet til å overta stillinga etter Lomheim. Då kulturminister Anniken Huitfeldt sette foten ned, sa fire av dei sju styremedlemane opp verva sine.
Det nye styret sette i gang ein ny tilsetjingsrunde. Då fristen gjekk ut 21. januar hadde det kome inn berre éin søknad. Dermed blei søknadsfristen utvida ein gong til. Det førte til at det til saman kom 12 søkjarar. Av dei var det Arnfinn Muruvik Vonen som blei tilsett og som no kan titulera seg språkdirektør. Heile tilsetjingsprosessen har tatt rundt eitt år.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere