Spesialistutdanninga i odontologi kan bli lagt ned

Universitetsrektorane Ole Petter Ottersen og Sigmund Grønmo trugar med å leggja ned spesialistutdanninga i odontologi. I eit felles brev til Helse- og omsorgsdepartementet varslar dei at det blir konsekvensen dersom dei økonomiske rammevilkåra ikkje blir betre.

MEIR PENGAR: UiO-rektor Ole Petter Ottersen og UiB-rektor Sigmund Grønmo krev i eit felles brev til regjeringa meir pengar til spesialistutdanninga i odontologi.

Foto: Ola Sæther

Dei to universitetsrektorane i Oslo og Bergen meiner begge at ei eventuell nedlegging av spesialistutdanninga i fleire disiplinar vil gi ei generell kvalitetssenking og få store konsekvensar for norsk odontologi. Spesialistutdanningane er eit tilbod til kandidatar med bestått grunnutdanning i odontologi og minst to års røynsle frå allmennpraksis.

Alternativet dei peikar på, er at spesialistutdanningane i framtida i større grad enn no må ta opp betalande studentar frå utlandet. Resten av plassane skal øyremerkjast  kandidatar som er tilsette i stillingar med dobbelkompetanse. Så lenge dei ikkje får dei økonomiske rammevilkåra som dei ber om, finn dei ingen andre moglege løysingar. 

Kostbar og underfinansiert

Ottersen og Grønmo viser til at spesialistutdanninga både er svært kostbar og sterkt underfinansiert. Dei har rekna ut at den vil kosta 840 000 til 910 000 kroner for kvar kandidat i året. Rett nok fekk spesialistutdanninga på odontologi ein auke på 4 millionar kroner på statsbudsjettet for 2011, men det utgjer berre 50 000 kroner for kvar kandidat. Dermed kjem totalsummen for kvar kandidat opp i 270 000 kroner i 2011. ”Dette er en forbedring, men det er allikevel fortsatt langt igjen til å dekke det utdanningen koster totalt”, skriv dei i brevet.  

Dei vurderer difor ei kraftig nedskalering eller full nedlegging av spesialistutdanninga, viss ikkje finansieringa blir styrkt. I fjor hadde Institutt for klinisk odontologi ved UiB eit underskot på 11 millionar kroner, medan Odontologisk universitetsklinikk same staden hadde eit underskot på 4,4 millionar kroner, ifylgje På Høyden. Før Universitetsstyret vedtok UiOs budsjett for 2011, sa dekan Pål Brodin til Uniforum at odontologi ville få ein realnedgang på to prosent. Han åtvara då mot at ei eventuell innsparing ville gå hardast ut over spesialistutdanningane i regulering, oral kirurgi og rotfylling.

Vil kutta ut desentralisert spesialistutdanning 

Det som no ser ut til å stå først i kuttkøen, er den desentraliserte spesialistutdanninga som Universitetet i Oslo har drive i samarbeid med kompetansesenter i Tromsø, Arendal og i Midt-Noreg. Desse kostnadene har blitt urimeleg høge, meiner dei og viser til at det siste prosjektet i Midt-Noreg gav ein prislapp på 2,088 millionar kroner for kvar kandidat i året.   Desentralisert spesialistutdanning i klinisk odontologi i Tromsø fekk tildelt 4 millionar kroner til utprøving i 2011. 

Dette er spesialistutdanningane i odontologi:

Endodonti (rotfylling)

Kjeve- og ansiktsradiologi

Kjeveortopedi (tannregulering)

Oral kirurgi og oral medisin

Pedodonti (tannlegebehandling av barn (0-18 år)

Periodonti (behandling av tannkjøtbetennelse)

Protetikk (behandling av funksjonssvikt i  tann- og kjevesystemet)

Spesialistutdanningane er eit tilbod til kandidatar med bestått grunnutdanning i odontologi og minst to års røynsle frå allmennpraksis

 

 

Oppfordringa frå universitetsrektorane til Helse- og omsorgsdepartementet er at det bør vurdera om det er samfunnsmessig forsvarleg å oppretthalda den kostbare desentraliserte utdanninga framfor å styrkja lærestadene for at dei skal kunna driva med sentralisert utdanning.

Dei viser til at Tromsø har store problem med å skaffa lærarar, Bergen har store økonomiske utfordringar, medan Oslo i 2007 vedtok ein stillingsplan som vil enda opp med ein reduksjon på 20 prosent i dei vitskaplege stillingane ved odontologi. Denne økonomiske situasjonen meiner dei er eit trugsmål mot grunnutdanninga og framtidas sentraliserte spesialistutdanning.

– Får svar om nokre dagar

Sjølv om brevet frå dei to universitetsrektorane er retta til Helse- og omsorgsdepartementet, gir presseavdelinga der Uniforum melding om at det er Kunnskapsdepartementet som svarar på brevet. I Kunnskapsdepartementet har dei registrert og lese brevet.

– Me jobbar no med å skriva eit svar på dette brevet. Det vil truleg bli klart i løpet av nokre dagar, seier seniorrådgjevar Siri Baastad i Kunnskapsdepartementet til Uniforum.

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Odontologi, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. feb. 2011 16:24 - Sist endra 8. feb. 2011 00:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere