Bob Dylan blir universitetsfag

Bob Dylan blir no eit universitetsstudium ved Universitetet i Oslo. – Det blir ope både for frelste Dylan-tilhengjarar og for alle andre som vil vita meir om Bob Dylans påverknad på kulturen, seier fagansvarleg Reidar Aasgaard ved idéhistorie til Uniforum.  

STARTAR DYLAN-STUDIUM: Professor i idéhistorie Reidar Aasgaard avfyrer startskotet for Dylan-studiet 24. januar neste år. Fotografiet viser Bob Dylan frå ein konsert i Stockholm 27. mars 2007.

Foto: Ola Sæther

Studieemnet i Bob Dylan vil gi bachelor- og masterstudentar 10 studiepoeng og masse kunnskap om Dylans musikk, tekstar og inspirasjonskjelder når studiet startar opp 24. januar. Dessutan skal også filmar om Dylan stå på pensumlista. Reidar Aasgaard som er professor ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) klarer heller ikkje å skjula at han er ein stor tilhengjar av Bob Dylan.

Fersk tilhengjar

– På 1960- og 70-talet var han mest ein vanleg musikar for meg. Eg blei ingen svoren tilhengjar av han før omkring 2003. Då begynte eg å fatta interesse for han og har lese masse litteratur om han, lese tekstane hans og høyrt på musikken hans.

– Men kvifor skal det vera naudsynt å oppretta eit eige studium om Bob Dylan?

– Ein kan heller spørja kvifor det ikkje er blitt oppretta tidlegare. Det finst jo forelesingsrekkjer både om filosofar, forfattarar og kunstnarar. Sjølvsagt har Bob Dylan ein naturleg plass i eit akademisk studium på universitetet. Han har kome med svært viktige bidrag både til populærkulturen og til litteraturen. Dylan er ein svært tradisjonsmedviten kunstnar og det er lange musikalske og idéhistoriske linjer i det han gjer, meiner Aasgaard. Han viser til at Dylan har sett tydelege spor etter seg i populærkulturen frå 1960-talet og heilt fram til i dag.

– Han har vore ein kulturspegel og både vore ein representant for og ein protestant midt i populærkulturen, meiner Aasgaard.

Dylan-frelste akademikarkjenningar

– Korleis var det å gå til leiinga ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk og be om å få oppretta eit bacheloremne i Bob Dylan?

– Eg fekk ein overraskande positiv respons og klarsignal til å setja det i gang. Og blant mine akademikarkjenningar er det mange som har kome ut av skåpet som innbarka Dylan-tilhengjarar.

– Så det var lett å skaffa forelesarar?

– Det var ei rein glede å ringja rundt til folk for å høyra om dei kunne halda forelesingar om Bob Dylan. Alle eg spurde, ville det gjerne, sjølv om ikkje alle kunne. Eg er likevel svært nøgd med lista over forelesarar som har takka ja. Mellom dei mest kjende er Dagblad-journalist Fredrik Wandrup, journalistikkprofessor Elisabeth Eide, litteraturprofessor Erling Aadland og forfattaren Håvard Rem. Dessutan skal musikaren Tom Roger Aadland både syngja og foredra om Bob Dylan på nynorsk på opningsforelesinga, fortel Aasgaard.

Forelesingane er lagt til måndagar mellom klokka 16.00 og 18.00.

– Då blir det også mogleg for dei som arbeider, å delta på forelesingane som skal vera opne for alle interesserte, understrekar han.

Tverrfagleg interessant

Aasgaard er viss på at emnet vil vera interessant for mange.

– Alle som tar ein bachelorgrad i idéhistorie, samfunnsvitskap, religion, litteratur og musikk, vil få nyttig kunnskap gjennom emnet om Bob Dylan. Det vil også vera mogleg for masterstudentar å leggja det inn i studieplanen sin. Utdanningsforbundet har synt stor interesse, og me håpar at det skal bli aktuelt for nokre lærarar å få plass på emnet, kanskje som eit ledd i etterutdanning, seier Aasgaard.

Håpar på nobelpris til Dylan

Og han legg noko spøkjefullt til at forelesingsrekkja også kan vera til fordel for hovudpersonen sjølv.

– Forelesingsrekkja burde vera eit godt innlegg for at Bob Dylan får Nobels litteraturpris i 2011, det same året han fyller 70 år.

– Vil det bli aktuelt å oppretta eigne studium i Leonard Cohen, Madonna og i Sting?

– Då er nok ikkje eg kompetenst til å vera mellom forelesarane. Men generelt sett synest eg at det er viktig at akademia tar desse sentrale representantane for populærkulturen på alvor, og tilbyr studentar å studera dei.

– Og kva blir det viktigaste pensummaterialet på emnestudiet om Bob Dylan?

– Utvalde CDar av Bob Dylan er sjølvsagt med. Også platecovera til Dylan vil bli tema for ei forelesing. Dessutan vil filmen ”No Direction Home” av Martin Scorsese stå på pensum.

Truleg Europas første Dylan-studium

– Veit du om andre universitet som tilbyr det same studiet?

– Det kan vera at andre har gjort det, men i alle fall i Europa kjenner eg ikkje til andre universitet som har hatt eit slikt tilbod. Og me har naturleg nok fått verbal støtte frå Norsk Dylanologisk Selskab og økonomisk støtte til forelesingane frå stiftinga Fritt Ord. Det er me svært glade for.

– Moro

Ein av Noregs mest kjende og lidenskaplege Bob Dylan-tilhengjarar er tidlegare kunnskapsminister Øystein Djupedal, som no er fylkesmann i Aust-Agder. Han er glad for at Bob Dylan blir universitetsfag på UiO.

– Ja, det synest eg var veldig moro, eit høgst relevant studium.

– Kunne du sjølv tenkt deg å bli student på emnet?

– Nei, eg trur ikkje eg ville søkt på det, kunne eventuelt vore gjesteforelesar. Eg brukar framleis mykje tid på his bobness, men eg klarer meg utan studiepoenga, svarer Øystein Djupedal i ein e-post.

 

Emneord: Musikk, Litteratur (skjønn-) og forfattere, Idehistorie, Internasjonalisering, Religion Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2010 16:17 - Sist endra 25. nov. 2010 16:28

Jamfør kommentaren om det skal tilbys egne studier i Madonna og Sting, så kan det bemerkes at disse (blant mange andre) har vært på fagplanen for de studenter som studerer populærmusikk ved Institutt for Musikkvitenskap i en 10-15 års tid.

kyrretli@uio.no - 5. des. 2010 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere