Inga Bostad: – Eit steg i rett retning

Finansminister Sigbjørn Johnsen gir Universitetet i Oslo ei samla løyving på rundt 4,3 milliardar kroner i regjeringas budsjettforslag for 2011. Det inkluderer 210 nye studieplassar og 45 millionar kroner til fase 2 av oppussinga av sentrumsbygningane. – Studentsida er budsjettvinnaren, meiner prorektor Inga Bostad.  

BUDSJETTGENERALEN: Finansminister Sigbjørn Johnsen kjem til Stortinget i formiddag for å presentera forslaget til statsbudsjett for 2011.

Foto: Ola Sæther

– Forslaget til statsbudsjett for 2011 inneber relativt sett null vekst til heile universitets- og høgskulesektoren, konstaterer prorektor Inga Bostad.

– Det er ingen synlege krafttak for forsking og forskingsbasert undervisning i dette budsjettforslaget. Rett nok får me ikkje redusert handlingsrommet vårt, men visjonane manglar, synest prorektor Inga Bostad etter å ha studert budsjettdokumenta inngåande i Stortingets vandrehall frå klokka ti i formiddag.

Regjeringa har også foreslått at det skal setjast av 60 millionar kroner til frie prosjektmidlar.

– Det er me nøgde med. Samtidig ser me at regjeringa ynskjer å satsa på utdanningsforsking og polarforsking, seier Bostad.

Prorektoren ved Universitetet i Oslo synest også det er bra at Stoltenberg-regjeringa foreslår ei løyving på 280 millionar kroner til vitskapleg utstyr for heile universitets- og høgskulesektoren.

– Studentsida er budsjettvinnaren

I tillegg vil regjeringa oppretta 1000 nye studentbustader og styrkja studiefinansieringa.

– Det er ser ut som om studentsida er vinnaren i Kunnskapsdepartementets budsjettforslag denne gongen. Og me synest at det er flott. Dessutan ser me at det blir ein viss auke av løyvingane til lærarutdanninga på universiteta. Det er også positivt, meiner Inga Bostad.

Planane om eit Veksthus på Tøyen er no komne så langt at Kunnskapsdepartementet foreslår å senda kvalitetssikringsdokumenta til Statsbygg. Bostad har også registrert at sentrumsbygningane i sentrum får ei løyving på 45 millionar kroner til fase to av restaureringsarbeidet.

– Også det er mellom dei positive tinga eg har notert meg ved dette budsjettet. Det er likevel mange ting ho saknar i dette budsjettforslaget.

– Fleire må dela same pott

– Det er ikkje nokon auke i potten som skal gå til resultatbasert finansiering av forsking, sjølv om det har vore ein auke i talet på forskingsresultat som kan få pengar frå denne pengesekken. Dermed blir det fleire som må dela den same potten som tidlegare, peikar ho på.

– Og den varsla satsinga på grunnforskinga frå Soria Moria II ser me ingenting til i dette forslaget. Det viser at det ikkje er lett å få gjennomslag for grunnforskinga og få fram dei gode forteljingane om kvifor det er så viktig å satsa på den forskinga, konstaterer Bostad.

Likevel ser ho lyset i den andre enden av tunnelen.

– Det kjem i alle fall klare signal om eit framtidig løft, registrerer prorektor Inga Bostad.

Titals millionar til sentrumsbygningane

Teknisk direktør Frode Meinich opplyser i ein e-post også at andre byggjeprosjekt får løyvingar.

Det er sett av 65 millionar kroner til ferdigstilling av den nye informatikkbygningen. Dette er pengar som er løyvde direkte til Statsbygg. Heilt etter planen er det også gitt 121 millionar kroner til ferdigstilling av fase 1i rehabiliteringa av sentrumsbygningane. 80,2 millionar til utstyr og inventar i sentrumsbygningane er også med i budsjettforslaget. 60 millionar blir betalte ut i 2011, medan resten truleg kjem i 2012.

I budsjettet blir det dessutan vist til at Statsbygg innanfor midlane sine skal arbeida vidare med prosjekteringa av Livsvitskapsbygningen i Gaustadbekkdalen. Det same gjeld for dei nye magasina til Naturhistorisk museum, og som tidlegare nemnd, forprosjektet for bygging av nytt veksthus på Tøyen.

– Dette er svært gledelege tal, jublar Frode Meinich.

Statsstipendiat

Tidlegare i dag blei det klart at UiO-forskar Per Haave blir statsstipendiat frå og med 2011. Kulturminister Anniken Huitfeldt kom sjølv opp til Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH)  for å fortelja Per Haave og dei andre tilsette nyhendet, opplyser historieprofessor Helge Pharo til Uniforum.


 

Emneord: Forskningspolitikk, Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2010 12:48 - Sist endra 6. okt. 2010 10:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere