Ingen tillit til Times-rangering

Universitetet i Oslo kjem på 186. plass på rangeringa til Times Higher Education over dei beste universiteta i verda. – Dette heng ikkje på greip, seier rektor Ole Petter Ottersen.  

– HENG IKKJE PÅ GREIP: Tala i rangeringa frå Times Higher Education heng ikkje på greip, seier ein fortvila rektor Ole Petter Ottersen etter at UiO har hamna som nummer 186.

Foto: Ola Sæther

Det var først i går det blei klart at Universitetet i Oslo hadde hamna på 186. plass på den prestisjetunge rangeringa til Times Higher Education. Som vanleg var Harvard University på topp på verdsrangeringa. Då universitetsrangeringa først blei publisert 16. september, var UiO uplassert fordi ein liten kommafeil hadde ført til at UiO stod med 18 009 vitskaplege tilsette i staden for 1800,9 som var talet universitetsadministrasjonen hadde sendt over til Times Higher Education. .

Når dette no er blitt retta opp, hamnar UiO på ein 186. plass mellom verdas to hundre beste universitet, medan Universitetet i Bergen blir det beste norske universitetet på 135. plass. 

– Heng ikkje på greip

UiO-rektor Ole Petter Ottersen har ikkje tru på at dette kan vera rett.

– Kvifor vil du ikkje godta denne plasseringa?

 – Heile poenget er at me fann denne feilen i talmaterialet, og det fører også til at me får mindre tillit til resten av talmaterialet i rangeringa, også i stort.

– Vil UiO gjera noko for å få ei forklaring frå Times Higher Education på den dårlege plasseringa?

– Straks eg fekk vita at Times hadde operert med feil tal frå UiO, tok eg kontakt med dei for å krevja ei forklaring på kvifor det kunne skje. Forklaringa me har fått er ikkje god nok og tala heng ikkje på greip. I fjor hamna UiO på 100. plass, medan me i år hamnar på 186. plass. Dette aksepterer me ikkje for me har mista all tillit til målemetoden til Times Higher Education.

– Skjøre metodar

– Er det eigentleg så viktig å få ei god plassering på desse rangeringane? 

– Uansett, kva måling eg kommenterer, så har eg heile tida vist til at det er eit metodeproblem med desse universitetsrangeringane. Og dei måler jo berre ein del av aktivitetane og oppgåvene til universiteta. No har me eit godt døme på kor skjøre desse metodane er. I utgangspunktet er eg ikkje så opptatt av rangeringar, men samtidig er dei ei kjensgjerning at både studentar og vitskaplege tilsette både nasjonalt og internasjonalt er opptatt av dei. Mange av dei skjeler til desse rangeringane når dei vurderer kvar dei skal studera eller forska.

– Det er ikkje eit mål i seg sjølv for  UiO å skåra høgt på desse målingane, men det som blir målt må i alle fall vera korrekt. Berre på den måten veit ein om ein blir betre eller ikkje på dei områda som blir målte. Det er ikkje gjort i dette tilfellet.  

 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 24. sep. 2010 11:29 - Sist endra 24. sep. 2010 12:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere