Harvard er ikkje lenger verdas beste

Harvard University er ikkje lenger på førsteplass på lista over verdas beste universitet. University of Cambridge har overtatt tetplassen på rangeringa frå Quackarelli Symonds Top University Ranking. Københavns Universitet (biletet)  er best i Norden, medan UiO plasserer seg som nummer 100 i verda.

NORDENS BESTE: Københavns Universitet er Nordens beste i fylgje rangeringa frå Quackarelli Symonds Top University Ranking.

Foto: Martin Toft

Mellom dei seks beste universiteta er det tre britiske og tre amerikanske. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH Zürich (Swiss Federal Institute of Technology, som plasserer seg på ein 18. plass.

UiO er nummer seks i Norden

I Norden er det Københavns Universitet som gjer det aller best med ein 45. plass. Deretter kjem Uppsala universitet på 62. plass, Lunds universitet på 72. plass, Helsingfors universitet på 75. plass, medan Aarhus Universitet tar 84. plassen. Universitetet i Oslo plasserer seg dermed som nummer seks i Norden og som nummer 100 i verda.

Universitetet i Bergen er nummer 133, medan NTNU i Trondheim ikkje er mellom dei 200 beste universiteta på denne rangeringa.

Fagfellevurdering tel mest

Ifylgje ei pressemelding frå UiO legg denne rangeringa mest vekt på akademisk fagfellevurdering (40 %). På den akademiske vurderinga har Universitetet i Oslo styrkt seg på område som informatikk, naturvitskap og samfunnsvitskap. Det skårar også bra på auken av tilsetjingar av internasjonale forskarar og eit meir positivt forhold mellom talet på studentar for kvar lærar. UiO går tilbake på målinga av vitskapleg sitering i internasjonale tidsskrift.

Quackarelli Symonds Top University Ranking har skilt lag med rangeringa til Times Higher Education  (THE) og brukar i stor grad den same metoden som Times har brukt tidlegare. Den nye målinga til Times kjem seinare denne månaden.
 

Emneord: Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 8. sep. 2010 13:20 - Sist endret 8. sep. 2010 15:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere