Øver akuttmedisin før det blir alvor

Medisinstudentane ved UiO må no ta ei obligatorisk øving i akuttmedisin saman med sjukepleiestudentar frå Høgskolen i Oslo. Det skjer den siste veka før dei er ferdige legar og skal ut i turnusteneste i heile landet.  

ØVER MED DOKKER: Medisinstudentar frå UiO og sjukepleiestudentar frå Høgskolen i Oslo øver seg på pasientdokker under lagarbeidet i akuttmedisin.

 

Foto: Ola Saether

– Det er utruleg viktig at me har fått gjennomslag for at simulering i akuttmedisin med både leiing, samhandling og kommunikasjon som viktige element, skal vera obligatorisk for alle medisinarstudentar. Nokon av oss har kjempa for det i mange år, og det er fint å sjå det i praksis hos det første medisinarkullet som må gå gjennom dette kurset, seier medisinprofessor Per Hjortdahl på Institutt for helse og samfunn ved UiO.

Trenar med andre yrkesgrupper

Tidlegare fekk ingen medisinstudent trening med simulering og tilbakemelding i akuttmedisin og samhandling med andre yrkesgrupper, før dei blei kasta ut i det under turnustenesta på eit sjukehus. No blir dei drilla i det rett før dei for første gong skal ut og praktisera som turnuslegar.
Uniforum blir med på ei øving i treningslokala til Høgskolen i Oslo.

Der blir legestudentane, sjukepleiestudentane og anestesisjukepleiarane delte inn i fire ulike grupper som alle må gå gjennom ei simulering av fire tilfelle med pasientar som kjem inn med ulike skadar til akuttmottaket. Teamleiaren for kvar gruppe er alltid ein legestudent. Kurset har fått namnet StudentBEST.

– Kan gi betre samarbeidsklima

– Dette er lagarbeid som får kvar enkelt til å sjå kva rolle dei ulike aktørane i det akuttmedisinske teamet har. Eg trur at det på den måten blir lettare for framtidas legar å sjå kor viktig jobb sjukepleiarane og anestesisjukepleiarane gjer, samtidig som sjukepleiarane også får eit innblikk i legane sin jobb. Dermed er det ikkje sikkert at det blir den nasegruse beundringa lenger. På den måten trur eg desse øvingane også kan føra til eit betre samarbeidsklima mellom helseprofesjonane på sjukehusa, seier Hjortdahl.

Han er også svært nøgd med at Det medisinske fakultetet og Høgskolen i Oslo har klart å få til eit samarbeid om eit felles kurs i akuttmedisin for medisinstudentar og sjukepleiestudentar. – Dette er eit spennande nybrottsarbeid, synest han.

Fire øvingsrom blir fire akuttmottak

Den første timen blir innleia med at ein medisinarstudent må leggja seg opp i ei sjukehusseng. Ein annan legestudent blir kalla opp for å finna ut korleis senga fungerer og kva som må til for at det skal bli lettare for legar og sjukepleiarar å behandla pasienten. Til slutt må han finna ut kvar hovudpulsåra går og kva andre delar av kroppen som kan undersøkjast for å finna meir ut om tilstanden til pasienten.

Når det er gjort, blir medisinstudentane og sjukepleiestudentane delte inn i fire grupper, før dei blir sende ut til fire øvingsrom som alle er utstyrte som akuttmottak. I alle romma ligg pasientdokker i naturleg storleik. Ein pasient skal ha fått hjartestans, ein annan skadar etter ein påkjørsel og ein tredje skal ha kome i klem mellom ein lastebil og ein murvegg. Når alarmen går, får akutteamet melding om kva som har skjedd, og etter forskjellige prøvar får dei også svar på kva indre skadar pasienten kan ha. Til slutt set dei i gang med hjartekomprimering og vurdering av skadane til pasienten.

Evaluerer lagarbeidet

Etter å ha redda livet til den fiktive pasienten, set dei seg ned og evaluerer arbeidet dei har utført ved hjelp av videoopptak. På oss verkar det som dei er svært sjølvkritiske, medan øvingslæraren gir dei skryt og får dei til å halda motet oppe. Mellom øvingslærarane er også ein av Noregs mest kjende akuttmedisinarar, Gaza-legen Erik Fosse, som til dagleg leier Intervensjonssenteret ved Rikshospitalet. Øvingane til legestudentane blir ikkje katastrofale.

– Ingen pasient døyr

– Ingen av pasientane døyr. Det har me programmert alle øvingane til. Men på enkelte av øvingane er det like før. Røynslene våre viser at alle studentane lever seg så godt inn i øvingane at det ville vera ei for stor psykisk påkjenning om dei skulle oppleva at dei ikkje klarte å redda ein av desse fiktive pasientane, seier Hjortdahl.

I læringsmålet for StudentBEST-kurset står det at formålet er at studentane skal forstå kor viktig det er med god samhandling mellom pasientar og andre helsearbeidarar. Dei skal også ut ifrå kunnskap om akuttsituasjonar kunna setja i verk livreddande tiltak og fylgja opp føreskriven behandling og undersøkingar.

Samtidig skal dei få innsikt i den psykiske påkjenninga det er å ta avgjerder utan å ha all informasjon, måtta arbeida med avgrensa ressursar og få eit bilete av kor viktig det er med ”debriefing” etterpå. Studentane skal også kunna vurdera pasientar med viktige akutte sjukdomsbilete og skadar. Kurset skal i tillegg motivera studentane til å møta pasientar og pårørande i ein akuttsituasjon med respekt og omsorg.

– Fordel med trening

Målet er at øvingane i akuttmedisin skal gjera studentane både i medisin og sjukepleie betre ute i felten når det er alvor.

– Det er eigentleg underleg at det har tatt så lang tid å få innført eit obligatorisk kurs i akuttmedisin med vekt på leiing, kommunikasjon og samhandling på desse to studia. Alle vil oppleva dette når dei er ute i praksis på sjukehusa. Då må det vera ein stor fordel at dei har trena på det, før dei tar imot dei første pasientane på akuttmottaket, synest Hjortdahl.


 

Emneord: Medisin, Studentforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2010 15:25 - Sist endra 5. juni 2010 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere