UiO skal setja større preg på byen

– Det er svært viktig for både universitetet og Oslo kommune at me blir meir synlege i sentrum. Difor har me ambisjonar om at UiO på lang sikt kan etablera eit permanent forskingstorg på Tullinløkka, med utstillingar om vitskap i Historisk museum og Nasjonalgalleriet, seier rektor Ole Petter Ottersen.

MEIR SYNLEG: Rektor Ole Petter Ottersen vil gjerne setja i verk tiltak som kan gjera Universitetet i Oslo meir synleg i Oslo sentrum.

Foto: Ola Sæther

– Draumen er at dette kan realiserast i samarbeid med dei institusjonane som driv Forskingstorget i dag, inkludert Forskingsrådet, fortel UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum.

Nokre av visjonane hans for universitetet i sentrum er likevel meir konkrete enn andre. Det kan få positive fylgjer for Det juridiske fakultetet.

– I dag er institutta og sentra spreidde rundt i bygningar frå St. Olavs plass til Vika. No kan me få høve til å vurdera å flytta inn i bygningane langs Kristian Augusts gate som i dag blir leigde ut til mellom andre privatskulen Treider og Nasjonalmuseet for kunst. Håpet vårt er at me kan få samla nokre av dei miljøa som i dag held til i leigde lokale, i dei lokala.

– Og så kunne Tullinløkka gjerast om til eit permanent forskingstorg med uterestaurantar og kafear, og om me får stengt Kristian IVs gate, vil Tullinløkka kunna hengja saman med Universitetshagen. Med vitskapsutstillingar i Historisk museum og i Nasjonalgalleriet kunne det bli ein viktig del av formidlingverksemda til universitetet, i tillegg til det som allereie går føre seg på Blindern, trur Ottersen.

– Kostar UiO 40 millionar

Teknisk direktør Frode Meinich stadfestar at universitetet har fått ein førespurnad frå det statlege eigedomsbyrået Entra om UiO kan tenkja seg å flytta inn i dei lokala som blir ledige i Kristian Augusts gate når Nasjonalmuseet for kunst flyttar ut.

– I dag kostar det Universitetet i Oslo 40 millionar kroner å ha desse institutta og sentra i leigde lokale i sentrum. Entra har skaffa seg disposisjonsrett til store delar av den bygningsmassen i Kristian Augusts gate som vender ut mot Tullinløkka, og som no ikkje skal nyttast til Nasjonalmuseet.

– Tanken er altså å samla dei institutta og sentra som i dag leiger lokale rundt i heile sentrum, på ein sentral plass i nærleiken av Det juridiske fakultetet. Førebels er dette berre på idéstadiet, men om alt klaffar, kan det realiserast i løpet av fire eller fem år, trur Frode Meinich.

Skapar betre forhold til Oslo kommune

Ottersen er viss på at desse visjonane kan vera med på å skapa eit endå betre forhold mellom universitetet og Oslo kommune.

– Arrangementet UniverCity var veldig positivt og viste fram korleis det er mogleg å få til eit nærare samarbeid mellom UiO og Oslo kommune. Sett saman med eit møte me nyleg hadde med Oslo kommune, ser me mange måtar forholdet mellom oss kan utviklast på. Også den politiske leiinga i Oslo er positiv til tanken om at universitetet må vera meir til stades i sentrum.

– Akkurat som arkitektprofessor Peter Butenschøn sa, så er det noko flott med alle dei stadene som har eit universitet som set preg på byen, fortel Ottersen.

Det vil likevel ikkje seia det same som at UiO vil prioritera ned universitetsområdet på Blindern.

– På ingen måte. Det vil framleis vera der dei aller fleste studentane og tilsette kjem til å vera også i framtida. Men det må vera mogleg å ha to tankar i hovudet samtidig, meiner han.

Ottersen er heilt sikker på at Oslo kommune vil få mykje igjen for å satsa på eit nærare forhold til det nasjonale hovudstadsuniversitetet UiO.

– Tenk på det enorme kompetansen UiO og dei universitetstilsette har gjennom det internasjonale forskarnettverket sitt. Universitetet er ein portal for kompetanse til heile Oslo-regionen og arbeidslivet i dette området. Det kan også vera til stor nytte for Oslo kommune med tanke på internasjonale forskarkonferansar og andre viktige møte som kan bli lagde hit. Dette er ein vinn-vinn-situasjon som begge partar vil få utbyte av, trur Ottersen.

Open for kontordag i sentrum

Neste år skal UiO markera seg gjennom feiringa av 200-årsjubileet. Visjonane for Tullinløkka trur han ligg mellom 5 og 15 år fram i tid. Han ser likevel mindre tiltak som kan gjera UiO meir synleg i sentrum ganske snart.

– Eg er open for å ha ein kontordag på universitetet i sentrum av og til, seier Ottersen. Derimot trur han ikkje det blir aktuelt å flytta heile universitetsleiinga dit.

– Det blir for drygt, synest han.


 

Emneord: Universitetspolitikk, Strategisk plan Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2010 11:49 - Sist endra 3. feb. 2010 12:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere