Prorektor ville mekla – truga med sparken

Prorektor Haakon Breien Benestad ville gjerne mekla i konflikten mellom Arnved Nedkvitne og UiO i 2008. Då fekk han eit brev frå rektor Geir Ellingsrud, der han blei truga med å få sparken som prorektor, stadfesta Benestad i Oslo Tingrett torsdag 14. januar.  

TRUGA MED SPARKEN: Tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad blei truga med å få sparken som prorektor etter at han foreslo å mekla i konflikten mellom Nedkvitne og UiO. Her sit han saman med tidlegare viserektor og noverande prorektor Inga Bostad.(Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Det var dette vitnemålet frå tidlegare prorektor Haakon Breien Benestad som var det mest dramatiske som skjedde i arbeidsrettssaka mellom Arnved Nedkvitne og Universitetet i Oslo torsdag 14. januar. Men også vitnemålet til tidlegare instituttleiar Jorunn Bjørgum om korleis ho braut saman i gråt, då ho las e-postar frå Nedkvitne der han hadde trekt inn familien hennar, kan ha gjort inntrykk på retten.

– Ville gjera noko mindre drastisk

Tidlegare prorektor og medisinprofessor Haakon Breien Benestad var redd saka mot Nedkvitne kunne skada renommeet til Universitetet i Oslo. Han meinte saka likna litt på konflikten mellom jussprofessorane Carl August Fleischer og Johs. Andenæs.

– Som lege tenkte eg på om det kunne liggja noko anna bak som kunne samanliknast med saka til Arnold Juklerød. Etter ei stund blei eg kontakta av ein tidlegare medisinkollega, Iversen, som no var student hos Nedkvitne. Han gav masse skryt av han som rettleiar. Det gjorde at eg bestemte meg for å ta opp saka på rektoratmøtet. Der foreslo eg at me kunne gjera noko mindre drastisk enn å seia opp Nedkvitne, fortalde Benestad.

Truga med å få sparken som prorektor

– Forslaget blei avvist og fekk det konsekvensar for deg? spurde Nedkvitnes advokat Preben Moe Fredriksen.

– Ja, fordi eg hadde vore i kontakt med medisinaren Iversen for å finna ut om det var noko psykisk i denne saka. Det var det ikkje. Men Iversen hadde vend seg til meg for å spørja om eg kunne gå inn og vera meklar i saka. Konsekvensen blei at eg fekk ei skriftleg tilrettevising frå rektor Geir Ellingsrud om at viss eg gjekk vidare i denne saka, ville det få alvorlege konsekvensar for meg.

– Altså få deg avsett? spurde Mo Fredriksen.

– Ja, dei ville få meg avsett som prorektor, stadfesta Benestad. Han blei også spurt om han ville vera med på den vidare handsaminga av saka mot Nedkvitne.

– Ja, forholdet mitt til rektor Geir Ellingsrud var så dårleg at denne saka ikkje kunne gjera noko verken frå eller til. Då Mo Fredriksen ville vita kva Benestad tykte om måten initiativet hans om å løysa Nedkvitne-saka blei møtt med i rektoratet, svarte han:

– Det var interessant, men pinleg!

Universitetet i Oslos advokat Elisabeth Stenwig ville gjerne vita om han hadde fått e-postane til Nedvitne og kva han tykte om dei.
– Som prorektor fekk eg dei, og dei hadde ei form som eg ikkje ville ha brukt.

– Var ikkje grunnen til at du fekk brevet med tilrettevising at du hadde brote teieplikta i ei personalsak?

– Det forstår eg ikkje for eg var ikkje inne i denne saka.

– Kan du stadfesta at du hadde e-postkorrespondane med Iversen og at det blei brukt ord frå psykiatrien om Arnved Nedkvitne?

– Ja, det er rett.

Sjikanert av mellomalderprofessorar

Historieprofessor Jorunn Bjørgum, som var instituttleiar frå 2005 til 2008, og frå 2000 til 2003, måtte også i vitneboksen i dag. Ho blei spurt av advokat Stenwig om ho hugsa første gongen ho blei konfrontert med problem i forhold til Nedkvitne.

– Det var då førsteamanuensis og mellomalderhistorikar Jon Vidar Sigurdsson kom og bad om å bli overført til Mellomaldersenteret. Grunnen var han følte seg sjikanert av dei to professorane i mellomalderhistorie

– Kven var dei to professorane? ville Stenwig vita.

– Ole Jørgen Benedichtow og Arnved Nedkvitne, sa ho.

–Tok til tårene

Så kom Stenwig inn på saka til stipendiat Risøy. Den tidlegare instituttleiaren stadfesta at ho hadde vore inne i den saka.

– Risøy kom inn på kontoret mitt og fortalde at ho var blitt sjikanert av Nedkvitne på kandidatfesten og på andre samvær. Difor bad ho om å bli overført til Mellomaldersenteret. Det hadde vore så tøft for henne at ho tok til tårene på kontoret mitt. Det gjorde inntrykk på meg, fordi eg kjende henne som ein svært sterk person. Det er viktig å oppfylla slike ynskje frå dei tilsette, meinte ho.

Stenwig ville også vita grunnen til at Nedkvitne ikkje ville registrera arbeidet sitt i Frida.

– Han ville ikkje registrera ei bok han hadde skrive, fordi han hadde gjort det i fritida. Difor kunne han heller ikkje få driftsmidlar for 2005, sidan han ikkje hadde gjort arbeidet i arbeidstida. Då fekk eg brev frå Nedkvitne om at han gjerne ville ha desse pengane likevel. I eit styremøte såg me ingen grunn til å endra det tidlegare styrevedtaket. Men hausten 2006 bestemte rektor Geir Ellingsrud at instituttstyret likevel skulle utbetala driftsmidlar for 2005 til Nedkvitne. Instituttet kunne sjølv velja om dei ville føra det på 2005– eller 2006–budsjettet, hugsa ho.

– Sjikanerande e-postar frå Nedkvitne

Bjørgum kunne også slå fast at det blei vedtatt å setja i gang ei arbeidsmiljøundersøking på instituttet av dekan Bjarne Rogan og rektor Arild Underdal i 2003.

– Vedtaket blei gjort på grunnlag av problem som Nedkvitne hadde skapt i 2002, og som hadde gitt han ei tilrettevising, fortalde den tidlegare instituttleiaren.

– Undersøkinga blei likevel ikkje sett i gang før i 2005 på grunn av alt arbeidet omorganiseringa av institutta skapte for oss i 2004. I august 2005 blei eg kalla inn til eit møte med personaldirektøren og HMS-seksjonen. Då sa eg at me ikkje hadde noko spesielt ynskje om ei arbeidsmiljøundersøking. I oktober 2006 fekk eg vita at psykologen Bjørn Eklund var plukka ut til å utføra undersøkinga. Då eg møtte han i 2006, sa eg at me ikkje hadde generelle arbeidsmiljøproblem, men at det største problemet var dei sjikanerande e-postane til Nedkvitne, konstaterte ho.

Bjørgum svarte nektande på eit spørsmål frå Stenwig om ho jobba for å få Nedkvitne oppsagt på dette tidspunktet.

– Nei, det trudde eg ikkje var mogleg verken politisk eller juridisk. Det eg arbeidde for, var å få han til å slutta med å gå til åtak på folk gjennom e-postar eller å få han overført til eit anna institutt eller leggja han i ei stilling direkte under fakultetsleiinga, fortalde Bjørgum, som håpa at arbeidspsykolog Ekelund kunne koma i dialog med Nedkvitne.

– Håpet var at dialogen kunne føra til endra praksis. Det gjekk ikkje, viste det seg, slo ho fast.

– Storgret på kontoret

Bjørgum reagerte kraftig på omtalen som Nedkvitne gav henne i e-postane som han sende til alle på instituttet og mange eksterne.

– Eg opplevde dei som ubehagelege, fordi det ikkje var fagleg kritikk, men personåtak. Det er spesielt å få dei i ein e-post. Ein dag braut eg saman og storgret på kontoret, etter at eg hadde fått eit brev der han hadde trekt inn familien min, og alt som står om den er usant. Det står at eg er systera til broren min, (Carl I. Hagen, red. merknad) og indirekte skriv han i e-posten at eg forfektar dei same politiske synspunkta som han. Til orientering stemmer eg SV, men eg har eit svært godt forhold til broren min.

– Eg reagerte også sterkt på at Nedkvitne påstod at eg kom frå ein borgarleg, kapitalistisk familie. Sanninga er at faren min var statsfunksjonær og me vaks opp i eit treroms husvære. Påstanden om at eg hadde ein plan for å byggja ned mellomalderhistorie er også usann. Eg har heller aldri skeivfordelt til fordel for moderne historie. Desse påstandane gjorde svært vondt. Eg har vore innanfor ei forvalting der me måtte gjera best mogleg ut av det faktum at talet på vitskaplege stillingar er redusert frå 33 til 20.

– Mot slike påstandar blir ein heilt makteslaus, for ein kan ikkje forsvara seg offentleg. Det var heilt umogleg for meg å handtera denne saka, sidan eg var hovudskyteskiva. Difor overlet eg den til ein annan person i instituttleiinga, fortalde ho.

– Årelang frustrasjon

Mo Fredriksen ville vita om ho hadde vore på allmøtet 22. januar 2008.

– Nei, der var eg ikkje, men eg fekk det referert. Eg har høyrt at det kom litt ut av kontroll. Det tolkar eg som uttrykk for årelang frustrasjon. Vil seia meg lei for at det kom slike krasse utsegner. Det var utanfor min kontroll, meinte Bjørgum.

– Løpejenta

Også hovudverneombod Mette Børing vitna om åtferda til Arnved Nedkvitne.

– Eg blei kalla for løpejenta til universitetsleiinga, men fleire medieoppslag det siste året, viser at eg kritiserer leiinga ved UiO, når det er naudsynt, sa ho.

– Omhyggeleg

Historieprofessor Knut Kjeldstadli hadde vore undervisningsleiar på instituttet i ein periode og hadde då hatt kontakt med Nedkvitne.

– Eg kalla han ikkje inn til møte, men gjekk inn på kontoret hans for å snakka med han om eg hadde noko på hjarta. Det galdt å vera litt meir omhyggeleg med han enn med andre personar fordi han hadde ei forhistorie med andre personar i leiinga, understreka han.

Advokat Mo Fredriksen ville gjerne vita kva Kjeldstadli tykte om allmøtet 22. januar 2008.

– Folkedomstol

– Det skulle vera eit møte der instituttleiinga skulle gjera greie for Nedkvitnes stilling. Viseinstituttleiar presenterte saka og gjorde det med karakteristikkar av Nedkvitne som eg meinte han ikkje burde ha brukt. Det var fleire som var opphissa. Møtet hadde tilløp til å bli ein folkedomstol. Eg forsøkte difor å seia frå om forma på møtet. Det skulle vera innlegg til diskusjon, men blei innlegg imot Nedkvitne, syntest Kjeldstadli.

Han hadde skrive under på ei intern oppfordring om at noko måtte gjerast med e-postsendingane til Nedkvitne, men ikkje på underskriftslista som to av fagforeiningane stod bak.

– Ikkje svært godt rykte

Administrativ leiar Kristin Kjellberg gjorde det klart at dei visste kva dei gjorde då Nedkvitne blei tilsett i 1994.

– Han hadde ikkje eit så svært godt rykte på seg frå Universitetet i Trondheim. Me visste at han var ein dyktig fagperson, men ikkje så god på det sosiale området. Til å byrja med deltok han også på fellesmiddagar på lange arbeidsdagar. Eg fekk inntrykk av at han etter kvart fasa litt ut, meinte ho.

– Ville byggja mellomalderhistorie åleine

Mellomalderhistorikaren Jon Vidar Sigurdsson var den siste som vitna torsdag. Han fortalde om kvifor han bad om overflytting til Mellomaldersenteret.

 

MOTPARTAR: Den oppsagde mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe møter kvarandre kvar dag i arbeidsrettsaka i Oslo Tinghus denne veka. (Foto: Ola Sæther)

– Det var heilt umogleg å vera i eit fagmiljø utan å kunna samarbeida med fagfellar. Nedkvitne ville gjerne byggja opp mellomalderhistorie på instituttet, men han ville gjera det åleine, ikkje saman med oss to andre, fortalde Sigurdsson.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe avviste tidlegare på dagen også at UiO hadde kome med tilbod om ei AFP-ordning for Nedkvitne etter at han var blitt sagt opp.

– Nei, eg sluttar opp om styrevedtaket, og då var han formelt sett heller ikkje tilsett ved UiO, understreka ho.

– Men de kunne jo berre ha tilsett han for eit par månader for å retta på det, meinte Mo Fredriksen.

– Det har eg ikkje vurdert som aktuelt, sa Bjørneboe.

Fredag held saka fram. Då skal mellom andre HR-direktør Anita Sandberg vitna.


 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2010 23:29 - Sist endra 16. jan. 2010 14:11

At valgt prorektor fikk tilrettevisning for å undersøke muligheter til megling og trussel om sparken viser en dysfunksjonal organisasjon.

Det var allerede betenklig at regjeringsadvokaten sa i sin prosedyre: At dei tilsette i universitetssektoren – når dei er på arbeid – har ein mykje meir av­­grensa ytringsfridom enn den som gjeld etter grunnlova.”

Gjelder grunnloven ikke helt ut i universitetssektoren?

Lov om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett (menneskerettsloven) bestemmer i § 3 at «Bestemmelsene i (menneskeretts-)konvensjoner og protokoller (...) skal ved motstrid gå foran bestemmelser i annen lovgivning.»

Er det lov å si ifra og ta til motmæle når det foreligger marginalisering og mobbing? Krass ordbruk er åpenbart en reaksjon.  

 

walterk@hist.no - 31. jan. 2010 08:56

Virkningene av Nedkvitne dommen

Er (arbeidsmiljø-)problemene i UiO nå løst? Hvordan vil det gå videre? Blir nå alt som det var før?

Dette er en problemstilling som gjelder også hele offentlig sektor langt utover universitetene.

Bare halvparten av statsansatte er fornøyd med nærmeste leder. Statlige ledere holder ikke mål. Allikelvel er ”i praksis imidlertid den øredøvende taushet å være kanskje det mest karakteristiske når det gjelder arbeidstakeres uttalelser" (Henning Jakhelln: "Ytringsfrihet i arbeidsforhold").

Tier ansatte fordi de frykter at ledelsen ikke takler kritikk? Sikker er det at imidlertid at det ikke vil bli bedre når ansatte ikke tørr si hva misnøyen gjelder.

Sjefer som svikter sine ansatte må ta skylden for høyt sykefravær i egne rekker. Ansatte som har tillit til ledelsen og vurderer kvaliteten på ledelsen som god, er mindre sykmeldte, sier Randi Wagø Aas, forskningssjef ved IRIS ved Universitetet i Stavanger til Dagbladet.

Vil ledelsen nå bruke dommen for å opprettholde og fremme den øredøvende taushet? Truer dommen ytringsfriheten? Har ledelsen fått et nytt maktmiddel? Vil folk nå pålegge seg selvsensur?

walterk@hist.no - 14. feb. 2010 19:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere