Terje Lømo heidra av Kongen

Medisinprofessor Terje Lømo ved UiO er utnemnd til Kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for det banebrytande, vitskaplege arbeidet sitt. Hovudargumentet til Hans Majestet Kong Harald V for denne utnemninga er Terje Lømos oppdagingar innanfor nevrobiologi.  

KOMMANDØR:  Når me forskar på kvite felt på kartet, vil me før eller seinare oppdaga nye ting, sa medisinprofessor Terje Lømo etter at han var blitt utnemnt til Kommandør St. Olavs Orden for det vitskaplege arbeidet sitt.

Foto: Martin Toft

– Eg ville ikkje ha trudd på det, om nokon for ein månad sidan hadde fortalt meg at eg skulle få ein slik heider, sa Terje Lømo etter utdelinga i Atriet i Domus Medica onsdag 9. desember. Han vedgjekk rett nok at han hadde gjort nokre oppdagingar som hadde vekt oppsikt over heile verda. I 2003 fekk han Anders Jahres store medisinske pris for dei funna han hadde gjort.

Beste modellen for læring og minne

– Då eg oppdaga det me seinare kalla for Langtidspotensiering (LTP) i hjernen i 1966, vekte det ikkje så mykje oppsikt akkurat då. Heller ikkje då Timothy Bliss og eg forska vidare på dette funnet og publiserte ein ny vitskapleg artikkel i 1968. Det felles funnet eg publiserte saman med ein annan forskarkollega, Jean Rosenthal  i 1972, blei det mykje meir merksemd rundt. Hovudkonklusjonen vår var at det var nervecellene i ryggmargen som styrte muskelcellene. Det er først frå 1980-talet at oppdaginga av LTP i hjernen frå 1966 har overskygga oppdaginga frå 1972, slo han fast.

Den prosessen som han oppdaga, er no internasjonalt rekna som den beste modellen for læring og minne.

– Vil før eller seinare oppdaga nye ting

– Det eg har drive med, kallar eg for ei hypotesegenererande form for forsking. Når me forskar på kvite felt på kartet, vil me før eller seinare oppdaga nye ting, sa han, før han takka både gode kollegaer, instituttet, fakultetet og Universitetet i Oslo for dei gode arbeidsvilkåra han hadde hatt som forskar.

– Det er fint at eg i langt framskriden alder framleis får lov til å arbeida her på UiO, la han til.

– Utgangspunkt for 21 000 vitskaplege artiklar

I talen sin til prisvinnaren var professor i molekylærbiologi, Kristian Gundersen, opptatt av å visa kor høgt forskingsarbeidet til Terje Lømo er verdsett internasjonalt.

–  Forskingfunna til Terje Lømo om Langtidspotensisering (LTP) i hjernen har vore utgangspunkt for 21 000 vitskaplege artiklar over heile verda. Det er slikt som dei flest andre forskarar berre kan drøyma om. Det funnet han gjorde i 1966 er truleg det viktigaste spranget som er gjort for å forstå grunnlaget for læring. Og det er dette 43 år gamle funnet som er hovudgrunnen til at me er samla her i dag, slo han fast.

Også nestoren innanfor hjerneforskinga i Noreg, pensjonert professor Per Andersen, tok ordet.

– Eg tar gjerne æra for å ha shanghaia deg,Terje Lømo inn i hjerneforskinga. Den gongen hadde me ein god kontakt i Forskingsrådet, og det tok ikkje meir enn tre veker før me fekk ordna finansiering for forskinga di. Det var tider det, Terje, humra han.

 

 

 

 

Emneord: Medisin, Priser Av Martin Toft
Publisert 10. des. 2009 11:51 - Sist endra 10. des. 2009 12:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere