Kurs kurerer fusk

Dei utanlandske studentane på internasjonal helse får kurs i god kjeldebruk og bruk av eigne ord i heimeeksamenar.  – Det fører til langt færre tilfelle av oppgåver som ikkje kan godkjennast, seier professor Akthar Hussein og studiekoordinator Vibeke Christie.  

KUNNE BLI UTVISTE: – Me fortalde dei utanlandske studentane at dersom dei ikkje fylgde god skikk for kjeldebruk og referansar, kunne dei risikera å bli utviste frå Universitetet i Oslo, fortel medisinprofessor Akhtar Hussain og studiekoordinator Vibeke Christie ved Internasjonal helse og allmennmedisin.

Foto: Martin Toft

Den 22. september melde NRK at alle dei ti studentane som var tatt for eksamensfusk ved UiO i 2008, var utanlandske.

Medisinprofessor Akthar Hussein og studiekoordinator Vibeke Christie ved Internasjonal helse og allmennmedisin trur at bakgrunnen kan vera andre eksamenstradisjonar, og ikkje medvite fusk.

– Eg har sjølv vore student i heimlandet mitt, Bangladesh, og der er tradisjonen at ein på skuleeksamen berre skriv ned alt som ein har pugga frå pensum. Den som er flinkast til å pugga pensum, gjer det også best på eksamen.

– På mange universitet i Asia og Afrika er det ikkje tradisjon for å læra studentane opp i original tenking gjennom problembasert læring, og dermed lærer ikkje alle kjeldebruk. Det har me fått merka hos oss, fortel Akthar Hussein.

Starta kurs i god kjeldebruk

På masterstudiet i internasjonal helse var tidlegare rundt to tredelar av studentane frå Asia og Afrika. Studiekoordinator Vibeke Christie vedgår at det førte til ein del uventa problem i byrjinga.

– Då dei fekk heimeeksamen, skreiv dei berre rett frå pensumlitteraturen i staden for å finna ulike kjelder og bruka eigne ord i argumentasjonen sin. Me peika på det, men då syntest dei det var rart, sidan forfattarane av bøkene skreiv endå betre engelsk enn dei. Då me oppdaga dette problemet, strauk me alle dei studentane som ikkje hadde gjort ein original heimeeksamen, fortel Christie.

– Samtidig sette me i gang kurs der me gav dei opplæring i rett kjeldebruk og i bruk av eigne ord i argumentasjonen, og ei innføring i kva som var å rekna som plagiering. Resultatet blei at dei aller fleste lærte seg å skriva originale oppgåver, seier Christie.

– Ingen tilfelle av fusk

For at studentane skulle forstå kor viktig dette var, måtte Vibeke Christie og Akthar Hussein ta ein alvorsprat med dei.

– Me fortalde dei at dersom dei ikkje fylgde god skikk for kjeldebruk og referansar, kunne dei risikera å bli utviste frå Universitetet i Oslo. Først då gjekk det opp for dei kor viktig det var å levera inn heimeeksamenar med originale tankar, i staden for oppgulp frå pensumlitteraturen, seier Christie og Hussein.

No har alle masterstudentane innføringskurs i god kjeldebruk ein gong i løpet av det første semesteret.

– Det har difor ikkje vore tilfelle av eksamensfusk frå masterstudentar hos oss dei siste åra, seier Akthar Hussein.

– Ver ikkje blåøygde

Han synest difor det er viktig for både media og andre ikkje å generalisera når det gjeld utanlandske studentar og fusk.

– Det er ikkje bra om alle utanlandske studentar får merkelapp som juksemakarar. Ofte er dei i god tru og gjer det ikkje med vilje. Men universitetslærarar skal heller ikkje vera så blåøygde at dei ikkje trur fusk vil skje, også blant dei utanlandske studentane. Då skal dei sjølvsagt få den same straffa som norske studentar ville ha fått, meiner Akthar Hussein.

Som medisinprofessor ser han også at tradisjonen med dårleg eller inga opplæring i original tenking i oppgåver, forplantar seg heilt opp til dei som kjem til Noreg som doktorstipendiatar.

– Mange av dei har aldri skrive ei sjølvstendig masteroppgåve før, til naud kanskje berre eit enkelt essay. Me plukkar difor heilt medvite ut dei beste masterstudentane våre til doktorstipenda, fordi me veit at dei har fått den naudsynte opplæringa i kjeldebruk og bruk av eigne ord i argumentasjonen i ei oppgåve, slår han fast.

– Skriv ikkje artiklar eller oppgåver

– Eg trur det først og fremst handlar om at innanfor desse tradisjonane skriv ikkje studentane artiklar eller oppgåver før dei kjem opp på doktorgradsnivå. På bachelornivået har dei ikkje hatt heimeeksamenar, og difor har dei ikkje vore nøydde til å referera før dei kjem til oss på masternivå, seier Christie.

Hussein og Christie trur at dei røynslene dei har hatt, kan brukast av andre fag.

– Alle fag som har utanlandske studentar, bør kunna halda eit innføringskurs i god kjeldebruk for dei. Då vil dei unngå mange problem i framtida, trur dei.
 

 

Emneord: Studentforhold, Internasjonal samfunnshelse Av Martin Toft
Publisert 6. okt. 2009 16:53 - Sist endra 6. okt. 2009 17:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere