Best etter leggjetid

– Den beste ideen min fekk eg ein gong eg sat på toalettet heime. Det er vanskeleg å tenkja seg korleis det skal passa inn i eit tidsregistreringsskjema, seier stipendiat Carl Henrik Knutsen på Institutt for statsvitskap ved UiO. Uniforum har fylgd han nokre dagar for å finna ut korleis eit forskarliv er.  

FORSKAR: Når Carl Frederik har lagt seg, får Carl Henrik Knutsen tid til å setja seg framfor PC-en for å førebu vitskaplege artiklar og lesa e-postmeldingar.  

Foto: Ola Sæther

Den første dagen me treffer Carl Henrik Knutsen, må me heim til han. Då er han heime med den forkjøla sju år gamle sonen sin, Carl Frederik. Den dagen blir det lite forsking og mykje leik.

Delt omsorg

– Mora hans og eg har delt omsorg for sonen vår. Carl Frederik er ei veke hos meg og ei veke hos henne heile året. Den veka eg har ansvaret for han, blir det mindre forskingsaktivitetar. Då har eg vanleg kontortid frå kvart på ni om morgonen til fire om ettermiddagen.

– Den veka eg ikkje har han, forskar eg derimot frå klokka ti om morgonen til ti om kvelden. Når han har lagt seg, brukar eg likevel å ta ei økt på PC-en, der eg prøver å skriva litt på forskingsartiklar eller førebur meg til undervisning. På den måten blir eg veldig flink til å disiplinera meg, fortel han.

Ein vanleg arbeidsdag startar med at han og sonen står opp kl. 7.15, et ein rask frukost, går rett til skulen som startar 8.30, før Carl Henrik Knutsen kjem på kontoret ved Institutt for statsvitskap eit kvarter seinare.

Over undervisningskvoten

Han ristar på hovudet over forslaget frå Kunnskapsdepartementet om å innføra tidsregistrering av forskarar.

 – Nei, det synest eg ikkje noko om. Då er det betre med ein undervisningsrekneskap slik dei har det ved Institutt for statsvitskap, eventuelt saman med eit oversyn over forskingsproduksjon. No har eg allereie kome langt over kvota for kor mykje undervisning eg skal ha på dei fire åra eg er doktorstipendiat, sjølv om eg berre er komen halvvegs.

– Det har eg gjort med vitande og vilje, fordi eg ynskjer mest mogleg tid til konsentrasjon om doktoravhandlinga dei to siste åra av stipendiatperioden. Likevel kan eg aldri rekna med å få tilbake dei ekstra timane eg har brukt på undervisning. Ofte seier eg ja til slike oppdrag fordi eg gjerne vil ha undervisningsrøynsle på CV-en min, fortel han.

Og Knutsen legg ikkje skjul på at han er svært glad i å undervisa.

– Førre semester hadde eg eit eige masterkurs i politisk økonomi. Det var kjempegøy, synest han. To masterstudentar brukar Carl Henrik Knutsen som rettleiar. Fire andre som gjerne ville ha han også, fekk nei. Eg har ikkje tid til å rettleia fleire, om eg skal bli ferdig med mi eiga doktoravhandling, meiner han.

Doktoravhandling om demokrati

Dagen etter møter me han utanfor hovudkvarteret til Fredsforskingsinstituttet (PRIO) i Hausmannsgate i Oslo sentrum. For ved sidan av stipendiatstillinga har han ei tiprosentstilling der som forskar i ei arbeidsgruppe, leidd av ein av dei to rettleiarane hans, Håvard Hegre. Han er også sekretær for ei internasjonal arbeidsgruppe som blir leidd av den andre rettleiaren hans, Helge Hveem.

– I doktoravhandlinga mi prøver eg å finna svaret på forholdet mellom demokrati og økonomiske forhold. Viss ein legg statistiske data til grunn, viser det seg at nokre få diktatur er med blant landa med høgast økonomisk vekst, men langt dei fleste er blant dei med lågast vekst. I gjennomsnitt veks demokrati raskare, og gjer det også mykje betre på andre økonomiske indikatorar.

– I enkelte land i Afrika kan svakt utbygde byråkratiapparat vegast opp av sterke demokratiske institusjonar. Kombinasjonen av svakt utbygd byråkratiapparat og diktatur er derimot katastrofal i Afrika.

Det er nettopp forholdet mellom demokrati og økonomisk vekst i Afrika han går opp på talarstolen for å halda eit foredrag om dagen etter. Då møter me han i 33. etasje på Hotel Plaza. Då deltar han på ein konferanse i regi av Fredsforskingsinstituttet. Han reknar med å få levera inn doktoravhandlinga si om rundt to år.

Uventa avbrekk

Rett før sommarferien skjedde det likevel noko som kunne ha forseinka tidsplanen hans ganske kraftig. Han deltok i ein bedriftskamp i fotball på plenen mellom Idrettsbygningen og Sophus Bugges hus på Blindern.

– Brått trakka eg midt opp på ballen. Eg fall og eg braut foten. Resultatet blei at eg måtte liggja til sengs i fleire veker med foten til vers. Då var det heilt umogleg å bruka PC-en. Dermed måtte eg endra på planane mine. I staden for å skriva dei artiklane eg hadde planlagt å skriva, begynte eg å lesa gjennom all den litteraturen eg skulle gjera meg nytte av i avhandlinga mi.

– Eg tok berre ut tre sjukedagar for dette avbrekket. Om tidsregistreringa hadde vore innført og berre kunne ha blitt godkjent ved at dei vitskaplege tilsette kom og gjekk frå kontoret, måtte eg ha tatt ei sjukmelding på dei seks vekene eg ikkje kom på kontoret, peikar han på.

– Resultata må telja

Knutsen har ikkje noka forståing for dei som no ynskjer å kontrollera arbeidstida til forskarane.

– Om ein forskar kjem klokka 8.00 og går kl. 15.45 kvar dag, så vil ikkje det seia at det treng å vera ein effektiv forskar. Det viktige må vera å finna ut kva forskaren klarer å få til av undervisning, vitskaplege artiklar og rettleiing. Det må vera resultata som tel, ikkje det som skjer før.

– Dette er spesielt viktig i forsking, sidan det er så vanskeleg å måla arbeidsinnsats og korleis denne knyter seg til forskingsproduksjon. Gjennom undervisningsrekneskapen og den nasjonale forskingsdatabasen Frida har Institutt for statsvitskap god kontroll med kva dei vitskaplege tilsette har gjort i løpet av året, er han overtydd om.

– Ein av dei beste ideane mine fekk eg medan eg sat på toalettet heime. Korleis det skal registrerast, forstår eg ikkje, seier han og smiler. Den ideen er no godt integrert i doktoravhandlinga hans, som skal vera ferdig i 2011.                                                                                            

LUNSJ PÅ BLINDERN: Carl Henrik Knutsen et lunsj med mellom andre tidlegare UiO-rektor Arild Underdal på Blindern. (Foto: Ola Sæther)

– Ein liten draum

Før den tid håpar han å få ordna seg eit tre månader langt forskingsopphald ved Colombia University i New York .

– Det er ein liten draum å koma dit og få innspel og tilbakemeldingar på doktoravhandlinga mi. Professor John Hubert har invitert meg over. No skal eg søkja om økonomisk støtte frå Leiv Eiriksson-stipendet til Forskingsrådet for å få råd til å bu og opphalda meg i New York. Sonen min gler seg allereie til å besøkja verdas største leiketøybutikk på Times Square.

Det er forskinga og familien som spelar hovudrollene i livet hans.

– Uansett kvar eg er, er mora til Carl Frederik og eg einige om at det aldri må gå meir enn ein månad før me ser sonen vår. Dessverre må eg ofra det sosiale livet med vennene mine. Ein gong i året prøver eg likevel å samla dei for å halda kontakten ved like.

– Og når du skal kopla heilt av frå forskinga, kva gjer du då?

– Då spelar eg strategispel med meg sjølv. For tida held eg på med eit spel som går heilt tilbake til starten på 100-årskrigen i 1399. Eg haustar faktisk store fordelar av demokrati- og diktaturforskinga mi i det spelet også. Eg tek diktatoriske metodar i bruk, flirer han. Fotballen er han ikkje så ivrig på å ta opp igjen på grunn av skaden.

– Jogging og squash er det nok meir aktuelt å starta med.
 

Emneord: Arbeidsmiljø, Forskning, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 27. okt. 2009 14:53 - Sist endra 9. nov. 2009 00:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere