NTNU slår UiO på verdsranking

For første gong  gjer NTNU i Trondheim det betre enn Universitetet i Oslo på ei liste over dei beste universiteta i verda.  NTNU tar 54. plassen og UiO 55. plassen på rankinglista frå spanske Webometrics som blei publisert i dag. I Europa kjem dei to universiteta på sjette- og sjuandeplass. – Å bli slått av NTNU stimulerer oss til å auka innsatsen, lovar universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

JUBLAR: NTNU-rektor Torbjørn Digernes nummer to frå høgre har mest grunn til å jubla for plasseringa på verdsrankinga frå Webometrics. Han og UiO-rektor Geir Ellingsrud kan begge jubla over at NTNU og UiO er mellom dei tre beste i Norden. (Arkivfoto)  

Foto: Ola Sæther

Massachusetts Institute of Technology blir nok ein gong kåra til verdas beste universitet på rankingslista til Webomtrics. Også denne gongen blir det tett fylgd av Harvard, Stanford og Berkeley-universitetet i California.

Det beste europeiske universitetet kjem først på 22. plass. Ikkje uventa er det Cambridge-universitetet i Storbritannia. I Europa slår det så vidt den argaste rivalen sin, Oxford-universitetet, medan det sveitsiske universitetet Swiss Federal Institute of Technology, ETH Zürich tar tredjeplassen.

Beste universiteta i Norden

På fjerdeplass ligg University College London, like før den nordiske trioen, Helsingfors universitet, NTNU i Trondheim og Universitetet i Oslo. NTNU har gjort eit byks frå 101. plass til 54. plass på verdsrankinga og frå 17.plass til sjetteplass i Europa-ligaen. UiO har gått opp fem plassar til 55. plass i verdsligaen.

Undersøkinga tar likevel som vanleg atterhald når det gjeld plasseringa til Helsingfors universitet fordi det har fleire felles domene med Helsingfors by. Om ein tar omsyn til det, vil NTNU og UiO truleg vera dei beste universiteta i Norden på denne rankingslista.

Uppsala universitet er det beste svenske universitetet på 14. plass, medan det beste danske universitetet, Københavns Universitet kjem på 30.plass i Europa. Universitetet i Bergen er nummer 36.
 

– Gledeleg!

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er godt nøgd med at Universitetet i Oslo går oppover på verdsrankinga.

– Det er gledeleg, og det viser at me arbeider i rett retning. Dessutan er det eit klart prov på at websatsinga vår er den rette vegen å gå. Målet vårt er også å styrkja formidlingsbiten av verksemda til universitetet.

– Kva synest du om at NTNU i Trondheim ligg ein plass over UiO på denne lista?

– Eg vil gratulera NTNU med plasseringa, og det stimulerer oss til å auka innsatsen vår.

Inkluderer webindikatorar

Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning.

Forskarane var veldig overraska over å oppdaga at webindikatorar mangla heilt i evalueringa av universiteta på andre rankinglister. Dei meiner at å vera til stades på Internett betre reflekterer ei stor gruppe variablar som er med i hovudoppgåvene til eit universitet, nemleg undervisning, forsking og kunnskapsformidling.

Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengeleg på Internett. Men dei tar også med tilbodet av digitale bibliotek, databasar, digitale kurs og bidrag på internasjonale forskingskonferansar.

 

Emneord: Internasjonalisering, Rangering Av Martin Toft
Publisert 31. juli 2009 15:14 - Sist endra 31. juli 2009 15:44

Dette er da ikke mer enn ei rangering av hvor bra webben til universitetet er?

roffe@uio.no - 1. aug. 2009 19:07

"Når rankinglista blir sett opp, blir det tatt mest omsyn til kor mange forskingsartiklar kvart universitet har tilgjengeleg på Internett."

Det stemmer ikke, Google Scholar (vitenskapelige artikler) teller bare 15 %. Største faktor er innkommende lenker (50 %).

@Rolf: Ikke det heller, bare hvor synlige/store nettstedene er (kvantitet, ikke kvalitet).

Jeg har prøvd å få dette budskapet gjennom noen ganger... Rankingkåthet og Webometrics

runemart@ntnu.no - 1. aug. 2009 23:34

Webometrics er meint for å promotere open access og mest mogleg open kommunikasjon mellom universitetet og omverda. Dersom det ikkje er snakk om kvalitetsinformasjon, det omverda og andre universiteter forventar når ein søkjer informasjon frå den kanten, så har ein tenkt seg at då går trafikkvolumet ned. Slett ingen dum tanke, og kanskje eit bra korrektiv til dei etterkvart gjennommanipulerte rangeringslistene som ISI web of science har gitt oss på Times sine lister. Rangeringslister kan alltid manipulerast og kan potensielt gi eit veldig skeivt bilete av den faktiske kvaliteten på forskninga.

Pål Magnus Lykkja - 25. aug. 2009 13:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere