Pustar inn metallstøv

Dei tilsette på Instrumentverkstaden på Kjemisk institutt har ikkje eit fungerande punktavtrekk når dei sagar metall. – Metallstøvet går rett i lungene deira. Det er helsefarleg, utbryt hovudverneombod Mette Børing, som har bede Arbeidstilsynet om å gripa inn. – UiO vil først lata Arbeidstilsynet gå gjennom forholda, opplyser teknisk direktør Frode Meinich.  

METALLSTØV: Rune Bjørnestøl, leiar for Instrumentverkstaden på Kjemisk institutt viser korleis metall blir kutta i bitar, utan at punktavtrekket fjernar metallstøvet godt nok.  

Hovudverneombod Mette Børing ristar på hovudet av det ho ser på Instrumentverkstaden ved Kjemisk institutt. Her arbeider det fire personar med utstyr som passar betre på eit museum enn på eit universitet.

– På enkelte arbeidsplassar finst det avtrekkspunkt, men det hjelper ikkje noko særleg når det er så vidt dei syg luft, meiner Børing.
 

– Punktavtrekka fungerer ikkje

Senioringeniør Rune Bjørnestøl er leiar for Instrumentverkstaden, og han er også svært lei seg for at dei som arbeider der har eit arbeidsmiljø som ikkje held mål. Han kan likevel ikkje seia at han sjølv har helseproblem på grunn av den dårlege utluftinga.

– Eg røykjer, så eg tykkjer ikkje eg er den første som bør stå fram og seia at eg blir sjuk av metallstøvet. Som de ser, så har me altså punktavtrekk, men det hjelper ikkje, så lenge dei ikkje fungerer, slår han fast. Det blir heller ikkje vaska og turka støv så ofte som det er behov for.

Må rydda opp avfall sjølve

– Det skal etter planen bli vaska to gonger i veka, men det skjer berre ein gong i veka. Difor må dei tilsette ta eit tak kvar fredag for å kosta vekk metallstøv og anna avfall i verkstaden. Det skortar på reinhaldet, kan me seia, konstaterer han. Ventilasjonsanlegget fungerer heller ikkje slik det burde.

– Frisklufta blir henta mange hundre meter frå der Instrumentverkstaden held til, og om somrane blir det så varmt at me må lufta ut lokalet om morgonen når me kjem på jobb. Men det er truleg tilfellet for mange andre arbeidsplassar på UiO også, legg han til.

Ikkje fått melding

Teknisk direktør Frode Meinich seier at han ikkje er kjent med at dei har fått melding om problem med punktavsuga i Instrumentverkstaden på Kjemisk institutt.

– Eg vil rå dei tilsette der til å ta kontakt med Teknisk avdeling lokalt eller med rådgjevar Vidar Blekastad ved Kjemisk institutt, seier han.

Ber Arbeidstilsynet koma på synfaring

Hovudverneombod Mette Børing gir seg ikkje med dette og viser til at fleire institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har klare brot på Kjemikalieføreskrifta kap. 11. Ho ynskjer no at Arbeidstilsynet skal sjå på dei mest alvorlege tilfella, når dei kjem på synfaring i løpet av hausten.

Børing tar oss med på eit kurslaboratorium i Kjemibygningen.

– Avtrekk ved behandling av farlege kjemikaliar er ikkje ergonomisk rett utført, seier ho og demonstrerer det ved å setja seg ned på ein av arbeidsplassane.

– Det fører til at dei tilsette ikkje kan ha lukene stengde etter føreskriftene når dei arbeider. Arbeidshøgda er feil både når dei står og når dei sit og jobbar i avtrekka. Mange av avtrekka fungerer heller ikkje slik dei skal, har ho fått meldingar om.

Lagrar kjemikaliar i gamle avtrekksskåp

Børing har også registrert at kjemikaliar ikkje blir lagra etter føreskriftene.

– I samband med store undervisningskurs blir det i Kjemibygningen lagra kjemikaliar i store gamle avtrekksskåp med trelister som ikkje fungerer. Desse skåpa kan heller ikkje låsast, har ho notert seg. Når kjemikaliar skal destruerast, blir det behandla individuelt.

– Det fører til forskjellige rutinar på einingane. Det finst ingen sentrale rutinar, presiserer ho.

– Handhygienen på Kjemisk institutt er også mangelfull, på grunn av manglande tilgang på såpe og vaskar, trekkjer ho fram. Vassrøyra ved laboratoria i Kjemibygningen har eira.

– Resultatet er at studentar og tilsette ikkje kan drikka vatn frå springen. Vatn må anten kjøpast eller hentast ved toaletta, seier Børing.

Sprekker i golvet

Heller ikkje laboratoriet på Farmasøytisk institutt slepp unna kritikk frå hovudverneombodet. – Det er sprekker i golvet på laboratoriet ved Farmasøytisk institutt. Og ved heile Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet manglar dei rutinar for nattarbeid, og dei rutinane som finst, blir det synda mot, refsar Mette Børing. Ho har nyleg sendt eit brev til Arbeidstilsynet og bede dei om å koma på synfaring for å sjå på dei mest graverande tilfella. Ho vil ha det det første møtet med Arbeidstilsynet den 10. august.

–Vil lata Arbeidstilsynet gå gjennom forholda

Teknisk direktør Frode Meinich tar kritikken frå hovudverneombod Mette Børing alvorleg, men vil førebels ikkje gjera noko.

– Me vil først lata Arbeidstilsynet gå gjennom dei forholda hovudverneombodet peikar på. Det stemmer ikkje at Universitetet i Oslo ikkje har rutinar for å reinsa gamle ventilasjonsanlegg, slik hovudverneombod Mette Børing påstår i brevet til Arbeidstilsynet.

– Eg er sjølvsagt fullt klar over at ventilasjonsanlegget er over 40 år gammalt, men det blir drifta på ein forsvarleg måte. Kritikken går også på bruken av utstyret og korleis kjemikalia blir tatt vare på. Det kan ikkje me gjera noko med. Det me kan gjera er å syta for at punktavtrekka fungerer. Universitetet i Oslo er fullstendig klar over at bygningen er heilt utsliten.

– Alt som ikkje fungerer, vil me sjølvsagt gjerne ha melding om. Om avtrekka ikkje verkar, kan det vera mogleg at dei blir brukte på feil måte, understrekar Frode Meinich.

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Kjemi Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2009 11:34 - Sist endra 19. juni 2009 12:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere