Rektorvalet blir avgjort i dag

I dag kl. 16.00 blir rektorvalet avslutta ved Universitetet i Oslo. Rundt kl. 16.30 blir det kunngjort om vinnaren er teologidekan Trygve Wyller eller medisinprofessor Ole Petter Ottersen. Uniforum vil bringa intervju med både vinnaren og taparen så snart resultatet er kjent.

VINNAR OG TAPAR: Berre ein av rektorkandidatane Trygve Wyller og Ole Petter Ottersen kan vinna rektorvalet ved UiO, som blir avslutta i ettermiddag. 

Foto: Ola Sæther

Studentar og støttespelarar for dei to rektorkandidatane Trygve Wyller og Ole Petter Ottersen stod og delte ut flygeblad for dei to kandidatane på Frederikkeplassen langt ut på ettermiddagen i dag.  Den endelege kunngjeringa av valresultatet blir kunngjort her i nettutgåva til Uniforum. Så snart me kan, vil me publisera resultatet og kommentarar både frå vinnaren og taparen av rektorvalet. 

debattsidene til Uniforum går framleis diskusjonen ivrig mellom tilhengarane til dei to kandidatane. I dag har både medisinprofessor Jon Storm-Mathisen og professor i statsvitskap Dag Harald Claes kvar sine innlegg.

 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 2. apr. 2009 15:07 - Sist endret 2. apr. 2009 15:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere