Ueinige om forskingssentra

– Sentra for framifrå forsking tar ressursar frå resten av UiO, meiner rektorkandidat Trygve Wyller. – Det seier han berre fordi eg kjem frå eit slikt senter. Wyller omfamnar Tora Aaslands rosemåling av situasjonen på UiO, repliserer motkandidat Ole Petter Ottersen.  

IKKJE EINIGE: Rektorkandidatane Ole Petter Ottersen (t.v.) og Trygve Wyller er ueinige i om sentra for framifrå forsking tar pengar frå resten av UiO-budsjettet. 

Foto: Ola Sæther

120 av dei 6000 tilsette og dei 28 000 studentane ved Universitetet i Oslo kom, då dei to rektorkandidatane Trygve Wyller og Ole Petter Ottersen møtte kvarandre i verbal duell for andre gong måndag 9. mars. Informasjonsavdelinga hadde invitert begge til å svara debattleiar Marina Tofting på kva det vil seia å vera ein tydeleg rektor. Om dei fekk svar på det, er eit anna spørsmål, men i alle fall var frontane denne gongen mykje hardare enn den første gongen dei møtte kvarandre.
 

– Rosemåling

Medisinprofessor Ole Petter Ottersen fekk ordet først og viste til utsegnene til Trygve Wyller i Søndagsavisa i NRK Radio dagen før.

– Der gjekk han langt i å imøtekoma forskingsminister Tora Aaslands rosemåling av den økonomiske situasjonen til universiteta. Då understreka han at han ville gjera interne omdisponeringar av UiO-budsjettet. Me vil derimot ha auka pengeoverføringar til UiO. Den frie flyten av talent over landegrensene vil gå hardt ut over UiO, dersom dagens ressursar ikkje blir oppretthaldne. Dersom løyvingane skrumpar inn, vil forskinga forvitra, slo han fast, før han understreka:

– Det meste av den gode forskinga ved UiO skjer utanfor sentra. – Vårt team skal vera både demokratisk, tydeleg og synleg, lova han.

Teologidekan Trygve Wyller brukte dei første minutta av innleiinga si til å forklara kva han meinte med ein tydeleg rektor.
– UiOs rektor må vera ein aktør i samfunnsdebatten og ikkje berre delta når han blir spurt om det, men må også ta initiativ til å starta eigne debattar. Rektor må tola å bli imotsagt og koma tilbake i debatten. Han skal ikkje berre synsa, men også fremja argument for den autonome forskinga. På same måte må rektor vera tydeleg internt, peika Wyller på.

-Tenkjepause om Life Science-bygning

– Skiljet mellom oss går ikkje på at eg er for interne omdisponeringar, medan Ottersen heller vil ha auka eksterne overføringar. Derimot meiner eg det er heilt på sin plass med ei intern gransking av i kor stor grad sentra for framifrå forsking er fullfinansierte og kva økonomiske fylgjer ei eventuell oppbygging av det nye senteret for Life Science i Gaustadbekkdalen vil få for Universitetet i Oslo. Etter at regjeringa vedtok å flytta Veterinærhøgskulen til Ås, kjem Universitetsstyrets intensjonsvedtak frå 2007 i eit nytt lys. Det må vera mogleg å ta ein tenkjepause om Life Science-bygningen for eit nytt rektorat, sa Wyller.
 

–Tar mannen i staden for ballen

Debattleiar Tofting lurte på kva Ottersen meinte om dette:

– Kvifor har Wyller brått fått slik interesse for desse sentra? Eg trur det er fordi eg er den kandidaten som kjem frå eit senter for framifrå forsking. Eg synest det blir heilt skeivt å ta desse sentra med i valdebatten, berre fordi eg kjem derifrå. Det blir å ta mannen i staden for ballen, utbraut Ottersen.

- Jantelova

– Mesteparten av ressursane til desse sentra kjem frå Forskingsrådet, og mindre enn 10 prosent av budsjetta kjem frå universitetet. Dessutan er sentra mellombelse, og alle fagmiljø kan higa etter dei og leggja til rette for dei. Skal me ikkje støtta opp om dette og søkja om å få fleire slike senter? Om UiO skal styrast etter Jantelova, vil det bera heilt gale av stad, spådde Ottersen.

Wyller nekta for at han hadde trekt inn sentra i valdebatten på grunn av at motkandidat Ottersen leier eit senter for framifrå forsking.

– Det handlar ikkje om kva bakgrunn han har. Det må gå an å peika på kva konsekvensar manglande fullfinansiering av slike senter fører til, utan at det blir tatt opp som eit åtak på fagmiljøet som Ottersen kjem frå. Mykje tyder på at Forskingsrådet vil gå ut av sentra for framifrå forsking. Dermed kan me risikera at universitetet må auka løyvingane til desse sentra, sa han.

Ottersen syntest ikkje det var så opplagt.

– Det er eit hypotetisk spørsmål, som eg ikkje har tatt stilling til. Det er heilt uklart om og når det vil skje.

Men Wyller gav seg ikkje så lett.
– Eg meiner veljarane har krav på eit klart svar.

– Men vil ikkje du at fagmiljøa skal søkja om å få bli eit senter for framifrå forsking, Wyller? spurde Tofting.

– Jau, heilt klart. Men me må likevel ta stilling til kva som kan gjerast for å få fullfinansiering.

– Korleis skal du klara å omdisponera utan at forskinga vil lida? spurde Ottersen.

- Vil gi pengar til Småforsk

– Etter at UiO har fordelt universitetsbudsjettet til fakulteta og dei andre einingane, er det alltid ein god slump pengar igjen. Desse pengane vil eg gi til Småforsk (ei ordning som skal gi UiOs forskarar meir armslag gjennom auka driftsmidlar.Red.merknad) og så vil eg bruka pengane til å styrkja oppfylginga av studentane. I dag er problemet at UiO ikkje får nok driftsstøtte til kvar forskar.

– Kva argument vil de gi til forskingsminister Tora Aasland når ho skal kjempa for få meir pengar til universitetssektoren på budsjettkonferansen til regjeringa på Thorbjørnsrud?

– Før det møtet ville eg ha tatt eit møte med Kunnskapsdepartementet for å presentera gode argument for å finansiera forsking og høgare utdanning. Om eg blir vald til rektor, vil Ottersen få spela ei viktig rolle som rådgjevar for å få opp forskingsløyvingane, lova Wyller.

– Kunnskapsdepartementet treng gode argument i kroner og øre. Kvart år eksporterer Noreg 1 milliard forskingskroner til Brussel. Viss ikkje finansieringa av forskinga blir styrkt, vil Noreg få mindre og mindre igjen av desse pengane, meinte Ottersen.

Med i Facebook

Begge appellerte også til studentane og ville ha kontakt med  dei både med og utan verv, om dei blei valde til rektor.

– Me vil heller leggja vekt på kvalitet for dei studentane som er innanfor enn å sleppa fleire studentar inn. Nøgde studentar er dei beste ambassadørane UiO kan ha, sa Ottersen.

– Personleg har eg gjort det harde valet å melda meg inn i Facebook for å få betre kontakt med studentar. Eg trur valdeltakinga blant studentane blir høgare enn 5 prosent no, fordi det blir eit elektronisk val, sa Wyller.

Imot akademisk boikott av Israel

Frå salen fekk dei to kandidatane spørsmål om dei ville gå inn for akademisk boikott av Israel, og om dei ville gjera noko med vektinga av stemmer som gjer at dei vitskaplege tilsette sine stemmer til saman er verdt 58 prosent av stemmetalet, medan studentane sine stemmer tel 25 prosent og dei teknisk/administrative sine stemmer tel 17 prosent.

Begge var klare motstandarar av ein akademisk boikott av Israel, og dei lova også å sjå nærare på systemet med ulik vekting av dei tre gruppene sine stemmer.

– Me vil gjerne at ting som kan vera med på å splitta teknisk/administrative tilsette og vitskaplege tilsette, skal diskuterast, sa Ottersen. – Eg vil også ta dette opp og diskutera om dette er eit godt uttrykk for respekt for dei ulike gruppene på universitetet, uttalte Wyller.
 



 




 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 10. mars 2009 18:16 - Sist endret 11. mars 2009 12:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere