Wyller: - Ein stor dag for universitetsdemokratiet

Rektorkandidat Trygve Wyller stemte på Frederikke to timar etter at det elektroniske rektorvalet var sett i gang. Saman med prorektorkandidat Guro Valen og viserektorkandidat Arne Bugge Amundsen, organiserte han ein frukost for alle valmedarbeidarane sine. – Dette er ein stor dag for universitetsdemokratiet og for vårt alternativ som står for å skapa begeistring i breidda, sa Wyller.  

STEMMER: Rektorkandidat Trygve Wyller stemmer, medan prorektorkandidat Guro Valen og viserektorkandidat Arne Bugge Amundsen applauderer.

Foto: Ola Sæther

– Det er ein stor dag for alle tilhengjarane våre som har jobba utruleg bra. Om vårt rektorlag vinn, lovar me satsing på studentoppfylginga, slo han fast.

Wyller meinte også at det var viktig å få Universitetet i Oslo ut i samfunnet. – For å få det til, er det viktig å skapa begeistring i breidda. På den måten kan samfunnet få tillit til UiO, og me kan få dei midlane me treng. Det får me ikkje om me driv med svartmåling av universitetet, var han viss på.

– Ei demokratisk handling

Rektorkandidat Trygve Wyller meinte også det var viktig at pressa var til stades, då han røysta.

– Det er ei demokratisk handling og inga privatsak. At pressa er interessert i det, er sjølvsagt heilt i orden. Når pressa viser fram ei slik offentleg haldning, er det eit prov på at universitetet finst i verda og ikkje berre på Frederikke. Utan dekninga av rektorvalet i Universitas, Uniforum, Aftenposten og NRK, ville ikkje rektorvalkampen ta slik av som den har gjort, peika han på.

Samtidig var han opptatt av å trekkja fram rolla til Studentparlamentet.

– Dei har gått i brodden for å arrangera valmøte på alle fakultet ved UiO. Det har vore utruleg bra, slo han fast.

– Viktig at interessa held seg

For han var det viktig at det blei skapt mest mogleg blest rundt rektorvalet.

– Universitetsdemokrati føreset deltaking. Difor er det viktig at interessa held seg alle dei fire dagane folk kan røysta, understreka Wyller, som gjerne fortel utanlandske kollegaer korleis rektorvalet går føre seg på UiO.

– Dei held på å besvima når eg fortel at alle dei 33 000 studentane og dei 6000 tilsette kan stemma i valet. Ved mange utanlandske universitet er det ofte ein komité på 10 til 100 medlemar som set seg saman for å velja ein av dei fremste professorane til rektor.

– Korleis synest du valkampen har vore?

– Den har vore hektisk, og lang nok til at ulikskapane mellom oss har kome fram. Eg vil takka Ole Petter Ottersen og hans rektorlag for ein tøff, men fair valkamp.

Møte med Ottersen

Uansett om han eller Ottersen blir vald til rektor, trur han det blir naudsynt med eit møte mellom dei dagen etter at rektorvalet er over.

– Me bør ta eit møte slik at me kan halda fram med eit profesjonelt forhold til kvarandre anten eg blir vald til rektor og Ottersen og hans rektorlag held fram som forskarar, eller om Ottersen vinn valet, og eg held fram som dekan ved Det teologiske fakultetet.

Dagen etter rektorvalet skal han i alle fall dra på ein lengre tur for å slappa ordenteleg av.

– Under rektorvalkampen har eg prøvd å lufta meg saman med kona mi kvar kveld, men dei siste dagane har eg måtte droppa desse lufteturane, avslørte Wyller.
 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2009 17:12 - Sist endra 30. mars 2009 20:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere