Det første elektroniske rektorvalet

Den som blir vald til rektor for Universitetet i Oslo vil sitja i rektorstolen frå 1. august 2009 til 1. august 2013. Rektorkandidatane er Ole Petter Ottersen og Trygve E. Wyller. Valet startar måndag 30. mars kl. 0800 og blir avslutta 2. april 2009 kl. 1600. Og for første gong vil det bli eit elektronisk rektorval.  

STEM PÅ EIN AV DEI: Frå og med måndag 30. mars klokka 08.00 til og med torsdag 2. april kl. 16.00 kan du stemma for at Ole Petter Ottersen eller Trygve Wyller skal bli UiOs neste rektor.

Foto: Ola Sæther

Det finst tilsette på UiO som ikkje brukar PC i det daglege arbeidet sitt. Sekretær for valstyret, Bjørnar Sarnes, lovar at det ikkje skal bli noko problem for dei å delta i valet.

– Dei tilsette som ikkje har brukarnamn og passord, blir bedne om å kontakta leiaren sin eller den lokale IT-kontakten sin for å få oppretta dette. Dei som ikkje har tilgang til PC for å delta, kan bruka PC i rom 631 i 6. etasje i Administrasjonsbygningen, i kontortida frå kl. 0800 til 1545. Dei som ynskjer å levera papirstemme kan gjera dette ved venda seg til den same staden innanfor det samme tidspunktet, opplyser Sarnes.
 

Ein valmanual

Både val av rektor/ prorektor og andre val til Universitetsstyret vil gå føre seg ved elektronisk stemmegjeving i 2009. Reint konkret skal det skje på denne måten:

Felles samankomst for rektorkandidatane:

Universitetsdirektøren inviterer rektorkandidatane og andre spesielt inviterte til ein felles samankomst i Klubben og personalkantina i Georg Sverdrups hus torsdag 2. april kl. 15.30. Resultatet av rektorvalet blir gjort kjent av valstyret ei stund etter at fristen for å stemma er gått ut kl. 16.00. Uniforum kom i skade for å skriva at samankomsten var for alle interesserte, men den er for dei som har fått ein eigen invitasjon, og for begge rektorkandidatane med laga sine. 

 

 

 

• Etter at du har logga deg inn på den elektroniske valportalen via denne nettsida møter du ei nettside med ei liste over aktuelle val.

• Dette er val der du er oppført i manntallet og der du ikkje allereie har stemt.

• Etter at du har markert eit val, kan du anten trykkja på knappen "Vis info" eller "Velg". I sistnemnde tilfelle vil du begynna å stemma. Du kan avbryta denne prosessen heilt fram til den er slutt.

• Etter å ha stemt, kan du også ombestemma deg, så lenge valet er ope. For å gjera det siste brukar du lista over "Åpne valg". Du kan då stemma om igjen.Viss du gjer dette, blir den tidlegare stemma di forkasta når du leverer ei ny stemme.

• Knappen "Andre valg" er val der du ikkje står i manntalet, men der du meiner dette er feil. Stemma vil då bli send over til valstyret som godkjenner eller forkastar stemma.. Valstyret vil ikkje kunna sjå kva du har stemt.

• Etter innlogging vil du ha tjue minutt på å stemma. Ei brukarrettleiing finst på denne nettsida:

Om du har behov for assistanse eller ynskjer svar på noko om den elektroniske valordninga, kan du senda ein e-post til evalg-drift@usit.uio.no 

 

Emneord: Rektorvalget 2009 Av Martin Toft
Publisert 27. mars 2009 16:21 - Sist endra 27. mars 2009 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere