Fritt fram for elektroniske publikasjonar

No er det oppretta ein eigen nettportal for elektroniske publikasjonar frå Universitetet i Oslo. Den ber namnet www.journals.uio.no. – Det einaste kravet me stiller, er at artiklane er fagfellevurderte og at publikasjonane kjem ut med jamne mellomrom, seier hovudbibliotekar Stine Marie Barsjø ved UB og overingeniør Morten Erlandsen ved USIT.

NYTT TILBOD: Hovudbibliotekar Stine Marie Barsjø ved UB og overingeniør Morten Erlandsen ved USIT inviterer alle interesserte til å bruka den nye nettportalen FRITT Frie tidsskrifter fra UiO.

Foto: Martin Toft

Etter at Universitetsbiblioteket og USIT har etablert nettportalen FRITT Frie tidsskrifter fra UiO, er det fritt fram for alle som har planar om å starta ein elektronisk publikasjon på UiO.
– Planen om å få til ein felles portal for alle elektroniske tidsskrifter ved UiO, kom for alvor i gang etter at språkforskarane Dag Haug og Atle Grønn fekk ideen til den elektroniske bokserien Oslo Studies of Language (OSLA). Me hadde hatt planar om det lenge, men då fekk me endeleg ut fingeren, fortel Barsjø og Erlandsen. Frå før finst det også eit anna elektronisk tidsskrift ved UiO. Det er Acta Didactica, som blir gitt ut av universitetslektor Karl Henrik Flyum og andre fagfeller ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.
– Sidan USIT og UB har jobba saman om digitale utgjevingar ved UiO (DUO), var det naturleg for oss å samarbeida også når det galdt å laga ein eigen nettportal for elektroniske publikasjonar, fortel Erlandsen.

Alle fagmiljø får tilbodet
 

Dei er opptekne av at dette er eit tilbod til alle fagmiljø ved UiO.
– Alle forskarar som går svangre med planar om å laga ein elektronisk publikasjon som skal vera fritt tilgjengeleg og gratis for alle brukarar, kan ta kontakt med oss for å få hjelp til den tekniske tilrettelegginga. Men dei må sjølvsagt på eiga hand danna ein eigen redaksjon og få eit nettverk av fagfellar som kan vurdera kvar artikkel. Det er også ein stor fordel om publikasjonen kjem ut med fleire nummer i året, meiner dei. Web-applikasjonen er enkel å forstå og vil gjera det mogleg for alle dei involverte å arbeida på den same nettsida.
– Både forfattarar, redaktørar og dei som driv med fagfellevurdering kan gå inn på den same nettsida og gjera rettingar og godkjenningar eller forkasta ein artikkel. Dei treng altså ikkje driva å senda brev eller e-post til kvarandre, forklarar dei. No ventar dei at folk tar kontakt.
– Dette er også eit tilbod til eksisterande vitskaplege tidsskrift som i dag berre blir gitt ut i papirform, men som også ynskjer å gi publikasjonen ut elektronisk. Tidsskrifta må dessutan ha ein kvalitet som gjer at dei kjem inn på nivå 1 i teljekantsystemet, seier Stine Marie Barsjø. Dei som treng meir informasjon kan kontakta dei på fritt-info@journals.uio.no


 

Emneord: Forskningsformidling, Universitetsbiblioteket Av Martin Toft
Publisert 20. jan. 2009 10:17 - Sist endra 20. jan. 2009 10:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere